Beta
Søket ga 1445 treff.
Sveinung Rotevatn
2022-01-27 15:25:35

Og for dei som har svart variantar av at dette viser korleis "systemet" styrer seg sjølv: Nei, det gjer det ikkje. Det viser to parti som forsøker å skape eit inntrykk av at dei meiner noko anna enn det dei faktisk står for i praksis. Populisme kallar vi det.

Sveinung Rotevatn
2022-01-27 11:02:25

Å høyre dei to partia som har hatt olje- og energiministeren i 15 av dei 17 siste åra fråskrive seg alt ansvar for norsk energipolitikk er så absurd at det er vanskeleg å vite kor ein skal starte. #polkvart

Sveinung Rotevatn
2022-01-26 16:21:36

@andersskyrud @SnorreEikeland @load_dependent Eg synest faktisk at regjeringa skal bestemme tiltaka, ikkje Stortinget (og Venstre har heller ikkje fremma forslag eller stemt for å overstyre regjeringa sidan vi kom i opposisjon). Men opposisjonen kan sjølvsagt ha meiningar om handteringa. Akkurat no virkar den retningslaus.

Sveinung Rotevatn
2022-01-26 16:16:40

@andersskyrud @SnorreEikeland @load_dependent For det første er det ein myte at ting ikkje var "politisert" då vi styrte. Det var stadig kritikk frå opposisjonen, overkøyring frå Stortinget etc. For andre ville det vore rart om det ikkje var debatt om dette no, når målet med tiltaka (i motsetnad til før) synest høgst uklart.

Sveinung Rotevatn
2022-01-26 16:08:55

@andersskyrud @SnorreEikeland @load_dependent Kva snakkar du om? Meiner du det var feil å opne landet i slutten av september?

Sveinung Rotevatn
2022-01-26 16:07:26

Meir frå rapporten: "Tiltakenes effekt er imidlertid ikke å fjerne et problem, men ta bort en bølgetopp og redusere det samlede antallet smittede, men da utsettes problemet". https://t.co/f6hxt65F0P

Sveinung Rotevatn
2022-01-26 16:05:43

@SnorreEikeland @load_dependent Nei. Men med ei vaksinert befolkning, og ein ny virusvariant som dominerer, er vi i ein annan situasjon. Den siste og gjeldande strategien vart for øvrig levert av regjeringa Støre i november.

Sveinung Rotevatn
2022-01-26 15:14:15

Ny rapport frå FHI: "[Tiltaksbyrden er betydelig,] koster mye, innskrenker friheten og er på noen måter og for noen grupper sannsynligvis verre enn epidemien ville vært". At regjeringa vil vente til april (!) med ein ny strategi er heilt uforståeleg. https://t.co/cTUrPdMr8l

Sveinung Rotevatn
2022-01-26 10:55:46

Danmark opnar heilt opp om 6 dagar. Her heime seier FHI at tiltaka kanskje gir større belastning enn sjukdomen. Og sjukehusa klarer seg bra. Men Støre meiner vi bør ha "is i magen". Det regjeringa treng er ikkje kalde magar, men ein tydeleg exit-strategi. https://t.co/Zm0XhiH6r5

Sveinung Rotevatn
2022-01-26 09:43:54

God og balansert kommentar om Taliban-besøket frå @EirikMosveen og @AvisaOslo: https://t.co/dVuM0kYcJN

Sveinung Rotevatn
2022-01-25 22:53:22

RT @stianlud: Som byråkrat tjener jeg fylkesdirektøren, som tjener politikerne, som tjener innbyggerne. Hvordan politikere eller velgere ønsker fylket organisert er opp til dem. Men som mellomleder har jeg også medarbeidere å ta vare på. Og den uroen som skapes nå må jeg få advare mot. \n\nTråd:

Sveinung Rotevatn
2022-01-25 22:40:30

RT @HenrikHeldahl: I desember ble intensivsykepleiere som slutter i jobben trukket fram som en årsak til at sykehuskapasiteten var under press. Nok et eksempel på en vedtatt sannhet som kan motbevises bare ved å skrape i overflaten.\n\nhttps://t.co/2f1wZIO0pQ

Sveinung Rotevatn
2022-01-25 20:09:49

RT @ingvild_wetrhus: I morra skal jeg i #politiskkvarter for å diskutere domstolsreformen mot justisministeren. Hva tenker twitter? Reversering av domstolsreformen: yea or nay

Sveinung Rotevatn
2022-01-25 16:46:40

@michaelvester @OddKSM Eg er ikkje usamd i at det er mange arbeidstakarar som fungerer godt på heimekontor, og trivst betre med det. Men det kan då umogleg vere eit godt argument for å pålegge alle å gjere det same?

Sveinung Rotevatn
2022-01-25 16:40:20

@chicarianne @OddKSM Ja, eg er open for det. Og eg trur mange arbeidsgivarar har lært i løpet av pandemien at heimekontor er ei løysing som kan fungere betre enn dei kanskje har frykta. Men den situasjonen vi er i no, der heimekontor er hovudregelen, må ta slutt.

Sveinung Rotevatn
2022-01-25 16:13:21

@OddKSM Så bra for deg! Men det er ganske mange andre som likar betre å vere på kontoret. Så i staden for å tvinge alle til å vere heime, er det kanskje betre å ha fleksibilitet til at dei som vil kan vere meir heime...?

Sveinung Rotevatn
2022-01-25 15:22:12

“Regjeringen er satt til å lede. Og vi vil gjerne vite: Hvor mener regjeringen at vi er? Og hvor mener regjeringen at vi skal?” Presist frå @VidarUdjus. https://t.co/EJSedhVavl

Sveinung Rotevatn
2022-01-25 15:11:27

RT @Civita_: Hør ny episode av #Liberalhalvtime med @Rotevatn, i samtale med @mfasting, om fornybar energi og utenlandskabler. https://t.co/677ByA2ZoH #klimaspesial

Sveinung Rotevatn
2022-01-25 09:31:24

@kiheger Fjellsko, faktisk!

Sveinung Rotevatn
2022-01-25 08:27:42

Det er eit stort paradoks at vi sender hundretusenvis av menneske heim frå jobb - for å unngå at sjukefråveret blir for høgt. Det er på tide å avvikle tilrådinga om heimekontor, og dei fleste andre tiltak som ikkje lenger synest forholdsmessige.\n\nhttps://t.co/JsyRNLFR7q

Laster...
Laster...