Den flotte skinnfellen under og mjukt lys frå vindauget i helga gir litt divapreg, men de får tåle såpass:)\n\nHugsar de at eg fortalte om at eg ville la håret bli så grått det ville? \n\nI vår er det to år sidan siste fargekur. Eg fylte 47 år før jul og gråhåra og skrukkene er på stadig frammarsj. Men eg kosar meg faktisk med det❤️ \n\nÅ bli eldre er skummelt på mange vis, men det er så mykje verdt viss vi klarer å omfamne endringane og ikkje sjå ned på dei.\n\n#gråhår #aldring #hårfarge
Ein treng ikkje bli ei grå mus fordi om ein får grått hår, er mitt nye motto 🤩 Grått hår er skrekken for mange av oss kvinnfolk. Derfor fargar dei fleste av oss håret langt inn i alderdommen. Det er heilt greitt å gjera det, men eg har bestemt meg for at det også er heilt greitt å la håret få bli så grått det vil. Eg har hatt nokre runder med panikk. Eg misliker tanken på å framstå som mykje eldre enn kvinnfolka rundt meg. Eg vil jo ofte vera den einaste som dei grå håra synest på, sjølv...
Koronasveisen AKA salt and pepper ✌ #selfie #hårsveis #gråhår #jærbupåtinget