Person / Aktør:
Kulturdepartementet

Innlegg:
🔸15 kunstmuseum får tilsaman 19 millionar kroner til innkjøp av samtidskunst, kunsthandverk og design. 🔸Målet med tildelinga er å stimulere til skapande kunstnarleg aktivitet i heile landet, og medverke til utvikling av samlingane. 🔸– Vi har sett at støtte til kunstkjøp har vore eit vellukka tiltak, og i denne runden vil vi særleg fremme samiske samtidskunstnarar. Difor får RiddoDuottarMuseat v/ Sámediggi - Sametinget og Nordnorsk Kunstmuseum tre millionar kvar, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja. 🔸Ein million kvar får Henie Onstad Kunstsenter, Drammens Museum, KODE, Musea i Sogn og Fjordane, Vestfoldmuseene, Preus museum, Lillehammer Kunstmuseum, SØRLANDETS KUNSTMUSEUM, Haugalandmuseet, Museum Stavanger, Musea på Sunnmøre heiter no Viti, Museene i Sør-Trøndelag og Museet Midt.

Postet:
2021-06-29 10:02:16