Eg la meg ned på sofaen og grein ein helgedag for snart to år sidan. Slik sjølvmedlidande grining.\n\nDet var den dagen eg bestemte meg for å slutte å farge håret.\n\nEg såg plutseleg med gru på å vera den grå musa i ulike forsamlingar der stort sett alle andre damer uansett alder kom til å ha farga hår.\n\nMen eg ombestemte meg ikkje. No er eg veldig glad for at eg torte å bli naturleg gråare og gråare.\n\nBileta er frå landsmøtet vårt forrige helg, delvis med overlys som får fram gråhåra godt. Eg tykkjer det er kjekt! Det er ikkje på nokon...
Aldring er naturleg. Eg vil heller sjå ut som eit sjarmerande skrukketroll enn ei innsprøyta skrekkmaske, som eg seier her. #botox #naturlegaldring #neitilbotox \n\nHøyr heile episoden på podkasten Stavrum & Eikeland på app eller finn artikkelen med podkasten i på Nettavisen.no