Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2020-01-04 13:47:41

Eg finn det utruleg rart at Oslo-byrådet ser ut til å takke nei til fleire milliardar kr over 10 år som kan gå til lågare bompengar og betre kollektivtilbod. Og dette berre fordi dei ikkje vil ha lågare bompengar. Forstå det dei som kan 🤷🏻‍♂️

Jon Georg Dale
2020-01-03 12:19:04

Moderniseringa av samferdselssektoren pågår i full fart. Staten vegvesen vil bygge raskare, billigare og betre framover. Moro at mange i etaten no er klare til å bygge meir veg!

Jon Georg Dale
2019-12-31 20:05:18

I kveld feirer vi nyttår med ein Nashville reunion! 2019 vart eit år fylt med utfordringar og gode øyeblikk, både privat og på jobb. Lat oss håpe 2020 vert på same måte. Godt nytt år til dykk alle! 🤠🥳

Jon Georg Dale
2019-12-24 16:53:11

Tett før Sølvguttene ringer jula inn. Pinnekjøtet er under kontroll, og ho mamma har lånt vekk forkledet. Då kjem roa sigande. Eg ynskjer alle ei God Jul 🎅🏻🌲🐑

Jon Georg Dale
2019-12-21 12:32:12

Posten «lever for å levere», og no er det mange pakkar i omløp før jul! Eg fekk prøve meg som postmann no i førjulstida 😄 📬📯

Jon Georg Dale
2019-12-20 07:48:19

God morgon! Nå er eg ein tur på Oslo lufthavn Gardermoen for å ønske folk ei god tur heim til jul. Her er det mulig å finne julestemninga, skal du ut å reise før jul? 😊

Jon Georg Dale
2019-12-19 17:58:15

Drønn! 🧨💥 Og der vart fyrste salve sprengt for strekninga Drammen-Kobbervikdalen. Eit viktig jernbaneprosjekt for framtida på Vestfoldbanen! (PS! Du kan høyre smellet i videoen)

Jon Georg Dale
2019-12-19 14:01:48

Fantastisk gøy å få opne tunnelen på E134, mellom Gvammen-Århus. Heilt utan bompengar! 😍

Jon Georg Dale
2019-12-16 18:29:49

I over 100 år har Frelsesarmeen satt ut julegryter rundt om i heile landet, og i dag fekk eg prøve meg som som vakt ved gryta ved Universitetsplassen i Oslo 😊🎄

Jon Georg Dale
2019-12-15 12:53:47

Ein stor dag for norsk jernbane! 🚂 I dag fekk eg klippe snora som indikerer starten for Go-Ahead Nordic på norsk jernbane. Mangfold på jernbanen gir eit betre jernbanetilbud for folk flest!

Jon Georg Dale
2019-12-11 19:19:49

Var det nokon som sa asfalt? 😄

Jon Georg Dale
2019-12-11 15:03:39

I snart 1,5 år har Karine vore rådgjevaren min. Ho har gitt utrulig mange gode råd, og nokre få mindre gode. I tillegg har ho jobba seint og tidleg med å få kvardagen min til å fungere, planlagt reiser og handtert eit utal pressehenvendingar. No skal ho jobbe for Siv Jensen i tida som kjem. Siv er heldig, eg har ikkje vore bort i mange med ein slik arbeidskapasitet som Karine har. Heldigvis er Bjørn-Kristian på plass å skal overta. Han er ung, men har lang erfaring. Så dette går nok bra! Dei begge har vertfall lært at bilde, det...

Jon Georg Dale
2019-12-11 11:05:31

I dag er det debatt i Stortinget om budsjett 2020. Sjå alt vi gjer neste år! 🚗🚚🚜🚛🚂🚴🏻‍♂️

Jon Georg Dale
2019-12-09 17:01:50

Å bryte opp monopol gir resultat. Etter cirka tre år med jernbanereform har monopolisten Vy utvikla seg til å bli eit selskap som toler internasjonal konkurranse. Det er det all grunn til å applaudere!

Jon Georg Dale
2019-12-03 21:49:10

For fyrste gong i historia eksporterer Noreg sjømat for over 100 milliardar kroner! Tusen takk til alle dykk som har bidrege til denne rekorden 🙂 Les meir: regjeringen.no/100mrd

Jon Georg Dale
2019-11-29 10:51:35

Endeleg ein kommentator som har forstått at å bygge veg, er å bygge landet. Eit velfortent spark på leggen til hans kameratar i Oslo- avisene.

Jon Georg Dale
2019-11-22 07:04:47

Vi kan ikkje ha reglar som gjer at godis, gløgg og anna godt vert kasta i søpla framfor gitt til gode formål for å slippe å betale ei avgift. Bra at Siv Jensen no ryddar opp! Fremskrittspartiet FrP i regjering fjernar avgifta på matgåver 👍

Jon Georg Dale
2019-11-21 19:01:30

MDG vil ha ein ny flyskatt som vil ramme distrikta i Noreg formidabelt. Mange stader i Noreg er fly det einaste kollektivtilbodet vi har.

Jon Georg Dale
2019-11-21 09:54:04

MDG vil ha ein ny flyskatt som vil ramme distrikta i Noreg formidabelt. Mange stader i Noreg er fly det einaste kollektivtilbodet vi har. Dette viser at MDG ikkje veit kva som skal til for å halde folk og arbeidsplassar i distrikta. Når dei i tillegg skal straffe hardtarbeidande folk som tar med familien på ein Sydentur med ei rekning på 4800 kroner - Da er det tydeleg at ein ikkje har skjønt det norske folk.

Jon Georg Dale
2019-11-19 07:16:39

Litt etter litt gjer vi kvardagen enklare for folk og bedrifter. Vi har allereie gjort forenklingar for næringslivet for 15 mrd. kroner, og har mål om å forenkle for 10 mrd. til. Har du nokre tips?

Laster...
Laster...