Beta
Søket ga 479 treff.
2021-01-27 20:01:06

Utruleg kjekt å vera på God morgen Norge på TV2 i dag tidleg. Tema å vera distré og boka mi "Dønn distré"😀 På dette biletet fortel eg om skrekken ved å ha køyrt frå min eigen son, berre to veker gammal. Eg hugsa det heldigvis raskt og det har gått bra dei tjue åra som har gått sidan😅 (Det er mogleg å sjå innslaget på Sumo, ca 1 t og 48 minutt uti sendinga.) #dønndistré #distré @spartacusforlag

2021-01-26 20:51:22

Haha! Dette var julegåva eg fekk frå sonen min på tjue. Det seier litt🙈 Eg skal på God morgen Norge på TV2 i morgon kl 08.40. Som kronisk b-menneske er det alltid fare for å sjå ut som Lille My så tidleg. Men komikar Håvard Lilleheie skal vera med på innslaget om boka mi og temaet å vera distré, så det hjelper sikkert på humøret 😅😂 #dønndistré @spartacusforlag

2021-01-24 19:22:05

Eg gav ut boka "Dønn distré. Eller berre litt surrete?" denne veka. Då var det ein som sa: Du er så heldig som er i godt humør heile tida, Jenny! Eh, nei, det er eg absolutt ikkje 😅 Men eg prisar meg lukkeleg for humoren min, som sidan barndommen har gjort det mogleg å få seg ein god latter uansett korleis humøret, livssituasjonen og forma er. Den gjer det også mogleg å le av at eg er distré 😂 #humor #dønndistré #distré @spartacusforlag

2021-01-23 12:19:36

Bokutgivelse av "Dønn distré" denne veka - det var så artig at det er verdt å ta seg ein dans i helga - som i denne snutten frå før 😄 @mortenharangen lurte på høgtlesing frå boka for fiskarar til sommaren: det kan kombinerast med særs amatørmessig, men godlynt danseoppvisning🤩😂 #dansdansdans #dønndistré #distré #boktips

2021-01-21 15:45:37

Det er faktisk artig å plutseleg bli forfattar pga noko så rart som å vera distré 😅 @spartacusforlag tok sjansen på å gi ut boka mi, Dønn distré. Den er til sals i nettbokhandlarar og i vanlege bokhandlarar for 199 kroner - og direkte frå meg😊 #dønndistré #distré

2021-01-20 18:16:05

Frå gårsdagens innslag på Dagsrevyen om at eg gir ut bok. Tema? Å vera distré 😅 Her fortel eg om då eg la mobilen og pengeboka på biltaket og køyrte... Boka Dønn distré er til sals no for 199 kr. Den passar for alle som vil ha underhaldning og ikkje minst for distré menneske som treng trøyst - de er altså ikkje aleine 😆 #distré #dønndistré

2021-01-17 17:26:57

Stort tre! Den store grana i min barndoms dal har ein omkrets på 430 cm. Det fann eg ut i dag. #østbødalen #artigmedstoretre

2021-01-16 22:38:59

Snø altså😍 #vintervakkert #snøkrystallar

2021-01-16 14:03:07

Ein som sit i snøen utan å fryse, men funderer - det gjer han. #vintervakkert #snøkrystallar

2021-01-15 16:37:13

Forgagne tider. Hus og fjøs i same bygget. Vitnemål om tidlegare tiders strev. #deisombygdelandet

2021-01-12 18:45:47

Greitt at klessnora var tom då snøen kom❄️ #vinter #klessnor

2021-01-07 19:43:59

Å handle lokalt er bra for mykje - og smittevenleg. Så her litt reklame for butikken i Surnadal som har alt frå måling til krystallar. Her er flotte golvteppe i ull frå @happyhomessaterbo #handlelokalt

2021-01-06 19:56:34

Særr: I desse munnbindtider bør vi alle lære oss å bruke munnbind ordentleg. Dette er ikkje ordentleg😅 (Frå Dagsrevyen.) Ikkje fikle med munnbindet og ha det over nasen, ikkje under. Dette bør vi alle ha som ambisjon å klare betre 😊 #munnbind

2021-01-06 17:04:26

#vintervakkert #nordmøre #Surnadal

2021-01-05 17:12:05

Is på svaberg #vintervakkert #utanfilter

2021-01-02 13:09:16

Godt nytt distréår😅 Her var det forsøk på å laga te. Eg fann det enklast å berre tømme vatn gjennom tesilen utan å ta meg bryet med å hente kopp først. Det vart til slutt etter ein del opptørking av vatn på avvege😄 #distré

2020-12-31 17:51:04

Åra kjem og åra går, og vi veit først etterpå kva dei ber med seg av gleder og sorger. Uansett får vi passe på oss sjølve og kvarandre så godt vi kan. Og ta oss tid til å sitje på ein benk og berre vera til innimellom. Godt nyttår alle saman🍾😊🎉 #godtnyttår

2020-12-26 18:05:21

Rusky kosar seg❄️, episode 5 #julesnø

2020-12-26 13:03:51

Rusky kosar seg, episode 4❄️ #julesnø

2020-12-25 19:49:24

Rusky kosar seg, episode 3😄 Stor glede i snøen i dag!

Laster...
Laster...