DÅ var den siste kaffikoppen delt ut, standbordet pakka ned og jakkene hengt på knaggen. Vallokala er opne, folkens. Bruk dei. Godt val!
Tidenes skuleval for Venstre. Verdas beste Unge Venstre leverer 10,7 %! Ungdomen stemmer grønt - og liberalt!
Regjeringa går vidare med forslag om å opprette heile 10 nye nasjonalparkar! Dette er: - Hornelen - Masfjordfjella - Øystesefjella - Sunnmørsalpene - Lyngsalpan - Sylan - Trollheimen - Ålfotbreen - Oksøy-Ryvingen - Flekkefjord- og Listastrendene Les meir på NRK.no: https://www.nrk.no/vestland/regjeringen-apner-for-ti-nye-nasjonalparker-1.15639792
Venstre har vore i siget nasjonalt over lengre tid. Og endeleg i dag klinka vi til med to svært gode målingar i Hordaland også. Eg er inne på begge to - med god margin. 10 dagar igjen!
Lurar du på noko som du aldri har våga å spørje meg om? Eller å spørje andre politikarar om? Sjekk ut den siste episoden av “Ikke spør om det” 🤫 https://tv.nrk.no/se?v=MDNY14000121
Stand på Grünerløkka i ettermiddag. Ikkje ein caffé latte i syne. Men mange Venstre-veljarar 💪🏻
4,5 prosent på dagens meiningsmåling gir inspirasjon. Venstre er i siget! I dag står vi på stand i Etne.
På tur i Nord-Trøndelag med André N. Skjelstad: Gardbrukar og stortingsrepresentant, med svart belte i utjamningsmandat.
Lunsj med Joe Biden sin spesialutsending for klima, John Kerry. Endeleg er USA tilbake i klimaforhandlingane! 🇺🇸