Innlegg:
Tusen takk for alle gode samtalar og innspel gjennom året som har gått. 🤩❤️ Saman skal vi stå på vidare for å utvikle heile Noreg! 💪🍀🇳🇴\n\nMange opplever krevjande og usikre tider. I slike tider er det ekstra viktig å sjå behova og utfordringane til folk i bygd og by i heile Noreg. Det er i møte mellom menneske vi skapar forståing for kvarandre og legg grunnlaget for gode løysingar for framtida.\n\nGjennom mitt arbeid i regjering og Storting har eg fått den store ære og glede å møte både dykk og mange andre på dykkar heimebane i svært mange lokalsamfunn i Noreg. \n\nNedanfor følger nokre glimt frå møter og reiser i året som har gått. Det har vore utallig fleire enn dei eg får med her. Alle har vore verdifulle og inspirerande på kvar sine vis.\n\nEg har fått betre innsikt og innblikk i dykkar kvardag og dykkar utfordringar. Eg har fått høyre dykkar tankar om kva som skal til for å gjere kvardagen litt betre og for å skape ny vekst og sterkare utvikling i dykkar lokalsamfunn. Det har vore mykje alvor, men også mykje latter og glede og ikkje minst brennande engasjement og framtidstru. Mykje av det dykk har bidratt med vil de finne spor av i distriktsmeldinga, levekårsmeldinga, budsjett og andre saker som Senterpartiet jobbar med i regjering og Storting. \n\nNo håpar eg dykk alle får nokre rolege og fine dagar saman med gode folk rundt dykk. 🎄🥰Så sjåast og pratast vi - saman skal vi gjere 2024 til eit godt år! 🤩
Postet:
2023-12-21 15:24:47