Person / Aktør:
Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet

Innlegg:
Det har vore stort engasjement og debatt rundt framlegga i straffelovrådets forslag til endringar i straffelovens kapittel om seksuallovbrot. Rådet foreslår mellom anna å styrke vernet mot seksuell utnytting av born under 18 år i ein særleg sårbar situasjon og ei ny føresegn (bestemmelse) om seksuell omgang utan samtykke.\n\n – Regjeringa vil legge fram forslag til ei samtykkelov, fordi seksuell omgang skal alltid vere frivillig. Å endre straffelovas føresegner om seksuallovbrot må gjerast etter eit grundig lovarbeid. No vil vi sende forslaga frå Straffelovrådet på høyring, før vi tek stilling til korleis ei ny føresegn skal sjå ut, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp). \n\nAt noko blir sendt på høyring vil seie at offentlege etatar, organisasjonar eller personar med kunnskap eller interesse for saka kan gje skriftlege kommentarar, såkalla høyringsinnspel i saka. Etter fristen vil departementet ta stilling til kva endringar som bør gjerast, før regjeringa fremmar eit lovforslag for Stortinget.

Postet:
2023-01-23 14:29:55

Delt innhold:
Utgreiing om seksuallovbrot og samtykke frå Straffelovrådet på høyring
Straffelovrådet føreslår ei ny føresegn om seksuell omgang utan samtykke og ei rekke andre endringar i straffelovens kapittel om seksuallovbrot. Forslaget blir no sendt på høyring.