Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
«Alle skal trygt heim» har lenge vore eit mantra for ein trygg arbeidsplass - både på land og til havs. Men det er kanskje få stader som har sett slik endring som norsk sokkel.\n\nDå funnet vart meldt på vesle julaftan i 1969, vart det startskotet for ei næring som har teke fleire store tak av omsyn til tryggleiken. Det arbeidet skal halda også fram dei neste 50 åra.\n\nI sommar overtok Olje- og energidepartementet ansvaret for tryggleiken på norsk sokkel. Med det skal heilskapen i tryggingsbiletet løftast endå høgare.

Postet:
2023-12-23 16:30:07