Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2018-03-22 10:12:44

Vi treng fleire kokkar! På besøk hjå Opplæringskontoret Brimi-Kjøken fekk eg mange gode innspel for å auke rekrutteringa til matfaga. Arne Brimi har gjort ein framifrå jobb for kompetanseheving og profilering. 👩🏻‍🍳🍽🥐 Har du gode innspel for å auke rekrutteringa til matfaga?

Jon Georg Dale
2018-03-21 10:44:43

I dag er verdas skogdag 🌲🌲 Skognæringa er viktig for Noreg og har lange tradisjonar for forvaltning av skogressursane. Sjå meir her: 👍🏻

Jon Georg Dale
2018-03-20 22:26:36

Gardsbesøk og lokalmat i Gudbrandsdalen i dag.

Jon Georg Dale
2018-03-19 16:14:40

I dag har eg besøkt tamreinlaga på Lom og i Vågå. Det er nesten ikkje råd å skildre med ord for ei unik oppleving dette har vore. Fantastisk flinke reindriftsutøvarar. Takk til styra og gjeterane for ein strålande dag!

Jon Georg Dale
2018-03-19 11:05:32
Jon Georg Dale
2018-03-18 20:56:12

«Det går alltid eit tog...» 😎🍽🚂 På togtur til Otta i dag, fekk eg presentert NSB sitt nye matkonsept med norske råvarer og eigen reiselivssatsing. 👍🏻 Med på turen var Visit Lillehammer, Røroskjøtt As, Staur og Oi! Trøndersk Mat Og Drikke As. Kvar går din neste togtur?

Jon Georg Dale
2018-03-16 09:14:40

Honningcentralen vart oppretta for 90 år sidan og norsk honningproduksjon er i medvind. Vi gratulerar ein sprek 90 åring 😊🐝🌺 Visste du at honning er godt i marinade til svin og kylling? Har du eit godt tips til kva vi kan bruke honning til?

Jon Georg Dale
2018-03-15 15:59:40

Svært gledelige tal på omdisponering av dyrka jord! Dette viser at regjeringa er på rett veg for å nå målet Stortinget satte for to år sidan. 😁🌱👍🏻

Jon Georg Dale
2018-03-13 11:28:52

Ingen vart alvorleg skada i forsøket, men Per Sandberg hevdar eg er ein dårlig pilot. Alle som ser klippet vil legge merke til at det er nesten uråd å styre ein passasjer som sitt so urolig, så det må han ta på eiga kappe.

Jon Georg Dale
2018-03-12 18:01:44

Har du sett dei nye lammeprodukta i butikken? Her har du tre gode grunner til å prøve lammekjøt til middag i morgon. Og sidan jula varer heilt til påske, tek eg med eit julegåvetips og 😂🐑😋

Jon Georg Dale
2018-03-12 13:31:40

Regjeringa sin budsjettkonferanse er i gang! Har du innspel til kva som skal til for å fortsatt sikre arbeidsplasser og velferda?

Jon Georg Dale
2018-03-07 09:57:03

I dag stiller eg i spontanspørretimen på Stortinget. Følg med frå kl 10 her:

Jon Georg Dale
2018-02-27 09:40:52

Svalbard Globale frøhvelv er verdas største skattekammer. Her har vi beredskap for verdas frøbanker som kan verte utsett for krig, terrorisme eller naturkatastrofar. Med sikkerheitslageret på Svalbard kan vi sikre matproduksjonen for framtidas generasjonar. #SeedVault10

Jon Georg Dale
2018-02-26 17:56:44

I dag har eg hatt ei utruleg oppleving, som eg nok vil hugse resten av livet. I dag vart ca 76 000 nye frø båret inn i Svalbard Globale frøhvelv for langtidslagring. Med dette er over 1 million frø frå heile verda lagra i det norske skattekammeret. At Noreg har tatt på seg oppgåva med å vere eit sikkerheitslager for verdas matproduksjon gjer meg skikkeleg stolt. #SeedVault10

Jon Georg Dale
2018-02-26 12:01:22

Frøhvelvet på Svalbard handlar for meg om mennesker, bønder og evna til å fø verdas aukande befolkning. Då frølageret i Syria vart sett ut av spel, som følge av krigsherjingane, hadde vi i frøhvelvet på Svalbard frø i beredskap som vart sendt tilbake til Syria for oppformering. På denne måten sikrar vi matforsyninga til befolkninga. #SeedVault10

Jon Georg Dale
2018-02-26 07:56:38

1300 km nord for polarsirkelen ligg Svalbard globale frøhvelv. I dette skattekammeret, djupt inne i permafrosten, vert det lagra frø frå heile verda. Målet med frøhvelvet er å sikre verdas befolkning tilgang til mat, og bevare matplantene for framtidige generasjonar. I dag markeres 10 års drift av frøhvelvet, og eg ser verkeleg fram til å få vere med på markeringa og å få ta imot frø nr 1 million som kjem i dag! Sjå film om "verdas viktigaste skattekammer" her:

Jon Georg Dale
2018-02-25 09:16:27

No er eg på veg til Svalbard for å markere 10 års jubileum for frøhvelvet. Regjeringa foreslår å løyve 100 millionar til utbetringar for at vi også i framtida kan tilby verdas genbanker ein sikker lagringsplass. Les meir i lenka om bevilgninga til frøhvelvet: 👍🏻🌱🌾⛄️

Jon Georg Dale
2018-02-23 15:04:44

I kveld er eg gjest i programmet SNAKK med Linn Wiik, saman med Vidar Hansen som er programleiar i blant anna «Den nakne sannhet». Hansen er tidlegare politi og ekspert i å lese kroppsspråk og avsløre løgner... Kan dette gå bra? 😁 Sjå meir på Tv2 Nyhetskanalen i kveld kl 18:00 og 21:40.

Jon Georg Dale
2018-02-22 17:30:56

I dag har turen gått til Oppdal der eg har møtt og hatt samtaler med ein gjeng framoverlente unge bønder. Her dannar dei faglege og sosiale nettverk mellom bøndene og det gir resultat! I Oppdal byggjer dei Matnasjonen Noreg og i videoen kan du sjå eit mylder av norsk mat og drikke frå matutsalet "Smak og behag".

Jon Georg Dale
2018-02-21 21:06:11

To mann i demonstrasjon når er reiste over Folldal i dag. Det var jo artig, så eg stoppa å slo av ein prat! Vi vart einige om at mangfold er bra, og at vi i Norge strengt tatt ikkje har store bruk, berre variasjon mellom små. Det er fint på tur!

Laster...
Laster...