Beta
Søket ga 262 treff.

Fin, regnfull og lærerik dag i Molde og Kristiansund 🤩\n\nMe har fått oppdatering om arbeidet på sjukehuset på Hjelset, korleis arbeidet med journalsystemet Helseplattformen går og ikkje minst korleis arbeidet med å opne fødeavdeling i Kristiansund går. Forhåpentlegvis nærmar det seg nå! Me skal i alle fall gjera vårt for å få det til 🙏\n\nKristiansund Senterparti\nMolde Senterparti

Gratulera med dagen!\n\nFlott markering på Youngstorget 🍀 Spesielt å vera med på for første gong.\n\nDagen handlar om arbeidstakarar og viktigheita fagforeningane har hatt og framleis har for at me alle skal ha ein god kvardag. \n\nLikevel må me framleis stå på for blant anna betre vilkår i typiske kvinneyrker, der ein ser at gjennomsnittleg løn og arbeidsvilkår er dårlegare enn for andre yrker. Innan helse og omsorg ser me store utfordringar, mange lev under stor arbeidsbelastning, og me skal gjera vårt beste for å letta dette. \n\nGod 1. mai 🇳🇴\n\nOslo Senterparti

Debatt om føde- og barselsomsorg. Eg skal ikkje gje meg før alle barselskvinner føler seg møtt og sett 💪🏽\n\n(Litt hakkete, beklager dette!)

Tre lærerike dagar i Brussel og Geneve er over! Diskusjonane har vore om seksuell og reproduktiv helse (som er på tilbakegang på verdsbasis), krigen i Ukraina, koronapandemien, handlingsrommet innan EØS-avtalen, global helse, europeisk samarbeid og mykje anna! \n\nMe har blant anna møtt delegasjonen vår til EU, EU-kommisjonen, EFTA sitt overvakingsorgan ESA og WHO. \n\nTakk for godt påfyll, for gode diskusjonar og for hyggeleg selskap 🤩🌍✨

I 2021 tilbudde landbruksminister Bollestad (Krf) med H, V og Frp i ryggen 962 millionar kr, halvparten av kravet. I år er kravet på 11,5 mrd kr. Eg er glad me har ein landbruksminister frå Senterpartiet i år.\n\nMe er ingenting utan bonden. Me har sultkatastrofar på verdsbasis, og krigen i Ukraina vil auke dette drastisk. Norsk mattryggleik og beredskap har aldri vore viktigare. Årets jordbruksoppgjer har aldri vore viktigare 🌾\n\nNå har organisasjonane lagt fram kravet sitt. Desse forhandlingane er avgjerande for å sikre mattryggleik og beredskap. For bøndene har hatt enorme kostnadar og skilnadane i inntekt er store. Kravet frå...

Lørdagskveld med Senterungdomen 💚\n\nFekk snakka med ordførar i Rollag, Viel Jaren Heitmann og fylkestingsrepresentant i Nordland, Anette Amalie Åbodsvik Bang om korleis livet som folkevald er ✨\n\nHovudpoenget er i alle fall: Engasjer deg!

Tenk at vår nye kommunal- og distriktsminister vitja Kvitsøy og Rogaland først! Som dykk ser av selfien «vår» er han ein travel mann 😅\n\nSkal me laga god politikk for heile landet så må me reisa rundt i heile landet og lytta 🙌🏽 Rogaland har mange gode løysingar og moglegheiter å by på!\n\nOg ikkje minst - takk for maten til Restaurant Grøningen!

Me skal sikra nok helsepersonell i framtida 💪🏽\n\n«Eg er glad for at regjeringa, raskt etter at ho blei innsett, sette ned ein helsepersonellkommisjon, og at regjeringa er tydeleg på at eitt av deira viktigaste mål er å sikra nok fagfolk med riktig kompetanse i helse- og omsorgstenesta»

God påske frå fjellheimen 🐣

Nå blir det utdanning der me bur!\n\n«- Dei nye støtteordningane er spesielt retta mot utdanningsstadar som Dalane utdanningssenter, og eg veit at Gudrun har venta på dette. Regjeringa ønskjer å leggja til rette for og bidra til at fleire får anledning til å ta utdanning i Dalane-regionen. \n\nUtdanning skal tilpassast folk, det er ikkje folk som skal tilpassa seg utdanninga. Gjennomsnittsstudenten er vaksen, har ofte barn og har derfor ikkje like god anledning som ein 20-åring til å flytta på seg. For studentar i denne kategorien er Dalane utdanningssenter eit viktig og nødvendig tilbod, konstaterer Ness Klungland.»

Inspirerande dag i Eigersund på Egersundkonferansen ✨\n\nDalane/Egersundregionen har både natur, kultur, næring og mat. Her er det engasjerte og nytenkande folk og poltikarar, spanande næringsutvikling, majestisk natur, desentralisert utdanning, Trollpikken, eigen brus, øl, gin, whiskey (kjeme!), motorsportsenter, geopark, kjøtt, fisk, vind, hydrogen, mineral og så mykje anna! \n\nDenne veka offentleggjorde regjeringa nye ordningar som sikrar endå meir desentralisert utdanning via Dalane Studiesenter 🤩 Det måtte feirast!\n\nTusen takk for ein flott dag og tusen takk for deilig bevertning av Grand Hotell Egersund, Nyyyt, Berentsens Brygghus AS og fleire andre 🥩🐟🍺

Dette var gildt å få vera med på! Takk for invitasjonen 🤩

Møtte ambulanseturneen til Ambulanseforbundet i Delta i Sauda i dag ✨\n\nLærerikt å få innsikt i ambulansekvardagen og korleis ambulanse, politi og brann jobbar saman i Sauda. I Sauda fekk eg òg snakka med elevane på ambulansefaglinja. Mange gode innspel å ta med i arbeidet med prehospitale tenester som me skal styrka i vår regjeringsperiode 🤩

Senterpartiet stiller med justis, helse og barn og familie på viktig besøk til Sør-Vest politidistrikt 🍀 \n\nMe fekk informasjon om korleis politiet jobbar blant anna på nett, i møte med barn, mishandling i nære relasjonar og om arbeidet til Spiderweb. \n\nAlt dette får me best til saman 💚

To dagar i Oslo er over - og resten av veka skal nyttast i Rogaland 💚\n\nStarta med besøk av Bunadsgeriljaen, der me er einige om at føde- og barselsomsorgen skal styrkast 💪🏽 Besøk av Tryggheim skular, orientering av helseministeren om krigen, debatt i salen, lunsj med Magnhild Meltveit Kleppa, innspelsrunde om jordbruksoppgjeret og mykje anna! Det vart ein spesiell onsdag med tale av den ukrainske presidenten 🇺🇦\n\nI dag og i morgon blir det Stavanger og Sauda 🍀✨

Gårsdagens innlegg i debatten om rusomsorg 💚\n\n«Eg er glad for at ein samla nasjon ser at tida er kome for ein ny ruspolitikk og ein ny rusomsorg. Tida er kome for at me alle ser at det å bli rusfri er ein tung og langvarig kamp. For mange er det faktisk livets kamp. Som samfunn må me setja alle klutar til for at så mange som mogleg kan få moglegheita til å bli rusfrie.»\n\n(Diverre litt hakkete)

Brann- og redningstenestene er så viktig når liv og helse står på spel 💚\n\n«Lisa Marie Ness Klungland seier til Grannar at samfunnet er avhengige av eit brann- og redningsvesen som er der folk bur og ferdast og som gjev rask bistand når folk treng hjelp.\n\n— Dette har me fått til på ein god måte på Haugalandet. Men er det slik at brannvesenet skal vera dei første ut i situasjonar politi eller ambulanse burde vere først til? Dette er noko av det som burde sjåast på i ei slik melding.»

Nå lyttar me til folk 💪🏽\n\nSkilnadane mellom før stortingsvalet 2021 og etter blir tydelegare og tydelegare ✨\n\n«Prosessen går gjennom en høringsrunde og i motsetning til forrige regjering vil ikke vi bruke tvang. Jeg vil gå så langt som å si at om ikke domstolen vår i Sør-Rogaland og kommunene ønsker å splitte opp den nye domstolen, så vil den ikke bli det. Senterpartiet i Rogaland stiller seg bak ønskene til kommunene og de ansatte i domstolen, sier Lisa Marie Ness Klungland.»

Kjekt med senterpartistar på besøk 💚\n\nDenne engasjerte gjengen kom til Oslo for å fortelja om Helseplattformen, som skal starta opp i Helse Midt, Trøndelag og Møre og Romsdal. \n\nPasientsikkerheit og jamne overgangar mellom sjukehus, kommunen og heimen er så viktig! \n\nAt fastlegen vår, legen vår på sjukehuset og heimasjukepleiaren kan snakka saman er så viktig. Me er glade for at me nå får dette til! (Men litt oppstartsproblem blir det diverre alltid)\n\nTakk for besøket 🍀\n\nMøre og Romsdal Senterparti\nTrøndelag Senterparti

Korleis skal me klare å stå saman, når så mykje trugar oss? Korleis skal me stå saman når regimer sprer falske nyhende, som splittar oss? Faktasjekk blir viktigare enn nokon gong.\n\n"Skal vi få til dette, skal vi klare å samle oss som et folk som vil hverandre vel, må vi ta inn over oss at dette forandrer alt. Og det er ingen andres skyld enn Putin. Men det er vårt ansvar å ta vare på hverandre og ta ansvar for hvordan vi snakker om hverandre -og til hverandre på sosiale mediene, hjemme og på jobb. Og ha tiltro til at...

Laster...
Laster...