For to år sidan proklamerte eg at det var slutt på å farge hår, etter fem år med desperat farging for å skjule alderdomsteikna. No skulle eg bli grå i løpet av valkampen - eller kvit.\n\nDet gjekk ikkje så fort som eg håpa på, men eg har funne ei alternativ løysing😆 God helg! #hår #gråtthår #naturleg
Eg la meg ned på sofaen og grein ein helgedag for snart to år sidan. Slik sjølvmedlidande grining.\n\nDet var den dagen eg bestemte meg for å slutte å farge håret.\n\nEg såg plutseleg med gru på å vera den grå musa i ulike forsamlingar der stort sett alle andre damer uansett alder kom til å ha farga hår.\n\nMen eg ombestemte meg ikkje. No er eg veldig glad for at eg torte å bli naturleg gråare og gråare.\n\nBileta er frå landsmøtet vårt forrige helg, delvis med overlys som får fram gråhåra godt. Eg tykkjer det er kjekt! Det er ikkje på nokon...