Person / Aktør:
Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet

Innlegg:
Ein kjempe takkar av. 🚁\n\nEtter 50 år med redningsoppdrag – på hav og land i heile vårt enorme redningsansvarsområde, og ikkje sjeldan over grensene til nabolanda våre, – har Sea King-helikoptera gjennom nesten 50 tusen oppdrag hjelpt omtrent like mange menneske i naud. No har dei trufaste maskinane fortent trådd inn i pensjonisttilværet. \n \nPå måndag landa dei for siste gong på Rygge flystasjon. Det markerte òg at dei nye SAR Queen-redningshelikoptera no har teke over beredskapen på alle dei fem basane der Luftforsvarets 330-skvadron for tida opererer redningshelikoptertenesta. \n \n– Eg vil gjerne nytte denne anledninga til å takke alle som har vore involvert i å halde denne svært viktige delen av den norske redningstenesta operativ alle desse åra – og eg vil gjerne takke alle som har vore involvert i å gjere SAR Queen klar for oppgåvene sine her i dag, sa statssekretær John-Erik Vika som var til stades under markeringa.\n \nDei nye SAR Queen-helikoptera kan fly lenger, fortare og har betre evne til å operere i dårlege vêrforhold. Det vil gjere det mogeleg å redde folk raskare og gje dei raskare helsehjelp på sjukehus. SAR Queen har allereie vist seg som ein stor ressurs for den norske redningstenesta og har allereie gjennomført nesten 2500 redningsoppdrag. SAR Queen vil betre beredskapen i heile landet. \n \nRedningshelikoptertenesta er ein stor og viktig del av den norske redningstenesta. Sidan den vert etablert i 1969 har helikoptertenesta både hjelpt og redda eit utal menneske i naud. Sidan 1973 er det Luftforsvaret som har vore hovudoperatøren av redningshelikoptertenestas Sea King-flåte. Sea King har operert frå baser på Banak, Bodø, Ørland, Florø, Sola, Rygge, og i tidleg periode på Vigra. \n \n📖 No er eit 50 år gamalt kapittel i den norske redningstenestehistoria lukka – og eit nytt begynt. \n\nAlle foto: Forsvaret

Postet:
2023-12-15 13:16:16

Delt innhold:
Justis- og beredskapsdepartementet (Norge)-এর পোস্ট করা ফটো