Beta
Søket ga 5 treff.
Jon Georg Dale
2018-02-27 09:40:52

Svalbard Globale frøhvelv er verdas største skattekammer. Her har vi beredskap for verdas frøbanker som kan verte utsett for krig, terrorisme eller naturkatastrofar. Med sikkerheitslageret på Svalbard kan vi sikre matproduksjonen for framtidas generasjonar. #SeedVault10

Landbruks- og matdep
2018-02-26 19:43:33

Svalbard Globale frøhvelv er 10 år og i dag ble frø nummer 1 million lagret i hvelvet. #SeedVault10… https://t.co/T1oHk5HsNZ

Jon Georg Dale
2018-02-26 17:56:44

I dag har eg hatt ei utruleg oppleving, som eg nok vil hugse resten av livet. I dag vart ca 76 000 nye frø båret inn i Svalbard Globale frøhvelv for langtidslagring. Med dette er over 1 million frø frå heile verda lagra i det norske skattekammeret. At Noreg har tatt på seg oppgåva med å vere eit sikkerheitslager for verdas matproduksjon gjer meg skikkeleg stolt. #SeedVault10

Jon Georg Dale
2018-02-26 12:01:22

Frøhvelvet på Svalbard handlar for meg om mennesker, bønder og evna til å fø verdas aukande befolkning. Då frølageret i Syria vart sett ut av spel, som følge av krigsherjingane, hadde vi i frøhvelvet på Svalbard frø i beredskap som vart sendt tilbake til Syria for oppformering. På denne måten sikrar vi matforsyninga til befolkninga. #SeedVault10

Har du hørt om Svalbard Globale frøhvelv? Her lagres matplantefrø fra hele verden for å sikre befolkningen tilgang til mat. I dag markeres 10 års drift av frøhvelvet. #SeedVault10

Laster...
Laster...