Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Sunnmøringar på hogget for sirkulærøkonomi! Eit reisebrev frå Volda og Ørsta. \n\nDenne veka tok Volda Venstre og Ørsta Venstre meg med på besøksrunde til bedrifter som satsar grønt – og lukkast. Skal vi klare omstillinga av samfunnet frå fossilt til fornybart - frå bruk, kast&sløsing til gjenbruk og sirkulærøkonomi- så er det bedriftene som må gå i front. Og vi som politikarar som må legge til rette for dei. \n\nSunnmøringane KAN å bygge bedrifter og skape arbeidsplassar, så når dei no kastar seg for fullt inn i den grøne omstillinga – då kan det gå fort!\n\nVartdal Plast er ei klassisk sunnmørsk industri-historie. På 1960-talet starta Jan Vartdal opp og laga som den fyrste i verda fiske-emballasje av isopor. 60 år etter er det tredje generasjon Vartdal som eig og driv bedrifta, som no omset for 1,2 mrd NOK i året, har nær 300 tilsette og anlegg over heile landet. No er dei i full gang med tidenes største omstilling. Miljø- og klimaavtrykka skal ned – isopor skal samlast systematisk inn og gjenbrukast – alt skal inn i «lukka kretslaup» som vil gjere både mat og bygg meir klimavenlege og berekraftige (og m a kutte i bruk av betong i bygg). Vi fekk omvising på den imponerande fabrikken av Jan Endre Vartdal – ein drivande entusiast, som gler seg til å snu opp-ned på mykje av det dei har drive med til no, og bli ein del av framtidas sirkulærøkonomi.\n\nI Hornindal møtte vi ein gründer som er i gang med ca same idé på eit anna område: Sirkulærøkonomi og kontroll på alle ressursane i gjødsel frå husdyr og oppdrettsfisk. Ronny Haugen driv i dag stort innanfor gjødseltransport på heile Nordvestlandet med bedrifta Haugen Maskin AS, men han har merka seg kor mykje av ressursane i gjødsla som går til spille, og forureinar i staden for å kome til nytte. Difor er han no, saman med partnerar, i gang med å utvikle eit storskala, topp moderne biogass-anlegg i Hornindal – som kan produsere biometan ut av husdyrgjødsel og fiskeavfall, fange CO2-en som blir til overs – og så i tillegg få ut like god gjødsel som jordforbetringsmiddel som før, med fosfor og nitrogen tilbake i krinslaupet. Han er allereie komen langt – prosjektet er så og seie gryteklart, tomta ligg ferdig og kontrakter på råstoff er på plass. Eit grunder-prosjekt av beste merke – som er med å løyse klimakrisa og gjere matproduksjon meir berekraftig.\n\nI Furene mellom Volda og Ørsta held ei anna bedrift med full fart over frå fossil til fornybar økonomi til: Vertikal Service As. Grunder Åsmund Vaage var klatre-entusiast, og såg for mange år sidan muligheten til å gjere jobbar høgt til værs ingen andre klarte. Så balla det på seg, som det så ofte gjer på Sunnmøre. No har bedrifta nær 100 tilsette, og gjer med bruk av tau fagjobbar med vedlikehald og service der det er vanskeleg for andre å kome til, både oppe i høgda, inne i fjellet og andre stader. Pr i dag er det olje &gass som er største segmentet – men den store framtida ser dei i fornybar energi, spesielt i offshore vind. «Få ut fingeren» og kom i gang med å bygge norsk industri på offshore vind, var den klare beskjeden frå Vertikal Service og dagens CEO, Leif Røv.\n\nPå vegen mellom bedriftene rakk vi også ein god stopp på Høgskulen i Volda, der rektor Johan Roppen stolt kunne syne rundt på det flotte nybygget til medielinja, og fortelje om ein høgskule som er i sterk vekst (4.500 studentar), og stadig meir blir ein «utviklingsmotor» for heile Nordvestlandet. Desentralisert høgare utdanning er alfa og omega i distriktspolitikken – Volda-miljøet er eit framifrå døme på det.\n\nDagen vart avslutta på Nynorskens Mekka: Ivar Aaasen-tunet i Hovdebygda, der vi hadde ei flott samling for Venstre-folk frå Volda, Ørsta og Hareid. Dei er entusiastiske over å vere med i eit parti i vekst og med ein god nasjonal profil – ser fram til godt samarbeid vidare med både Venstre-folk, bedrifter, høgskule og alle andre på Sunnmøre i åra framover!

Postet:
2022-06-22 09:42:38

Delt innhold:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre-এর পোস্ট করা ফটো