Beta
Søket ga 1445 treff.
Sveinung Rotevatn
2023-10-13 09:02:57

Gratulerer så mykje til Terje Aunevik (V) som blir ny lokalstyreleiar i Longyearbyen! https://t.co/L62DKsLj3x

Sveinung Rotevatn
2023-10-13 08:07:37

@Murmtavia @marianorhanoy Vi har ikkje foreslått å auke kompensasjonsgraden for uføretrygd dersom det er det du spør om? Det har vel ikkje så mange andre heller. Men eg meiner at både sosialhjelpssatsar, bustøtte og andre ordningar for dei som har aller minst er verdt å sjå på.

Sveinung Rotevatn
2023-10-12 22:32:34

@marianorhanoy @Murmtavia Dersom ein på grunn av sjukdom ikkje er i stand til å jobbe, skal ein sjølvsagt ha rett til uføretrygd. Og det er absolutt ingenting å sjå ned på.

Sveinung Rotevatn
2023-10-11 10:59:00

“De som har mye penger har forhåpentligvis ikke de på konto, men i fond og aksjer”, seier @mariesneve i spørjetimen. Leiaren i det sosialistiske partiet Raudt oppmodar altså folk til å investere i aksjemarknaden. Og har sjølvsagt heilt rett. Det er eit fint land vi lever i.

Sveinung Rotevatn
2023-10-10 18:29:31

@Aleksanderna Eg trur ein må skilje snørr og bart. Fellesskapen sit igjen med enorme inntekter frå utnyttinga av naturressursen i form av grunnrenteskatt. Føremålet med eigarskapen i Statkraft og andre selskap er ikkje å sanke grunnrente via utbytepolitikk.

Sveinung Rotevatn
2023-10-10 16:56:58

@HakonRoland Dei plasserer jo pengane breidt, målt mot ein referanseindeks, og går ikkje inn med store investeringar i enkeltselskap ut frå ein eller annan fiks idé. Så SPU er ikkje aktiv næringspolitikk, det er langsiktig formuesforvaltning.

Sveinung Rotevatn
2023-10-10 16:11:53

@ThorZm Haha, nei, no trur eg berre det er Ap igjen.

Sveinung Rotevatn
2023-10-10 13:52:16

@Aleksanderna Ei delprivatisering og børsnotering av Statkraft kunne gitt auka verdiskaping for både selskapet og samfunnet - nettopp slik det har gjort for Equinor. Om det ville gitt mindre eller meir statleg utbyte er vanskeleg å vite (og er eit underordna omsyn, i.m.o.).

Sveinung Rotevatn
2023-10-10 13:14:05

Parti på venstresida slenger stadig ut forslag om ein "meir aktiv næringspolitikk" og større statleg eigarskap. Slik som Raudt, som i fjor foreslo at Noreg skulle kjøpe seg opp i SAS. No har vi fasiten på korleis det ville gått: Pengane ville vore tapt. https://t.co/0CPnbw4EaI

Sveinung Rotevatn
2023-10-10 11:53:41

@lektorkindberg Nei. Og der er heller ikkje kortidsfråveret som er det store problemet, det er langtidsfråveret. Venstres forslag gir 100 prosent løn dei første 6 mnd, deretter betinga av gradert sjukemelding. Sjå meir her: https://t.co/ccFdRhfy5V

Sveinung Rotevatn
2023-10-10 06:23:53

Gratulerer så mykje, Svalbard Venstre! \n\nhttps://t.co/qi5CLl83pH

Sveinung Rotevatn
2023-10-09 18:48:07

For alle som vil lære meir om bakgrunnen for tragedien som spelar seg ut i Midtausten no, kan eg varmt tilrå @martehei si bok om Israels historie. https://t.co/C7ulxuNuYN

Sveinung Rotevatn
2023-10-09 14:20:29

@feskehau Programmet opnar for fleire tenkbare modellar. Vi landa eit konkret forslag i budsjettet i fjor.

Sveinung Rotevatn
2023-10-09 11:22:02

@feskehau Eg forstår ikkje kva du meiner. Ein moderat eigendel er jo nettopp det vi foreslår (etter 6 mnd, med mindre ein går over til gradert sjukemelding). I tillegg kjem eit meir langvarig medfinansieringsansvar for arbeidsgjevar.

Sveinung Rotevatn
2023-10-09 10:51:31

@feskehau Eg føresler at du les kva forslaget vårt faktisk er, og ikkje kva du trur det er. Knut Røed sitt forslag er strengt tatt også “kutt i sykelønna”, utan at eg trur det er ein diskurs som fører oss vidare.

Sveinung Rotevatn
2023-10-09 10:42:14

@feskehau Våre foreslåtte reform har jo store likskapar med den Knut Røed her tar til orde for.\nSå eg ser ikkje heilt kvifor dette skulle vere noko motargument mot Venstre sin politikk? https://t.co/Hx5I8ncVWX

Sveinung Rotevatn
2023-10-09 10:22:29

@feskehau Kor er skjermdumpane frå? For øvrig er Venstres forslag til reform langt meir nyansert enn “kutt i sjukeløna”. Det handlar om sterkare incentiv (for både arbeidsgjevar og arbeidstakar) til å bruke gradert sjukemelding. Du kan lese meir her: https://t.co/ccFdRhfy5V

Sveinung Rotevatn
2023-10-09 09:04:47

@krikkert Det står mykje interessant både om det, og om samanlikning med tilstanden i andre land, i rapporten frå sysselsetjingsutvalet si ekspertgruppe: https://t.co/tgCCgOhOv2

Sveinung Rotevatn
2023-10-09 08:05:27

Fint oppspel frå Tonje Brenna i #polkvart. Velferdsstaten skal vere raus, men svekking av arbeidslinja er å gjere folk ei bjørneteneste. Kanskje Ap omsider kan opne opp for å diskuterte sjukelønsordninga som har gitt oss verdas høgaste sjukefråver, og er overmoden for reform?

Sveinung Rotevatn
2023-10-05 21:11:45

@OleNeikopp @IngridWergeland @PederHauge Det vesentlege er å kome heim med pokal frå samlagsmeisterskapen.

Laster...
Laster...