Sjekk den smale renna som heile elva går inn i på den korte filmsnutten:)\n\nSom skiltet seier, heiter det Kjerringskravet nederst ved renna fordi til og med ei kjerring skal kunne skrava over elva når det er låg vassføring😄\n\nDette er Søyådalen og elva Søyåa i Surnadal. Og Høgfossen som det fine elvestryket heiter sjølv om det ikkje akkurat er nokon høg foss.\n\n#søyådalen #søyåa #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #elv
Vekslande vêr kan vera irriterande, men det kan også vera herleg. Som då vi var i Folddalen i Surnadal i kveld og regnet avbraut/muntra opp kaffepausen #folddalen #surnadal #elv #regn
Det frosne landskapet får stadige dryss av kvit pynt for tida.\n\nDet første og det siste biletet er begge tatt frå Østbøbrua med ein halvtimes mellomrom.\n\n#Søyådalen #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway #vinter #snø #elv