Beta
Søket ga 1445 treff.
Sveinung Rotevatn
2023-12-20 14:21:57

@herdis Når det er votert over. Det vil seie i går kveld.

Sveinung Rotevatn
2023-12-20 14:21:08

God kommentar frå @slettholmen om kvifor politikarar (i alle fall byrådet i Oslo) prioriterer billegare månadskort, trass i at TØI-forskarane peiker på andre løysingar: https://t.co/1kENEwzjBY

Sveinung Rotevatn
2023-12-20 10:41:31

@Bergdy @Samediggi Det er dei ikkje. Men rovdyr tar jo reinsdyr. For øvrig var @Samediggi sin kommentar til dette i dag tidleg at dei gjerne vil skyte ørn i tillegg...

Sveinung Rotevatn
2023-12-20 08:07:19

Jerv og gaupe er sterkt trua dyreartar i Noreg. Å redusere bestandsmåla betyr å skyte så mange dyr at bestandane blir pressa ned på eit permanent lågare nivå. Litt av ei 1-årsmarkering av naturavtalen frå Ap og Sp. https://t.co/YxxNJdyPYv

Sveinung Rotevatn
2023-12-19 10:46:07

2023 leverer til siste slutt. https://t.co/5SIXhaxRvB

Sveinung Rotevatn
2023-12-16 09:52:06

Mood. https://t.co/0bI8bc9lto

Sveinung Rotevatn
2023-12-13 20:26:42

@LFCBTC23 Sett deg ned og hald kjeft sjølv. Kven du no er.

Sveinung Rotevatn
2023-12-13 12:52:59

@kimmono Fordi det er pengar som er satt av til tapsavsetnad, som regjeringa har sagt det ikkje er behov for lenger.

Sveinung Rotevatn
2023-12-13 12:12:32

@robin_tveit @Venstre Det er ingen som har foreslått meir pengar til Forsvaret under handsaminga av statsbudsjettet enn oss. Så dette er nok ikkje så merkeleg som du synest å tru.

Sveinung Rotevatn
2023-12-13 10:40:52

Zelenskyj er i Noreg. Ikkje fordi det er stas, men fordi Ukraina desperat treng meir pengar. Det bør Noreg bidra med. Vi har 9 mrd staånde på konto i Eksfin, dei bør Noreg gi til den ukrainske fridomskampen allereie før nyttår meiner Venstre https://t.co/nbpgapoKBw

Sveinung Rotevatn
2023-12-08 16:08:18

God leiar frå @dagbladet. Stortinget bør ikkje gi regjeringa permanente fullmakter til å gjennomføre svært inngripande smitteverntiltak. https://t.co/z09T2H2bhJ

Sveinung Rotevatn
2023-12-08 10:30:36

@paalfrisvold Stemmer det! Heldigvis vart det toget større enn protesttoget.

Sveinung Rotevatn
2023-12-08 10:28:54

@sbjoernstad Haha godt spørsmål

Sveinung Rotevatn
2023-12-08 09:17:16

Då går vi inn i nobelprishelga. For 11 år sidan vart det tradisjonsrike fakkeltoget for vinnaren (EU) supplert av eit fakkeltog MOT vinnaren, i regi av "Fredsprisinitiativet 2012". Ville det same skjedd i dag? Eg trur kanskje ikkje det. Håpar ikkje det, i alle fall. https://t.co/XPCxS0p9I6

Sveinung Rotevatn
2023-12-04 17:29:16

@eriklundesgaard Dette er berre eit uttrykk for ei kronisk uvilje mot å prioritere ned éi einaste offentlege utgift. Ikkje nødvendigvis berre frå SV, men frå dei tre partia samla. Og då blir resultatet som det blir: Staten esar ut, og må finanseriast. Bedriftene betalar prisen.

Sveinung Rotevatn
2023-12-04 17:07:57

Viktig å ha auga på ballen. Det er kaldt i Noreg akkurat no. Det kallar vi vêr. Men globalt blir varmerekordane smadra - og er uttrykk for eit klima i rask og dramatisk endring.

Sveinung Rotevatn
2023-12-03 15:34:59

@Bergdy @Venstre @vgnett Vi vil gjere begge deler. Som du kan lese i vårt alternative statsbudsjett.

Sveinung Rotevatn
2023-12-03 10:47:13

Og i tillegg: Dei ulike trygdesatsane som blir auka, blir først auka frå 1. juli neste år. Det betyr at utgiftene blir dobbelt så høge året etterpå. Og framleis finst inga reell inndekning, utover å gå i oljefondet.

Sveinung Rotevatn
2023-12-03 10:39:12

Korleis finansierer regjeringa og SV å auke statens utgifter? Jo, ved å ta 9 mrd frå ei covid-støttepakke frå 2020, som ikkje vart brukt, og "kutte" denne tapsavsetninga no. Men varig auka utgifter i Nav m.m. forsvinn jo ikkje året etterpå. Dette er berre kamuflert oljepengebruk.

Sveinung Rotevatn
2023-12-02 18:01:04

@starnamedstork @kjsve Ein kan jo til dømes tenke seg at ho meinte at ein del som står der strengt tatt har råd til mat, men vil bruke dei få pengane dei har på julegåver til borna. Eller til månadskort på bussen. Utan at det er noko galt i det. Er det ei urimeleg tolking synest du?

Laster...
Laster...