Beta
Søket ga 162 treff.
Terje Breivik
2020-11-29 10:09:21

I dagens Bergens Tidende går me tverrpolitisk ut til forsvar for «Vestlandslegen». Takk til Kjersti Toppe og Ruth Grung for at dei tok initiativ til dette. Sjølv var eg ikkje klar over problemstillinga før dei tok kontakt om saka. Blod er tjukkare enn vatn i politikken og.

Terje Breivik
2020-11-17 16:43:04

Tusen takk til Creo - forbundet for kunst og kultur for nydelege blomar. Slikt som gjer politikarlivet ekstra triveleg. Eg fekk dei på vegne av jobben Venstre, saman med H, Krf og Frp, har gjort for å sikra at kompensasjonsordninga for sjølvstendig næringsdrivande vert vidarført som del av koronatiltakspakken.

Terje Breivik
2020-11-17 09:14:24

Igjen har Venstre, Krf, H og Frp på Stortinget forhandla fram ein nødvendig tiltakspakke for næringslivet og kultur- og eventbransjane. Stor honnør til finanspolitisk talsmann Ola Elvestuen og forhandlarane i dei andre partia for godt arbeid: https://www.venstre.no/artikkel/2020/11/16/enighet-om-ny-kompensasjonsordning/

Terje Breivik
2020-11-03 10:04:36

Stortinget 3. november 2020:

Terje Breivik
2020-11-03 06:27:35

Nok ein kommentarartikkel i Bergens Tidende det er vel verdt å lesa, ført i pennen av Frode Bjerkestrand: https://www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/2ddJGa/den-amerikanske-droemmen-er-hvit-det-er-ingen-grunn-til-aa-glorifisere0

Terje Breivik
2020-10-27 09:10:18

Elektrifiseringa av samfunnet kjem lengre og lengre, dag for dag. Alt går rett veg med Venstre ved roret. #sentralstyremøtepåhotellalexandra

Terje Breivik
2020-10-27 08:34:07

På besøk i Stryn Næringshage, med Knut-Henning Hjellbakk, Magne Watne og Else Jenny Staalnacke i spissen. Dei hadde samla eit knippe lokale verksemder til samtale og innspel om nærings-og distriktspolitikk. Ikkje minst hadde dei konkrete, gode innspel på koleis inntrettinga av skattar og avgifter med fordel kan endrast for å ytterlegare stimulera avgjerande verdiskaping i distrikta. Som alltid reiste eg frå Stryn med nye idear og fornya entusiasme for å utvikla næringspolitikken både til Venstre og Noreg. Så tusen takk til Næringshagen og alle som deltok i møtet!

Terje Breivik
2020-10-23 20:32:39

Verdas beste lokalavis, Avisa Hordaland, har laga ei artig sak om den siste politiske rockelåten til Terje Breivik Band, Per & Gjengen, om leiarkampen i Venstre.

Terje Breivik
2020-10-20 22:49:42

Kjekt og nyttig møte med Kinn kommune i dag. Tema var FOT - ruter, dvs flytilbodet til/frå Florø Lufthavn.

Terje Breivik
2020-10-18 22:26:30

Ny, doggfrisk politisk rock frå Terje Breivik Band, Per & Gjengen. "Per" er ingen ringare enn Per A. Thorbjørnsen, leiar i valkomiteen til Venstre. "Gjengen" er valkomiteen. Bandet er: Asmund Prytz, gitar, Stine RQ Bendiksen, vokal, Finn Tore Tokle, bass, Camilla Edi Hille, kor og Ulf Ramone, trommer. Takk til Amper Tone og lydteknikar Kim Lillestøl for framifrå service og lyd. Og til @Mona Melanie Lindseth for musikkvideoen. Enjoy!

Terje Breivik
2020-10-18 16:13:48

Bergens Tidende har ofte gode leiarartiklar. Likevel er det sjeldan eg har vore meir samd med dei enn i dag: https://www.bt.no/btmeninger/leder/i/kRJzWX/direktoratet-maa-setjast-paa-plass-moderniseringa-av-bergensbanen-maa-g

Terje Breivik
2020-10-18 15:37:30
Terje Breivik
Terje Breivik
2020-10-16 18:44:10

Førstkomande sundag går TV-aksjonen NRK av stabelen. Er du ikkje heime, eller for å vera sikker på at du får høve til å støtta ei viktig sak: Her samlar Venstre inn midlar til WWF Verdens naturfond sin kamp mot plast i havet digitalt: https://www.spleis.no/project/138766

Terje Breivik
2020-10-13 20:17:31

Takk til Moss Venstre for kjempeinspirerande kveld! Masse konkrete tankar og innspel både på konkrete saker og korleis me nasjonalt kommuniserar eigne visjonar og politikk.

Terje Breivik
2020-10-11 13:58:36

Ikkje ofte ein kan gå til Kvasshovden midt i oktober. Utruleg vakker haust både ved fjorden nede i ULVIK og i fjellet.

Terje Breivik
2020-10-07 18:56:48

Forslaget til statsbudsjett for 2021 vart lagt fram for Stotinget i dag. Opposisjonspartia kritisar i kjent stil, men korleis ville eit raudgrønt budsjett sett ut? Det skriv eg og Ola Elvestuen om i Dagbladet: https://www.dagbladet.no/meninger/et-rodgront-budsjett-hadde-vaert-krise/72925023?fbclid=IwAR0kHVZ_MVT4wxQWa0HcjGmrX8qr1U9XTqS-ASxwH3tPWE88sbO_0Nwg8EE

Terje Breivik
2020-10-06 18:17:46

Ein flott gjeng frå Bergen Venstre med sterke meiningar, synspunkt og innspel til Venstre sitt nye stortingsvalprogram. Her vert nærings- og velferdspolitikken for framtida meisla ut. Takk til Amalies Hage for framifrå beverting og møtefasilitetar.

Terje Breivik
2020-10-06 11:56:04

I dag skjer det i Bergen i regi av Bergen Venstre. Møt opp og delta i debatten og utforminga av stortingsvalpogrammet til Venstre.

Terje Breivik
2020-10-05 21:21:16

Gratulerar så mykje til Stord Folkehøgskule og Stord kommune! Folkehøgskulen er ein realitet. Det var svært kjekt å få vera med å meddela gladmedlinga saman med Sveinung Rotevatn på vegne av regjeringja og dei fire partia, Venstre, Høgre, Krf og Frp, som utgjer fleirtalet bak statsbudejsettet. All honnør til den gode jobben de har gjort lokalt, og de unike samarbeidet mellom kommune, næringsliv, industri og fagrørsla. https://www.sunnhordland.no/nyhende/no-er-det-klart-det-vert-folkehogskule-pa-stord-fra-neste-haust/?fbclid=IwAR2S48vNZCFoNhGDuI-TwNVJ7SyoAOHZ0Nc-XrCy68-Lyn7dein2rgIKeVU

Terje Breivik
2020-10-02 15:32:13

Gladmelding! Kompensasjonsordninga for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar vert forlenga ut året. Dette er ikkje minst viktig for å gje alle i kultur, musikk og eventbransjane større inntektstryggleik i ei vanskeleg tid. Stor takk til Frp som gjorde det mogleg å få dette på plass gjennom avtalen dei har forhandla med Venstre, H og Krf. På onsdag demonstrerte bransjen utanfor Stortinget, der mellom anna Julie Dahle Aagård heldt ein sterk appell, og TORA - Bandpage og Dum Dum Boys underheldt. Slik sett er det ekstra kjekt og godt at ei løysing kjem berre to dagar etterpå.

Laster...
Laster...