Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
For nokre barn og unge kan jula vere ei vanskeleg tid. Treng du nokon å snakke med, kan du kontakte alarmtelefonen for barn og unge på nummer 116 111 eller på chat: www.116111.no [116111.no]. Alle førespurnader blir svart på av vaksne som har lang erfaring med å hjelpe. \n \nHelsenorge.no har også ei fin oversikt over telefonnummer ein kan ringe for hjelp eller for å ha nokon å prate med. Sjå lenke i bio.\n \nHugs også at du alltid skal ringe 113 ved akutt fare for sjølvmord eller sjølvskading. Ring heller ein gong for mykje enn ein gong for lite.\n \nTa vare på kvarandre i jula ❤

Postet:
2023-12-25 10:28:51