Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SV

Innlegg:
Måndag denne veka var det full sal på Stortinget. Alle representantane møtte til avstemminga, fordi ei alvorleg sak skulle avgjerast: Skal regjeringa få utvida fullmakter i tilfelle ein ny pandemi?\n\nJa, meinte Ap, H og Sp. Resten av representantane stemte nei, men dei tre partia har dessverre fleirtal. \n\nEg lærte på skulen at maktfordeling er sentralt i eit demokrati. Men nå har Stortinget avgjort å flytta makt frå seg sjølv, og gitt regjeringa lov til å setta i verk inngripande tiltak utan å involvera den lovgivande, folkevalde forsamlinga. Maktfordelinga er endra i feil retning.\n\nSærleg i ei tid der demokratiet er under press frå autoritære krefter er det ein farleg veg å gå. Me må ikkje tru at me i Noreg er immune mot diktatur. I staden må me auka og styrka demokratiet. Kvar dag.

Postet:
2023-12-20 15:05:35

Delt innhold: