Beta
Søket ga 1445 treff.
Sveinung Rotevatn
2023-09-10 18:57:57

@ArveAnd @Venstre @gurimelby Venstre er mot det både i Bergen og Oslo. Men i Bergen har vi samarbeida med Ap i byråd, og dette var eit av gjennomslaga dei fekk. Og så har vi heldigvis fått mykje anna fornuftig og liberal politikk i byte.

Sveinung Rotevatn
2023-09-10 18:01:28

@Mcheitiheitison Den fører folk ut i varig utanforskap, og har gitt oss verdas høgaste sjukefråver. Du kan lese meir om modellen vår her: https://t.co/ccFdRhfy5V

Sveinung Rotevatn
2023-09-10 17:41:21

@Mcheitiheitison Vi er for å reformere sjukelønsordninga.

Sveinung Rotevatn
2023-09-10 17:40:45

@jymbre Hmm, ja, du har kanskje rett. Eg har jo ei dialekt med mykje hokjønnsord. Det tok til dømes lang tid før eg slutta å skrive "kommuna".

Sveinung Rotevatn
2023-09-10 17:04:06

@OleNeikopp Haha, det må du nesten spørje Lunner Venstre om.

Sveinung Rotevatn
2023-09-10 17:02:30

@budweisa Nei.

Sveinung Rotevatn
2023-09-10 17:02:21

@keyztone Fordi fleirtalet på landsmøtet har stemt ned forslag om dette. Argumentet har vore at helsepersonell ikkje bør ha til oppgåve å avslutte liv, og mange er uroa for utglidingseffekten. Eg personleg er for å tillate aktiv dødshjelp, og det er også ein god del andre i partiet.

Sveinung Rotevatn
2023-09-10 16:45:15

Då var den siste brosjyra delt ut, og valdagen kan berre kome. Vurderer du Venstre som eit alternativ? Still meg gjerne spørsmål her, eller send ei melding, så skal eg svare så godt eg kan. Godt val!

Sveinung Rotevatn
2023-09-10 11:45:48

@mimirk @gurimelby @faktisk_no Ingen kommentar, @mimirk?

Sveinung Rotevatn
2023-09-10 11:44:50

@eivindtraedal No er det vel ansvarleg redaktør som står ansvarleg for leiaren. Kven som har skrive den veit verken eg eller du. Og eg kan aldri hugse at ei avis har skrive fotnotar om kven ulike medarbeidarar har relasjonar til under ein usignert leiarartikkel.

Sveinung Rotevatn
2023-09-10 11:33:01

@eivindtraedal https://t.co/ElyYx5NjLl

Sveinung Rotevatn
2023-09-09 12:02:40

@kiheger @Aftenposten @Venstre Oslo vart vel ein veldig mykje trivelegare by i åra før 2015 også…? Med Bjørvika-utbygginga, jamnt betre kollektivtilbod, betre skuleresultat etc (drive fram av Venstre liksom). Det går jo an å meine at samfunnet heldigvis går framover, og at det likevel er behov for nye kostar.

Sveinung Rotevatn
2023-09-09 11:30:10

@eivindtraedal @forsberg Dei vantru dyrkar framleis avgudar! Lat Herren vår, Gud, reinse dei frå syndene sine og finne vegen tilbake til Han.

Sveinung Rotevatn
2023-09-08 23:00:46

God leiar i Aftenposten laurdag. Stem Venstre, folkens! https://t.co/fBBBgj2WBq

Sveinung Rotevatn
2023-09-08 17:35:00

@mimirk @gurimelby Det er ganske drøyt å skulde ein annan stortingsrepresentant for å lyge. Særleg når ho … snakka heilt sant. Reknar med du går tilbake på dette, no når @faktisk_no har sjekka påstanden? https://t.co/FB6142JqNK https://t.co/cEwrVg1dLT

Sveinung Rotevatn
2023-09-07 09:20:56

Gøy reportasje frå @snorrevalen! https://t.co/0RXMJwntao

Sveinung Rotevatn
2023-09-06 22:20:02

@Torkil Haha, stemmer det. Jaja, debatt og debatt.

Sveinung Rotevatn
2023-09-06 22:19:34

Noreg må vere det einaste landet i Europa der eit lite, teknokratisk byrå i Ljubljana (ACER) blir gjenstand for diskusjon i ein nasjonal partileiardebatt.

Sveinung Rotevatn
2023-09-06 22:11:18

Tenk at dette er den første klimadebatten i valkampen. #tv2nyheter

Sveinung Rotevatn
2023-09-06 18:54:13

Det gjer vi 💪🏻

Laster...
Laster...