Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
No kan 18-åringar som er unnfanga med donorsæd på ein klinikk i Noreg få vite identiteten til donor.\n \nFrå 2005 var det ikkje lengre lov å bruke anonyme donorar. Det er etablert eit nasjonalt egg- og sæddonorregister der opplysningar om donorane, mor, og dato for den assisterte befruktinga blir registrert.\n \nFrå dette registeret, via Helsenorge.no, kan barnet få informasjon om donor sin identitet når det har fylt 18 år.\n \n– Eg er glad for at det no finst ei digital løysing som skal gjere det enkelt for barn å få vite identiteten til sin donor.\n \nDet sa helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol då ho lanserte donorregisteret på Rikshospitalet.

Postet:
2023-12-14 17:41:48