Takk for mange hyggjelege bursdagshelsingar! Henda i været for 15. mai! Hopp opp og ned for 15. mai! 🕺🏼
Den siste tida har mange meldt inn at dei finn daude ærfuglar langs kysten i Ytre Oslofjord. Det blir stilt spørsmål ved kva som er årsaka, og fleire er uroa over kva konsekvensar dette kan få for årets hekkesesong og for ærfuglbestanden meir generelt. I dag var eg saman med Statens Naturoppsyn (SNO) i Ytre Hvaler Nasjonalpark for å sjå på situasjonen. Vi fann fleire daude fugl, og SNO kan stadfeste at tala for i år er uvanleg høge. Vi har no flytta på pengar, slik at Miljødirektoratet kan prioritere situasjonen og kome til bunns i kva dette skuldast. Førebelse...
I dag går fristen ut for å søkje om studieplass på universitet, høgskule eller fagskule til hausten. Koronasituasjonen gjer kanskje at mange kjenner seg utrygge på korleis framtida blir. Men kvardagen kjem tilbake, og dersom du ønsker å studere til hausten er det ingen grunn til å setje livet på vent. Søk utdanning i år. På biletet er eg på plass på Nygårdshøyden i Bergen hausten 2007, klar for å starte på masterprogrammet i rettsvitskap. Med tanke på den pågåande frisørsituasjonen i landet vurderer eg sterkt å finne fram klippemaskina igjen.
I Garden hadde vi ein enkel måte å måle opp avstand på når vi marsjerte i brei formasjon. På tide å finne fram gamle kunstnar. Dra gjerne ut på tur i påska, folkens! Hytta er stengt, men naturen er framleis open. Sjølv om høgfjellet freistar, er det mange fine naturopplevingar også i ditt eige nærområde. Gå gjerne ein tur der du ikkje har gått før. Ta med ein ven eller fire - men pass på å halde trygg avstand til andre. God tur! Helsing friluftlivsministeren, DNT og Norsk Friluftsliv 🙂
Det var ei kjekk og nyttig jobbreise til Brussel førre veke. Ikkje like kjekt eller nyttig å ende opp i karantene på grunn av den. Men med ved i kjellaren, fiskepinnar i fryseboksen og Internett i ruteren skal det vel gå på eit vis. Håpar alle følgjer styresmaktene sine råd i desse dagar. No treng vi ein ordentleg dugnad for å bremse koronaviruset og skjerme dei blant oss som er mest utsatt.
Gratulerer med dagen, damer! Noreg er blant verdas mest likestilte land, men det er framleis mange slag å kjempe. Difor er 8. mars viktig. Eg gjekk i tog i Oslo i dag, saman med Venstre og Unge Venstre. Og med likestillingsminister Abid Raja, så klart. 📷: Baard Salvesen & meg sjølv.
Ein lang møtedag i EU-institusjonane er over. På tampen av dagen fekk eg beskjed om at valkomiteen har innstilt meg som første nestleiar i Venstre. Det var såpass stas at eg måtte feire med ein belgisk øl saman med lokallaget vårt: Brussel Venstre. Eg håpar landsmøtet vil støtte meg, og er klar til innsats for partiet!
Dyrevernorganisasjonen Noah (@dyrsrettigheter) fyller 30 år i år. Takk for invitasjon til feiringa, Siri, og for den viktige jobben de gjer!