Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:

Postet:
2022-08-02 10:58:47

Delt innhold:
Dei høge straumprisane er resultatet av ein villa politikk. \n\nFleirtalet på Stortinget lar EU-marknaden bestemma prisane. Fleirtalet har lagt til rette for at det skal skje gjennom nye utanlandskablar og tilslutning til EUs energiunion (Acer). \n\nFor eit år sidan åtvara eg mot denne politikken, då prisen var oppe i 1 kr per kilowattime. \n\nI dag er det endå større grunn til å ta tilbake kontrollen, og erstatta marknadsstyring med demokratisk styring.\n\nEg bruker sterke ord i Stavanger Aftenblad i dag. Høge straumprisar er ille nok i seg sjølv. Ei Ap-leia regjering som nektar å driva sosialdemokratisk politikk er kanskje endå verre.