Det var tryggare å opphalde seg i Bergen enn i skauen den gongen eg tok denne lekre selfien av meg sjølv under storviltjakta 😂
Facetime gjer det mogleg å delta på debatt på Tv2nyheitskanalen frå indre Nordmøre👍 Her mot Peter Frølich frå Høgre i kveld om politireforma og om at vi i Senterpartiet vil gjera det mogleg å opprette nye lensmannskontor ved behov i by og bygd. # politi
Her er det uvanlege husmorfakter 😂 Eg kan ikkje skryte på meg sju slag til jul og slikt, men eg tykkjer det er kjekt å laga ordentleg mat. Ikkje minst liker eg tradisjonen med å bruke mest mogleg av slaktet. Så i helga laga eg med god hjelp av sambuaren blodpudding for første gong. Det vart innmari godt😀 #tradisjon #matglede
Eg laga blodpannekaker for første gong i går kveld. Dette var ein av favorittane mine som lita😊 Generasjonane før oss lærte seg å laga gode måltid av innmat og blod, og det er viktig å forvalte slike tradisjonar også i tider med meir velstand. Takk til Sylte gårdsslakteri som forsynte meg med svineblod! Det vart godt😊 # tradisjon
Vakre klokker med DEN nydelege lukta! #liljekonvall #barndomsminne
I Oslo er det mange fine overraskelsar når ein ruslar rundt! #oslo #oslobilder
Har takka ja til fire nye år på #stortinget i dag dersom partiet og veljarane vil ha meg. Men innser at det er ein sær person eg må selje inn😂 Her sit eg med briller som skal hindre for mykje blått lys fordi eg har for mykje energi på kveld, og ser ein tysk film med tysk tekst og noterer interessante setningar. Jaja, men triveleg er det i stua😄
Her kjem eit trimtips i form av ein dansevideo. I alle fall sømmeleg påkledd😄 Tipset gjeld ein artig aktivitet som passar rett utanfor huset om ein ikkje har naboar - eller om ein gir blanke i om naboane lurer😂