Beta
Søket ga 139 treff.
Ingrid Fiskaa
2022-01-11 22:58:05

@runeslettbakk @MadsOpheim Statsforvaltar-embetet hadde stått seg betre om ein fann andre enn statsrådar og stortingsrepresentantar til jobben. Så er det ein viktig forskjell på om regjeringa utnemner sine eigne eller ikkje. Og ikkje minst: om dei framleis er medlemmer av regjeringa når det skjer.

Ingrid Fiskaa
2022-01-11 22:22:20

La oss seia at dette skjedde i utlandet ein stad: Regjeringa utnemner forgjengaren til den sittande statsministeren - både som partileiar og statsminister - som sentralbanksjef. Dei to er gode venner og politisk allierte.\n\nKva ville me kalt det då?

Ingrid Fiskaa
2022-01-10 07:19:40

@trondbirkedal Straum, vatn og avløp er infrastruktur og bør verken privatiserast eller vera ei vare på ein marknad. Mat er så mykje forskjellig at det er ein heilt annan diskusjon.

Ingrid Fiskaa
2022-01-08 17:56:24

@trondbirkedal Bør vatn vera ei handelsvare?

Ingrid Fiskaa
2022-01-08 17:41:41

Bra at regjeringa vil auka straumstøtta. Men til sjuande og sist kan dei ikkje kjøpa seg ut av denne krisa. \n\nMe må ta politisk, demokratisk kontroll over krafta. Straum skal ikkje vera ei handelsvare, men legga grunnlaget for at Noreg kan vera ein industrinasjon.

Ingrid Fiskaa
2021-12-22 08:42:34

Ja, eg veit at det ikkje var positivt meint. \n\nMen med desse vakre orda seier eg god jul. https://t.co/DNtCEaifvc

Ingrid Fiskaa
2021-12-19 17:04:33

«To år senere kan hun og resten av styret i Vern Kvernaland se tilbake på både seire og nederlag. Men frykten, den er erstattet av noe annet: En vilje til å kjempe.» \n\nStolt av å kjenna deg, Guro.\n\n#vernkvernaland #jordvern #naturvern \nhttps://t.co/sd8Ph1BN0D

Ingrid Fiskaa
2021-12-17 20:53:12

@kjellbjorn Jaudå. Vedtatt i dag: https://t.co/j8hkI1qdm8

Ingrid Fiskaa
2021-12-17 13:58:28

@MacReisende https://t.co/NiCrUloqOm

Ingrid Fiskaa
2021-12-17 12:06:20

@MacReisende Tvert imot. Det er å innføra dei nye nettariffane som skaper kaos. Dei faktiske verknadene er uklare, og folk treng verkeleg ikkje denne usikkerheita på toppen av ekstreme prisar. SV har vore mot endringa heile vegen - ingen "humørsvingningar" her.

Ingrid Fiskaa
2021-12-17 10:09:34

Ser at Energi Norge-sjef Knut Kroepelien utfordrar Stortinget og ikkje vil utsetta den nye nettleigeordninga, slik SV nå har fått regjeringa med på.\n\nDet er eit dristig utspel. Kraftbransjen har allereie for mykje makt. Open strid med Stortinget gjer saka deira endå dårlegare.

Ingrid Fiskaa
2021-12-15 21:18:06

@petterdalen @jaerbladet At ingen har tenkt på dette før 🤔

Ingrid Fiskaa
2021-12-15 20:06:30

Vipa er trua, men heldigvis har me Frp. https://t.co/YV7zDggqG8

Ingrid Fiskaa
2021-12-15 14:11:12

Krisetiltak, permitteringar, utslitne helsearbeidarar og lærarar… Denne pandemien kostar oss dyrt. \n\nKva med å få slutt på pandemien, heller? Noreg kan la vera å hindra fattige land i å produsera og bruka vaksinar, medisinar og testutstyr sjølv. Det er heilt gratis.

Ingrid Fiskaa
2021-12-15 11:06:58

RT @Handelskampanje: Vi er enige med @bmoxnes, @Raudt, @ingridfiskaa og @SVparti i denne saken: Hvis ikke Norge, og resten av medlemslandene i @wto, støtter #TRIPSwaiver fullt ut vil vi se fortsatt spredning av #COVID19, nye mutasjoner og flere liv som går tapt. \n\nhttps://t.co/YcIjL8cjrH

Ingrid Fiskaa
2021-12-13 21:17:03

Straumkrisa har avdekka ein systemfeil. Straum bør ikkje vera ei handelsvare, men reknast som infrastruktur på linje med vatn og avløp. https://t.co/fDVFQVWb80

Ingrid Fiskaa
2021-12-11 17:37:33

@afaeraas Ja. Ein fast/stabil og låg straumpris til eit nøkternt forbruk i heimane. Og til landbruk og industri.

Ingrid Fiskaa
2021-12-11 15:49:30

Regjeringa sitt forslag til hjelp med straumrekninga har den fordelen at det hjelper mange raskt. Men det er ikkje nok. Dei grunnleggande problema med å la straum vera ei handelsvare består. Neste steg må vera politisk, demokratisk kontroll med krafta vår.

Ingrid Fiskaa
2021-12-10 12:33:10

Same dag som to journalistar mottar fredsprisen, blir ein tredje dømt til utlevering og risikerer 175 års fengsel. Det som skulle bli ein god dag for ytringsfridommen, blei til ein svært dårleg dag for ytringsfridommen. #JulianAssange

Ingrid Fiskaa
2021-12-08 17:47:46

RT @IPPNWNorway: Fantastisk at @Arbeiderpartiet, @SVparti og @Senterpartiet bevilger mer penger til nedrustningsarbeidet i innstillingen fra utenriks- og forsvarskomiteen! 👏🤩👏 @AsmundAukrust @AHuitfeldt @ingridfiskaa @AnneBeathe_ Dette er SÅ viktig!!

Laster...
Laster...