Innlegg:
Japanarar er svært glade i norsk fisk, og nesten halvparten av all fisken Noreg eksporterer går til Japan. I fjor selde vi over 100 000 tonn norsk sjømat til Japan. Norsk laks har vore populært lenge, men no har folk i Japan også fått auga opp for den norske makrellen. Då statsminister Jonas Gahr Støre og næringsminister Jan Christian Vestre var i Tokyo, var dei på ein av verdas største fiskemarknadar og møtte japanske forbrukarar som fekk smake norsk makrell.\n\n– I Japan er det mange som er glade i fisk, og dei er opptekne av kvalitet. Det er flott å sjå at god norsk fisk av beste kvalitet kjem heilt fram til det japanske marknaden. Norsk laks og makrell er godt synleg i frysediskane her, og finn vegen til dei aller beste restaurantane. Det gjer meg stolt, seier statsminister @jonasgahrs
Postet:
2023-12-20 13:00:22