Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Råg, sambuaren min, gjekk brått frå sprek til alvorleg sjuk tidleg tysdag morgon. Det vart luftambulanse til St. Olavs hospital etter eit kraftig og langvarig illebefinnande. Der fann dei ein hjernesvulst som forklarer anfalla. \n\nNår kroppen har fått kome seg etter den enorme påkjenninga, blir det operasjon etter jul. Veldig skummelt for oss begge sjølvsagt, sidan vi ikkje veit korleis dette går før operasjonen er overstått og svara på biopsien kjem to veker etter denne. \n\nEg er pessimist av natur, så eg klarer ikkje å seie til meg sjølv at «dette går sikkert bra». Men «dette kan gå bra» er noko å halde seg til i påvente av alt som skal skje. \n\nEg håpar å få han heim i løpet av neste veke og at vi får ei fin jul saman før alt som skal skje på nyåret.

Postet:
2023-12-17 12:01:47

Delt innhold: