Eg begynte å sjå i mappa som inneheld bilete om boka mi: «Dønn distré. Eller berre litt surrete?»\n\nDer finst det ei komisk påminning om ei trusehistorie som står i boka - det er faktisk TO pinlege trusehistorier med meg der😅\n\nReklamevarsel: Boka kostar 199 kroner og eg garanterer både underhaldning og forklaring på fenomenet å vera distré:)\n\n#distré #dønndistré #boktips
Sandefjords Blad reklamerer for boka mi i dag, veldig kjekt 😊 "Dønn distré. Eller berre litt surrete." Les meir på det andre biletet. #dønndistré #distré #boktips
Måtte gi folka på Sandfærhus parkering ved Værnes boka mi om å vera distré. Her representert ved blide Martin Sperre. (Reklamevarsel: Boka er verdt å lesa for dei som vil ha underhaldning😆) Den trivelege gjengen fortener ei bok etter at eg har gløymt koffertar og skjerf hos dei og til og med skulda dei for å ha rota bort bilen min ein gong eg kom dit og den mangla. Bilen stod pinleg nok i Molde - eg hadde berre gløymt at eg flaug derifrå sist eg reiste😅🙈 #distré #dønndistré #sandfærhus #sandfærhusparkering #værnes
Eg vart kåra til dronninga av kvardagstabbar av BT i 2013 fordi eg er så distré🙈 Sidan har eg gitt ut bok om same tema. Dagens reklame: Eg sender boka signert til den som bestiller via direkte melding, 199 pluss porto. Pinlege og artige historier om både kjente og ukjente surrehuer:) #dønndistré #distré
Tre ulike bøker er tema på Boksøg i Bondhuset i Stangvik kl 12 på søndag. Rusky gir jamt blaffen😂 men det blir spennande å møte @gerdstolsmo_livilevika og @tigergarte til bokprat😊 #vårsøghelga #boktips #fotball #ungdomskrim #dønndistré @spartacusforlag
Må innrømme at det er stor stas å finne boka mi i kioskhyllene på Kristiansund lufthamn Kvernberget 😍 @spartacusforlag #dønndistré #distré #boktips
Triveleg fredagssyssel! Eg sit og signerer nokre haugar med bøker som ei bedrift vil glede sine tilsette med. Mange komiske surrehistorier og lettlese fagstoff om å vera distré kan forhåpentlegvis muntre opp i desse koronatider😊 #dønndistré #distré #boktips @spartacusforlag
Stabel til bruk under Teams-møte, for å få plassert mobilen høgt nok😅 Men for all del, bestill gjerne boka mi de som vil, for bunken kan etterfyllast😊 199 kroner for ei lita bok med mange historier og ny kunnskap om det å vera #dønndistré #distré
Eg lurer på om eg skal innføre #dagensdistré. Eg trur i alle fall "vekas distré" kom allereie på ein måndag. Eg fann endeleg ladaren no og skulle plugge i mobilen samtidig som den stakkars pæra låg og venta like ved, på feil stad til feil tid. Trur ho skvatt litt😂 #dønndistré #distré
I dag er det to heile dobbeltsider i Trønder-Avisa om distré episoder frå boka mi og då aller mest frå Sandfærhus parkering. Der presterte eg å koma for å hente bilen min ein fredagskveld eg var på veg heim frå Oslo, då eg brått innsåg at bilen stod i Molde. Eg hadde tatt fly til feil flyplass😅😂 Det er mogleg å kjøpe «Dønn distré. Eller berre litt surrete?» for 199 kroner hos bokhandlarane og på nett, og også direkte frå meg, som gjerne sender signert utgåve i posten. Det kan hende de lurer på om det går an å gjera...
Endeleg framme i pendlarleilegheita og skal eta og lesa litt i boka mi samtidig for å friske opp. Men kva skjer? Sjekk dette. Typisk meg😂 #deterikkjehåp #dønndistré #distré @spartacusforlag # boktips
Så gøytt å få vera på Nitimen på NRK P1 i dag😀 Temaet var boka mi, Dønn distré. Den held Knut Folkestad på skjermen bak. Han hadde litt problem med å seie distré, så han sa dønn diskret i staden. Akkurat dét er eg ikkje😂 @nrknitimen @spartacusforlag #dønndistré #distré # boktips
Skal på Nitimen på @nrknitimen ca ti over ni - blir kjekt 🤩 Tema boka mi, Dønn distré 😊 @spartacusforlag #dønndistré
Skrekk og gru og hipp hurra: Eg skal på Nitimen på P1 og tala om boka mi i morgon ca kl 09.10😄 Blir artig🤩 @nrknitimen #dønndistré #distré # boktips @spartacusforlag
Hjelpe meg, det er verkeleg ikkje håp for meg😳😅 Sjekk denne meldinga frå ein av dei hyggelege personane som har bestilt boka mi, Dønn distré. Eg skulle skrive ei helsing til sambuaren. Akkurat dét hugsa eg visst😂 #dønndistre #distré #althåperute
Utruleg kjekt å vera på God morgen Norge på TV2 i dag tidleg. Tema å vera distré og boka mi "Dønn distré"😀 På dette biletet fortel eg om skrekken ved å ha køyrt frå min eigen son, berre to veker gammal. Eg hugsa det heldigvis raskt og det har gått bra dei tjue åra som har gått sidan😅 (Det er mogleg å sjå innslaget på Sumo, ca 1 t og 48 minutt uti sendinga.) #dønndistré #distré @spartacusforlag
Haha! Dette var julegåva eg fekk frå sonen min på tjue. Det seier litt🙈 Eg skal på God morgen Norge på TV2 i morgon kl 08.40. Som kronisk b-menneske er det alltid fare for å sjå ut som Lille My så tidleg. Men komikar Håvard Lilleheie skal vera med på innslaget om boka mi og temaet å vera distré, så det hjelper sikkert på humøret 😅😂 #dønndistré @spartacusforlag
Bokutgivelse av "Dønn distré" denne veka - det var så artig at det er verdt å ta seg ein dans i helga - som i denne snutten frå før 😄 @mortenharangen lurte på høgtlesing frå boka for fiskarar til sommaren: det kan kombinerast med særs amatørmessig, men godlynt danseoppvisning🤩😂 #dansdansdans #dønndistré #distré #boktips
Det er faktisk artig å plutseleg bli forfattar pga noko så rart som å vera distré 😅 @spartacusforlag tok sjansen på å gi ut boka mi, Dønn distré. Den er til sals i nettbokhandlarar og i vanlege bokhandlarar for 199 kroner - og direkte frå meg😊 #dønndistré #distré