Beta
Søket ga 479 treff.
2023-03-10 20:51:42

Det frosne landskapet får stadige dryss av kvit pynt for tida.\n\nDet første og det siste biletet er begge tatt frå Østbøbrua med ein halvtimes mellomrom.\n\n#Søyådalen #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway #vinter #snø #elv

2023-03-06 17:57:23

Så fint og mjukt lys på det snøkledde nordmørslandskapet #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway #vinter #snø

2023-03-05 16:46:05

Nedsnødd benk er også koseleg #snø #vinter #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway

2023-03-04 11:46:28

Stemninga på badeplassen. Rart kva hobbyar ein kan få, men dagleg bading i fjorden er i alle fall av det oppkvikkande slaget😊 #vinterbading

2023-03-01 19:11:46

Det var rik tilgang på hasselnøtter rett ved huset vårt i haust. \n\nSå heiter det då også "Haltbakkan" ikkje så langt herifrå: Halt er dialektordet for hassel:)\n\n#hassel #hasselnøtter #naturensrikdom

2023-02-22 19:15:33

Sensurerande «krenkekorrektur» i litteratur og kunst kan bli interessant dersom vi tek for oss folkeeventyra!\n \nMange reagerte heldigvis ganske så kraftig i går då det vart kjent at bøkene til Roald Dahl i Storbritannia skal gjerast mindre «krenkande». \n\nTil dømes skal «små menn» hos Umpa-Lumpaane bli til «små personar». \n\n«Feit» skal bli til «enorm». «Stygg» skal bli til «ekkel». \n\n(Som om noko av dette skulle betre situasjonen for nokon.)\n \nI eventyra til Asbjørnsen og Moe kan vi mellom anna lesa: «Huttetu! Her lukter så kristen manns blod». \n\nViss vi skal lesa kritisk krenkekorrektur på dette, kan det kanskje bli slik:\n...

2023-02-21 21:55:34

Ein flott haustdag i Vassdalen nær Vindøldalen for nokre år sidan #vassdalen #vindøldalen #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway

2023-02-21 16:17:45

Eg elskar laks! Prøvde meg på ceviche for første gong i går - nam nam🤩 #middagstips #norsklaks

2023-02-20 12:59:17

Litt spenning i kvardagen blir det når ein badar i fjorden og denne kjem dansande med bølgene😅 #vinterbading #nordvik #nordmøre

2023-02-20 09:22:31

Frå Ålvundfjorden i går, med snødrev der ute #ålvundfjord #sunndal #nordmøre #møreogromsdal #norway #vinter #fjord

2023-02-19 20:00:15

Strålande @sandraborch besøkte fylkesårsmøtet til Møre og Romsdal Senterparti i Ålesund i helga. @stinewhagen og eg hadde hyggeleg selskap med ho før festmiddagen i går #senterpartiet #festklaredamer

2023-02-17 16:24:06

Eg er eit utolmodig vesen, men eg har bevis på at eg kan ha tolmod òg! Døme på over tjue år gammalt pirk frå mi side #maleri #pirk

2023-02-15 22:05:46

Nydeleg ettermiddagsstund #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway #fjord #vinter

2023-02-14 15:30:56

(Ti år sidan.) Det var jammen bra det, då😂 #marsipan #marsipanerbraforvelværet

2023-02-14 10:52:48

Tema stigande sol og sprukken is #vinter #is #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway

2023-02-11 15:11:58

Går det an å bli oppriktig glad og begeistra av eit møte på ein fredagskveld? Ja, det fann eg ut i går😊\n\nVi treng alle påfyll av motivasjon somtid. Det å treffe svært oppegåande og hyggelege senterungdommar i Molde i går kveld var rett og slett ein ordentleg opptur for meg. \n\nHer er ein del av gjengen frå fylkesårsmøtet til Møre og Romsdal Senterungdom.\n\n#senterungdommen

2023-02-10 17:33:01

Staselege Eidsvollsgalleriet på #stortinget. Eg har ikkje så mange bilete av meg sjølv i dei fine romma i nasjonalforsamlinga vår, sjølv om eg er ofte på huset. I går kom kunstnar Sigmund Nyberg på besøk og tok nokre, også i lagtingssalen.

2023-02-06 20:10:14

Med bilete av yndlingsblomen min, liljekonvall, vil eg få ønskje alle samiske medborgarar til lukke med den samiske nasjonaldagen. Hipp hipp hurra🌹🌼🌺🌷#lihkkubeivviin

2023-02-04 17:36:31

Sambuaren og eg er einige om at eg kanskje bør bli litt meir vanleg. \n\nSå i 2019 begynte eg å sjå Melodi Grand Prix igjen. Prosjektet med å bli meir vanleg var i gang.\n\nSelfien rett før den internasjonale finalen tyder på at eg ikkje hadde nokon god start på prosjektet😂\n\nEin har det stort sett ikkje artigare enn ein gjer det til sjølv. Så i kveld under den nasjonale finalen blir det liknande antrekk og truleg like vill framtoning🤩😅\n\n#mgp

2023-02-04 11:45:55

Lys og skugge #stangvik #surnadal #nordmøre

Laster...
Laster...