Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2020-03-01 16:22:31

Møre og Romsdal FrP vil ha bruke kunnskap og teknologi til å utvikle olje- og gassindustrien i fleire tiår framover. Då må vi opne for ein dynamisk definisjon av iskanten, slik både industrien og LO har foreslått. Vi står opp for dei titusenvis av arbeidsplassane som stadig fleire politikarar vil sette i spel med usikre rammevilkår for denne viktige næringa. https://www.dagsavisen.no/nyheter/innenriks/fylkeslag-i-frp-vil-flytte-iskanten-nordover-jon-georg-dale-er-stralende-fornoyd-1.1673866

Jon Georg Dale
2020-02-25 12:59:45

Når Nordland Fylke tok til vitet og reverserte si takstauke sa Møre og Romsdal Fylke at dei ikkje hadde råd. No viser det seg at dei gjekk med over 300 mill. Kroner i overskot i fjor. No bør Møre og Romsdal snu og få kutta ferjeprisane til det beste for folk og næringsliv. Noko seier meg at Frank Sve kjem med eit forslag om det ganske raskt!

Jon Georg Dale
2020-02-12 19:31:39

Det sjefen sa!

Jon Georg Dale
2020-02-11 17:54:38

Nye klimamål som ein ikkje veit kostnaden på, og stadig vandring mot venstre i oljepolitikken gir grunn til bekymring! Vi treng både inntektene og arbeidsplassane i olje- og gassindustrien i overskueleg framtid!

Jon Georg Dale
2020-02-11 10:21:04

Endeleg får FrP gjennomslag for ei reell kompensasjonsordning for pelsdyrbøndene.

Jon Georg Dale
2020-02-10 20:49:57

Akkurat som vi sa før helga! Symbolpolitikken vinn fram, kva det kostar og kven som skal betale gilde er ingen som kan svare på. Skal ein le eller grine?

Jon Georg Dale
2020-02-08 16:43:25

Arbeiderpartiets kamp mot arbeidsfolk held fram. No vil Trondheim AP fase ut norsk oljeproduksjon før 2050 av hensyn til klimaet. FNs klimapanel seier derimot at energibehovet vårt kjem til å dekkast av mellom 16-26% petroleum i 2050. Arbeiderpartiet sender dermed ei gedigen gåve til sjeikane i midt-austen, medan regninga går til industriarbeiderane i Norge. Fullstendig meiningslaust!

Jon Georg Dale
2020-02-08 08:08:14

Eg spør: * Kor stor andel av dei globale utsleppa er det Norge som står bak? 1 promille svarer Klimaministeren * Kor mykje kjem dei nye måla til å koste? Veit ikkje svarer Klimaministeren. * Kor mykje vil dei norske måla redusere dei globale utsleppa? Veit ikkje svarer klimaministeren. * kva betyr dei nye måla for norske arbeidsplassar? Veit ikkje svarer klimaministeren. Det er berre å gratulere Venstre med ein ny seier over fornufta. Er du einig med FrP i at dette er meiningslaus symbolpolitikk? I så fall må du gjerne dele dette innlegget.

Jon Georg Dale
2020-02-07 15:08:11

I dag har Venstre vunne nok ein seier over fornufta. Nye klimamål vil gå ut over bilistar i distrikta, muligheitene for landbruket og ikkje minst norske arbeidsplassar i heile landet. Vi treng fleire arbeidsplassar, ikkje færre. Vedtaket frå regjeringa er direkte uklokt.

Jon Georg Dale
2020-02-03 22:05:00

Knallmåling for FrP, fram 7% frå forrige måling! Det er rett å slett litt moro!

Jon Georg Dale
2020-02-01 10:54:56

Godt frå BT. Kampen mot meiningslause forbud er ikkje over! Er du einig? Legg i så fall igjen ein kommentar om kva du meiner burde være neste forbud som bør stå for fall!

Jon Georg Dale
2020-01-31 19:41:27

Vi treng ein klimapolitikk som kuttar utslepp, ikkje flyttar arbeidsplassar ut av landet. Eg trudde i min naivitet at Arbeiderpartiet skulle være einig i det, men den gang ei...

Jon Georg Dale
2020-01-27 21:20:11

«Du ska itte trø i graset» 20 års tradisjon i Frognerparken av å vise fram flotte bilar i samband med 4.juli markeringa får no nei av Oslo kommune. Motstanden mot bilentuiasmen får ei ny omdreining!

Jon Georg Dale
2020-01-27 11:48:14

Etter snart 6,5 års arbeid i regjeringskvartalet går turen til Stortinget. Fortsatt eit par viktige saker å følge opp på Samferdselsområdet, både ferjeprisar og arbeid med NTP. I løpet av veka får eg nok tildelt nytt ansvarsområde også. Spennande blir det!

Jon Georg Dale
2020-01-24 11:06:35

Etter meir enn 2 år som statssekretær i Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet samt 1500 dagar som statsråd i Landbruks- og matdepartementet og i Samferdsel avsluttar vi i dag eit viktig kapittel. Vi har opna marked og brutt monopol. Vi har reformert og tenkt nytt. Vi har bygd landet. Det har vore eit privilegium. Takk til alt embetsverk som har vore med og gjort det mulig. Takk til alle politiske medarbeiderane mine som har stått på utover det eg kan forvente. Takk til gode kollegaer i Stortinget. Takk til Erna for at ho har gitt meg tillit. Takk til Siv. Siv som...

Jon Georg Dale
2020-01-21 21:13:17

Det ser ut som om det er mange som er einig med Fremskrittspartiet i at når vi blir satt på prøve, då må vi svare med å stå opp for dei grunnverdiane dette landet er tufta på.

Jon Georg Dale
2020-01-18 21:51:50

Det er ingenting i vegen med FrPs moralske kompass, tvert imot. Vi står opp for dei verdiane Noreg er tufta på, vi står opp for friheitsverdiane våre, og vi bekjempar ekstremisme.

Jon Georg Dale
2020-01-14 11:16:34

No har heldigvis ferjeopprøret fått det politiske fleirtalet i Nordland fylkeskommune til å innsjå at dei høge billettprisane var urimelege. Dei har gjort kuvending og seier at dei skal sette ned takstane. Det er bra, og eg vil gi dei honnør for å ta ansvaret sitt. No håper eg berre fleirtalet i mitt eige heimfylke, Møre og Romsdal, let seg inspirere av det som har skjedd i nord.

Jon Georg Dale
2020-01-07 10:25:07

Utruleg kjekt å besøke Fiskerstrand verft i dag, med mange engasjerte folk med gode innspel frå den maritime næringa på Sunnmøre 🚢⚓️⛴

Jon Georg Dale
2020-01-06 08:09:01

Tidleg opp! Eg starta dagen på Politisk kvarter i NRK mot Aps Raymond Johansen om regjeringas bompengeavtale. Det virkar på meg som om det viktigste for Raymond er å ikkje få lågare bompengar i Oslo, og for det er han villig til å ofre fleire milliardar kr til betre kollektivtransport i hovedstaden. Det er trist!

Laster...
Laster...