Beta
Søket ga 1445 treff.
Sveinung Rotevatn
2023-09-05 21:26:19

@filiprygg @gurimelby @BergenVenstre Haha, stemmer. Og hatten av for det! Dette har sanneleg vore ein maraton. Og enno er ikkje spaden satt i jorda…

Sveinung Rotevatn
2023-09-05 21:09:03

Thunberg-kommentaren frå UH er sjølvsagt pute-TV. Men det er også feil å gjere miljøsaka og MDGs oppslutnad til synonym. Venstre og SV får 20,5 prosent. Og klimaengasjementet er breidt. At Ap og H rutinemessig skiftar plass avhengig kven som er i opposisjon er mindre interessant.

Sveinung Rotevatn
2023-09-05 20:49:25

For åtte år sidan kjempa både Ap og Høgre mot bybanen langs Bryggen. No står begge partia sine toppkandidatar på NRK og støttar prosjektet. Politikk er seigt, men det nyttar! @BergenVenstre

Sveinung Rotevatn
2023-09-05 19:11:06

9,4 prosent til @ungevenstre i skulevalet! Sjukt bra jobba, @anebrei & co! Dette lovar godt for måndagen 💪🏻✅ https://t.co/Als0dVMu3p

Sveinung Rotevatn
2023-09-05 13:32:47

@eivindtraedal @thokkitalk Beklagar, det var ikkje meininga å antyde at eg synest Venstre er betre på å gjennomføre miljøpolitikkk enn MDG. Det skal aldri gjenta seg. Sånn, då kan du gå vidare med å lage TikTok-videoar av Sylvi Listhaug der du åtvarar folk mot å stemme på Oslo Venstre.

Sveinung Rotevatn
2023-09-05 13:18:43

@eivindtraedal @thokkitalk Eg har ikkje sagt nokon av dei tinga. Heller ingen andre frå Venstre, som eg veit om. Og eg kan faktisk ikkje hugse at vi har blitt omtalt på den måten, heller. Tvert imot. Så denne diskusjonen må du ha med deg sjølv, trur eg.

Sveinung Rotevatn
2023-09-05 13:13:28

@eivindtraedal @thokkitalk Det er ikkje ein hersketeknikk å kritisere måten andre parti driv politisk kommunikasjon på. Det er du mildt sagt ikkje framand for sjølv, if memory serves. Måten ein snakkar om eit saksfelt påverkar debatten og handlingsrommet, anten det gjeld miljø eller innvandring.

Sveinung Rotevatn
2023-09-05 13:06:08

@eivindtraedal Viss skribenten ikkje bidreg til det, har eg vanskar for å sjå korleis eg bidreg til det ved å dele kommentaren hennar.

Sveinung Rotevatn
2023-09-05 12:59:49

@eivindtraedal Hææææ? No må du gi deg. Kva karakterdrap er det eg (eller skribenten) bidreg til?

Sveinung Rotevatn
2023-09-05 11:48:46

Gode skussmål her, @fjeldstadingrid! Skal vi nå klima- og miljømåla må vi få folk med oss, ikkje drive opp konfliktnivået unødig. Satsar på at Venstre får ei solid hand på rattet i Bergen etter valdagen også. \n\nhttps://t.co/Ds5vWKKbuM

Sveinung Rotevatn
2023-09-04 21:25:24

Tendensen på lokale målingar gir no @Venstre 5,9 %. Det vil tangere vårt beste stortingsval i moderne tid. 0,5 prosentpoeng til, så har vi gjort vårt beste lokalval i moderne tid. Dette går vegen - og det er framleis plass til fleire! ✅ https://t.co/me89EDn9p6

Sveinung Rotevatn
2023-09-04 16:49:20

@FrodeTennebo @JonasNoeland @AndreasAasheim @nilaug @avonkarlberg @einarke @Finansavisen @Statnett @EquinorASA Som sagt: Eg er open for all mogleg diskusjon, eg. Men diskusjonen må nødvendigvis starte med at nokon kjem med eit konkret prosjekt og er villige til å betale for det. Viss ikkje blir dette berre ein studiesirkel.

Sveinung Rotevatn
2023-09-04 14:55:16

@JonasNoeland @AndreasAasheim @nilaug @avonkarlberg @einarke @Finansavisen @Statnett @EquinorASA Det er ikkje meg du må vise alle moglege grafar til. Det er investorar.

Sveinung Rotevatn
2023-09-04 13:08:05

@AndreasAasheim @nilaug @avonkarlberg @JonasNoeland @einarke @Finansavisen @Statnett @EquinorASA Dette er det store spørsmålet kjernekraft-entusiastane aldri svarer på. Eg er ikkje prinsipielt imot kjernekraft, og er med på ein diskusjon så snart nokon kan vise fram ein positiv business-case i Noreg. Det skjer merkeleg nok aldri. Og då blir diskusjonen reint hypotetisk.

Sveinung Rotevatn
2023-09-04 10:54:29

@FongenSj @TorgrimAndersen @Essensielt_no Eg er einig i at ein skal vere varsam med å kalle folk for nazistar. Men akkurat når det gjeld Alliansen blir det nytale å kalle dei noko anna. Jødekonspirasjonar, holocaust-fornekting og valdsromantikk. Av og til er ein spade faktisk ein spade, og ikkje ein gravereiskap.

Sveinung Rotevatn
2023-09-03 15:19:46

Her fortener regjeringa skryt. Viktig avklaring! https://t.co/nIFyWcfA9q

Sveinung Rotevatn
2023-09-02 22:52:26

@hardkjerne Ikkje vind på land eller botnfast havvind, nei. Det bør ikkje subsidierast. Flytande havvind, derimot, er ny og krevjande teknologi, der det er grunn til å håpe på eit stort fall i kostnadar framover.

Sveinung Rotevatn
2023-09-02 14:07:22

@hardkjerne Kraftkjelder bør klare seg utan tilskot. Med mindre det er tale om ny og innovativ teknologi der det er grunn til å tru at ein kan drive ned kostnadane gjennom støtte til pilotprosjekt.

Sveinung Rotevatn
2023-09-02 12:56:06

@hardkjerne Eg er ikkje mot atomkraft. Men eg er ikkje mot andre utsleppsfrie kraftkjelder heller. Det eg er skeptisk til er folk som har eit religiøst forhold til ulike kraftkjelder. Det er motstridande omsyn som gjer seg gjeldande med alle.

Sveinung Rotevatn
2023-09-02 11:32:59

@toresetre Det er då ikkje polariserande å peike på at parti som INP, Norgesdemokratene og Raudt er parti på ytterfløyane. Det ER dei jo.

Laster...
Laster...