Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
658 dagar med fullskala krig. Titusenvis av tapte liv. Enorme landområde okkupert.\n\nPresident Zelenskyj var ikkje i Stortinget i dag på «høflighetsvisitt». Han var her fordi han og hans folk ikkje berre kjempar Ukraina sin kamp, men kjempar for vår og Europa sin fridom.\n\nOg fordi at akkurat no forsyner verdas diktatur Russland med meir våpen og støtte, enn verdas demokrati forsyner Ukraina.\n\nSlik kan det ikkje halde fram. Ukraina må vinne. Og sjølv om vi gjer mykje allereie, må vi alle gjere meir. Ikkje minst Noreg, med vår enorme oljerikdom som no dag for dag blir endå større på grunn av eit Europa i krig med høgare prisar på olje og gass.\n\nVenstre foreslår i dag ein ekstra støttepakke til Ukraina på 9 milliardar kroner. Til våpen og anna militært utstyr – og til å halde den ukrainske staten oppe.\n\nEg håpar og trur heile det politiske Noreg i dagane som no kjem, vil gjere det dei kan for å hjelpe Ukraina meir. Vi er ein sårbar gjeng, vi som trur på og kjempar for demokratiet – mot diktaturet.\n\nDifor må vi stå saman – og hjelpe kvarandre når det brenn. Som Zelenskyj sa i sin sterke og historiske tale til Stortinget i dag om Ukraina sin motstand mot den russiske krigsmaskina dei kritiske invasjonsdagane i februar 2022: «We were not many. But we were enough.»\n\nVi ER nok. Om vi står saman.\n\nSlava Ukraina.

Postet:
2023-12-13 17:37:49

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post