Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Heim til helg med DY 546 OSL-SVG kl. 19.10. \n\nDet har vore ei veke med heilt i overkant mykje inntrykk. Eg trur faktisk det å vera landbruks- og matminister er verdas beste jobb. \n\nPå måndag var eg i Madlaleiren og markerte at Forsvaret tar tilbake reinhaldet til seg sjølv. Dei tilsette skal sleppe å vera på anbod - me bygger eit lag. Gode samtaler om mat og beredskap var det og. \n\nPå kvelden var eg på 2 års markering for Jerseymeieriet utanfor Bryne og seinare på grøtfest med Jæren Senterungdom. \n\nTysdag var det fyrste fly til Oslo. Alt for tidleg. Hadde besøk av ei gruppe rådgjevarar frå Senterpartiet på kontoret og møtte og ei gruppe unge samiske vegvisarar. \n\nMe gjorde kjent avgjerda at det vil verte noko reduksjon i støtta til dei ulike meieria som konkurrerer mot Tine. Eg forstår at det ikkje er kjekt for industribedrifter når støtta vert redusert, men me beheldt 75 % av støtta. Slikt vert det debatt i Dagsnytt 18 på NRK av. \n\nPå kvelden var det julebord i ei avdeling i departementet. \n\nOnsdag var ein heilt spesiell dag. Som vanleg møter i Stortinget med våre folk i næringskomiteen og stortingsgruppa. \n\nPå formiddagen hadde eg besøk på kontoret av Lindis Hetland som me tidlegare hadde omgjort vedtaket i pelsdyrsaka for. Det var eit fint besøk. \n\nNIBIO var og i departementet og presenterte utviklinga i jordbruket i 2022. Den viste ei utvikling i inntekta i snitt på 22 %. Kombinasjonen god jordbrukspolitikk, straumstøtte og gode avlinger er bra for bøndene. \n\nPå ettermiddagen var eg i stortingssalen då Ukrainas president Zelenskyjs talte. Sist noko slikt skjedde i Stortinget var då Churchill talte. Var ei sterk oppleving og det som gjorde dagen heilt spesiell om nokon lurer. \n\nKontrasten var stor til Senterpartiet sitt julebord på kvelden. Her var mi oppgåve å halde det tradisjonsrike «julespelet». Ei slags politisk røverhistorie som ble godt tatt i mot. Stor stemning og humør. \n\nTorsdagen gjekk med til interne møter og til regjeringskonferanse. Mykje saker no før jul. Eg var og ein tur på Bondens Marked for å kjøpe julegåve til statsministeren.\n\nPå kvelden var det julebord i ei avdeling i departementet. \n\nFredag hadde eg møte med norsk fjellstyresamband. Paraplyorganisasjonen til fjellstyra som styrer den delen av Norge me alle eig i lag. Meir pengar til drifta si fekk dei og under møtet. \n\nEtter dette var det statsråd og julelunsj på slottet. Det vart tid til forretten for min del før det måtte hastes til stortinget og debatt om næringskomiteen sitt statsbudsjett. Rolig debatt med veldig lite trøkk frå opposisjonen. \n\nTil slutt var det ein kjapp tur innom julebord i ei avdeling i departementet. (ja de fordeler julebordet på 4 dager i LMD) Her vart det gjensyn med «statsbyråkratane Helg og Haugen» - veldig artig. \n\nDet skal bli bra med helg nå!

Postet:
2023-12-15 19:59:57

Delt innhold:
Photos from Geir Pollestad - Senterpartiet's post