Den lille, vakre gamle låven på Nordvik i Surnadal, på plassen som heiter nettopp Plassen. #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway #haust
Eg opplevde noko stort seint fredag kveld, i stupande mørke og regn, då eg likevel braut meg uti fjorden heime for eit bad med hovudlykt på. Eg måtte berre hente mobilen for å filme det, sjølv om filmen jo ikkje yter opplevinga rettferdigheit. Det var rett og slett heilt fantastisk korleis regnet spratt og dansa på vassoverflata😊 #regn #fjord #nordvik #vakkert
Utsikt mot Nordvik og innover Todalsfjorden frå Haltbakkan #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway #fjord #haust #fjell
Fin skumringstime #nordvik #haltbakkhavet #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway
Same dato for tre år sidan. Utsikt over Haltbakkhavet. #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway
Haust langs Todalsfjorden og på Nordvik #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #haust #fjordlandskap #fjord #fjell #norway
Nordvik sett frå Haltbakkan. Halt er dialekt for hassel, og her er hassel med på å ramme inn motivet. #nordvik #surnadal #indrenordmøre #nordmøre #møreogromsdal
Dette er på Nordvik i Surnadal. Og plassen heiter... ja, nettopp: Plassen. #nordvik #surnadal #nordmøre
Farleg, men flott å sjå til! #sopp #nordmørssommer #nordvik #haltbakkan
Vakkert tre i skoddeheimen #skodde #gråvær #furu #nordmøre #surnadal #nordvik
Vel overstått nasjonaldag🇳🇴 Rusky feira femårsdagen sin og geitene muntra opp i bakken framfor huset. Eit besøk i Østbødalen var kjekt før ferjereise og Oslo-tur igjen. #syttendemai #syttandemai #nasjonaldag #surnadal #østbødalen #nordvik #kvannerykkjem
Luftetur med hunden er fint i kveldssola heime på Nordvik i Surnadal. Vakre Nordmøre😊 #nordmøre #nordvik #surnadal
Eg flaksar mellom hovudstaden og heimstaden - og liker begge stadene. Men det er noko vidunderleg med fjella og naturen vi har heime, som kan roe ned til og med ein stressopp som meg. #nordvik #indrenordmøre #nordmøre #møreogromsdal
Fin skumringstime i går #vinter #skumring #surnadal #nordvik
Dagane blir stadig lysare sjølv om vinteren held taket i oss ei stund til #vinter #nordvik #haltbakkan #nordviksulå #todalsfjorden #surnadal #indrenordmøre #nordmøre
Benken ved fjorden nedanfor huset vårt gir plassen endå litt meir sjarm. #vinter #snø #nordmøre #nordvik #surnadal
Det er berre så fint med snø utover landskapet og på trea slik som dette. Bileta er frå Nordvik i Surnadal. Godt det er meldt kaldt og vindstille i morgon òg, så dette får halde fram litt til. #snø #nordvik #surnadal #nordmore #vinter
Strålande fint haustvêr! Nordvik med Nordviksulå bak. Skjerdingfjellet og Snøfjellet er med til høgre på den andre biletet. #indrenordmøre #surnadal #nordvik #haust #todalsfjorden