Beta
Søket ga 479 treff.
2021-08-18 22:55:40

Varaordførar Magnhild Vik i Rauma gjer alt for å få teke eit godt bilete 😄 #senterparti #valkamp

2021-08-13 15:36:47

Dette er den middelaldrande dama som tykkjer synd på seg sjølv, sjø😅 Alt skulle jo tyde på at det er ungdommen som får verst biverknader av dose 2 av koronavaksinen. Ein 45-åring skulle såleis sleppe greitt unna. Endeleg skulle det vera ein fordel med rynkane og aldringa. Men nei. 39,2 i feber no. "Hot babe" med ei alternativ tyding😂 # koronavaksine #sistestikk

2021-07-07 20:15:51

Vakre Søyådalen i Surnadal kommune. @_Ingveig og eg trefte to trivelege og fine dyr då vi var på på veg heimatt frå Holtasetra i dag, berre sjå på dei andre bileta😊

2021-07-02 23:25:07

Myrull, fjellheim og fjord på indre Nordmøre. Godt med sommar! #nordvik #surnadal #nordmøre

2021-06-30 21:23:32

Vind i håret kan ikkje Trygve skryte av, men vind i seglet håpar vi begge på fram til stortingsvalet🍀😄 @trygvevedum #nordmøre #kvannerykkjem @senterpartiet

2021-06-24 22:32:28

Koseleg syn på rusletur nær sentrum i Stranda kommune på Sunnmøre

2021-06-21 17:28:50

Haha! Tjue år etter at eg fekk sonen min, har eg kjøpt smekker igjen. Men ikkje fordi eg skal bli mor på ny. Heller ikkje bestemor😅 Det er fordi eg i eit anfall av sjølvinnsikt innser at eg har alvorlege problem med å halde maten unna kleda mine. Det hjelper ikkje at eg har blitt såkalla vaksen🙄 så møt dei nye hjelparane - sjiraffen og elefanten.

2021-06-04 13:50:05

Trygve som leiar er slett ikkje verst altså🍀😊 Senterpartiet har landsmøte i dag og i morgon. Landsmøtetalen sin heldt han frå kjøkkenbordet saman med far sin, over kornåkeren og til skulen der dottera hans går no. #godkar @senterparti

2021-05-28 17:07:06

Tre ulike bøker er tema på Boksøg i Bondhuset i Stangvik kl 12 på søndag. Rusky gir jamt blaffen😂 men det blir spennande å møte @gerdstolsmo_livilevika og @tigergarte til bokprat😊 #vårsøghelga #boktips #fotball #ungdomskrim #dønndistré @spartacusforlag

2021-05-22 21:46:07

Planen for kvelden? Jo, den same som i 2019, då eg tok denne selfien - prøve å bli meir normal ved å sjå Melodi Grand Prix-finalen. Antrekket er det same i kveld🤩😂 #eurovision

2021-05-20 19:08:24

Eg har opplevd hår i suppa før, men dette er første gongen eg har opplevd mobil i suppa 🙄😅 #huffameg

2021-05-17 13:22:20

Rusky vart fødd på nasjonaldagen vår og blir fire år i dag. Eg er i Oslo og helsar både dykk og hunden herifrå. Gratulerer med dagen🇳🇴🌷🇳🇴 #nasjonaldag #gebursdag #hund

2021-05-16 20:22:54

Når ein først skal arbeide på helg, var det fint å begynne dagen med ein tur på Akershus festning og så ta ein tur oppi Slottsparken etter at økta var over. Og utsikta frå kontoret ut mot Løvebakken og eit flaggpynta Grand Hotell er upåklageleg😊 #oslo #slottsparken #akershusfestning #vår #stortinget

2021-05-14 14:10:07

Vår i Oslo med kvite tre #oslo #sthanshaugen #vår

2021-05-12 23:49:31

Ja, eg veit eg er barnsleg 😂 men sjekk kalendervarselet om denne saka vi har i justiskomiteen nederst på dette skjermbiletet. Eg les ekornloven kvar gong🙈😅

2021-05-12 17:49:05

Så kjekt å treffe desse to i går - som hadde køyrt over 50 mil med traktor for å markere verdien av norsk landbruk. Lysta til å halde fram med å produsere rein norsk mat framover er stor; no må bøndene få løn som står til innsatsen. #norgetrengerbonden #landbruk #norskmat

2021-05-11 14:56:46

Flott markering med traktorar i Oslo i dag! Norske bønder treng vår støtte for eit betre jordbruksoppgjer som grunnlag for matproduksjon i heile landet #norgetrengerbonden #landbruk #matberedskap #senterpartiet

2021-05-07 19:56:07

Må legge ut eit bilete til av den katten eg presenterte med nokre andre bilete i stad. Den hoppa oppi fanget til ei som trudde ho berre var hundemenneske😅 For eit vakkert dyr! #katt #vårfrelsersgravlund

2021-05-07 18:19:24

Dette var dagen då hundemennesket vart forelska i ein katt! Denne vakre skapningen viste seg for oss to som sat på benken, og jammen hoppa den ikkje oppi fanget vårt òg. #vårfrelsersgravlund #katt #koselegmeddyr

2021-05-06 19:53:13

Vårstemning i Vår Frelsers gravlund sjølv om det er ganske kaldt enno🌷#vår #vårstemning #oslo

Laster...
Laster...