Dette er kjekt! Kulturhistorie og eit svært tilgjengeleg turområde i eitt. \n\nKavlvegen på Eidet i Surnadal er nyleg ferdig, og eg fekk med meg hunden på ein test. Verkeleg fint har det vorte😊\n\nPå nettsida til Nordmørsmusea står det at "Kavlvegen kultursti har sitt utgangspunkt i funn av ein veg over eit myrområde på Eidet i Surnadal, konstruert i trevirke, datert til år 1161. \n\nKulturstien består av ein antikvarisk kopi av denne vegen, og ein nyutvikla rekonstruksjon. Stien er tilpassa for bruk av rullestol, og er eit lågterskel friluftsområde med kulturhistorisk grunnlag."\n#kavlvegen #eidet #surnadal #nordmøre #nordmørsmusea #møreogromsdal #norway