Beta
Søket ga 162 treff.
Terje Breivik
2019-03-16 09:28:21

Etter besøkjet hjå Team Henriksen i går, var me innom Yx Kongsvik - House of Burger. Eigd og driven av Thomas Tveter, kanskje verdas mest entusiastiske og driftige Yx - drivar? I vesle Kongsvik sysselset stasjonen 12 personar (!), med stadige utvidingar og nye planar. Eg kan tilrå alle som køyrer E10 Kong Olavs Vei gjennom Kongsvik, Nordland, Norway å ta turen innom Thomas og gjengen hans. I tillegg til drivstoff og god mat har dei endå til fleire tilsette som kan skifta vindaugsviskarar ;)

Terje Breivik
2019-03-15 16:38:50

Team Henriksen i Kongsvik, Nordland, er til å verta imponert og i godt humør av. Ikkje minst av eigaren, Kine Anita Henriksen, som gjennom eigen innsats og risikovilje skapar sin eigen arbeidsplass og lagar eit unikt tilbod til barn og unge. Ved å kombinera reindrift og eit «Ut på vidda» - konsept lærer ein meir om reindrift og å bruka naturen på premissane til naturen.

Terje Breivik
2019-03-12 20:46:09

I dag vedtok eit samrøystes Storting å verna Øystesevassdraget. Ein stor dag for klassisk naturvern og vassdragsvern spesielt. Stor takk til alle eldsjeler som i ti - år har jobba for dette! Særleg er det grunn til å takka Naturvernforbundet Hordaland og Bergen og Hordaland Turlag.

Terje Breivik
2019-03-09 21:33:48

Vel verdt å sjå. Lær og le.

Terje Breivik
2019-03-08 14:55:54

Partileiar Trine Skei Grande er godt i gang med talen sin til Venstres landsmøte. Her framsnakkar ho gründerar, investorar og bedriftseigarar. Fantastiske menneske som tek stor risiko for å skapa verdiar me andre, fellesskapet er heilt avhengige av. Menneske me heiar på og som me treng fleire av! Båten bak er ein nullutsleppsbåt frå Brødrene Aa:

Terje Breivik
2019-03-08 14:11:41

Dagens nyhende: Oljefondet trekkjer seg ut av oljeselskap. Ein viktig siger for Venstre i regjering, og eit viktig vedtak for å redusera finansiell risiko. Sidan oljefondet er ein av verdas mest attraktive investorar og eigarar vil det truleg og bidra til at fleire oljeselskap gradvis aukar satsinga på fornybar energi. https://e24.no/energi/oljefondet/regjeringen-har-bestemt-seg-oljefondet-boer-selge-oljeaksjene/24574975

Terje Breivik
2019-03-08 13:33:24

Klart for landsmøte i Venstre 2019. Svingande opning av Strindens Promenade Orchester:

Terje Breivik
2019-02-26 09:18:46

Politikarlivet er mangslungent og tidvis både friskt og vått. Her står eg og Ingrid Bjørke Nisamjan, Kvam Venstre framfor Ørredalsfossen i Øystesevassdraget med ei kanne vatn henta i elva nedanfor fossen. Neste etappe er å frakta vatnet trygt til Løvebakken. Vatnet skal saksordførar i fredningssaka av Øystesevassdraget, Lars Haltbrekken, bruka til å koka festkaffe med same dag, dvs 12. mars, Stortinget samrøystes fredar vassdraget. Kaffen skal spanderast på Energi- og miljøkomiteen, klima- og miljøminister Ola Elvestuen og vonlegvis underteikna som kurér. Å få høve til å bidra til feiringa av fredinga av eit vassdrag med så store visuelle, opplevings- og...

Terje Breivik
2019-02-25 22:11:39

Saman med Ingrid Bjørke Nisamjan, leiar i Kvam Venstre, besøkte eg Dalen - Lid Jarnindustri i Norheimsund i dag. Ei imponerande verksemd som gradvis har ekspandert frå sykkelkjettingproduksjon i 1948 til ei hypermoderne produksjonsverksemd, vide kjend for eit breitt spekter av kvalitetsprodukt til landbruket, med omlag 60 tilsette og 100 mill. NOK i omsetnad. Her studerar eg og dagleg leiar Svein Ove Lid, ei nesten ferdig vedproduksjonsmaskin, eit av mange maskiner og reiskapar dei leverar:

Terje Breivik
2019-02-21 18:08:21

Sjå videoen med Julie Andersland og Erlend Horn (V), bystyrekandidatar for Bergen Venstre i verdas beste by, Bergen, og vert glad.

Terje Breivik
2019-02-21 13:39:40

Gratulerar til Indonesia som har klart å bremsa raseringa av regnskogen. Eit svært viktig klima- og klassisk naturverntiltak. På vegne av Norge har Venstre - kollega Ola Elvestuen vore på besøk for å bidra til å forsterka utviklinga. https://www.nrk.no/norge/indonesia-har-bremset-raseringen-av-regnskog-_-far-200-millioner-av-norge-1.14436391

Terje Breivik
2019-02-10 17:29:19

Landstyret til Venstre har i helga gjort mange politiske vedtak. Mellom anna vedtok me ei fråsegn om grûnderpolitikk og nyskaping. Noko Venstre prioriterar både nasjonalt og i lokalpolitikken: https://www.venstre.no/artikkel/2019/02/10/grunderpolitikk-i-heile-landet/

Terje Breivik
2019-02-09 12:06:58

Trine Skei Grande innleiar til politisk debatt på landsstyremøtet til Venstre på Scandic hotell Helsfyr, Oslo, i møterommet Vossevangen. Heia Voss! Likestilling, arbeidsplassar, grøn vekst, skule og eit samfunn der toleranse, mangfald, likeverd og framtidsoptimisme er viktige verdiar, er hovudtema.

Terje Breivik
2019-01-28 08:11:12

Her gjer Shifter meg høvet til å snakka om gründer og innovasjonspolitikk: https://shifter.no/grunderpolitikeren-feirer-seire-men-et-av-de-viktigste-tiltakene-er-det-nesten-ingen-som-bruker/

Terje Breivik
2018-12-11 09:35:53

I går vart pleiepengeordninga debattert i Stortinget. Å ha eit alvorleg sjukt barn, med usikker framtid og tunge og smertefulle dagar, er det verste ein kan oppleva som forelder. Rett og slett eit mareritt. Ein slik situasjon påverkar heile kvardagen. Ein må ofte gå ned i stillingsprosent eller slutta i jobben, for å kunna vera til stades for barnet sitt. Mange mister mykje søvn på grunn av vakenetter. Når barnet ditt er så sjukt at ein eller begge foreldra ikkje kan jobba fullt, må me ha eit velferdssystem som kompenserer. Derfor er eg så glad for at regjeringa i fjor...

Terje Breivik
2018-11-11 09:51:26
Hordaland Venstre

Vestland Venstre har valgt sin førstekandidat til neste års fylkestingsvalg: vi gratulerer Gunhild Berge Stang fra Fjaler som vår fylkesordførerkandidat!

Terje Breivik
2018-11-08 07:14:28

Nok ein forvitneleg kommentarartikkel i Bergens Tidende. Denne gongen om korleis republikanarane (mis-)brukar makta si til å gjera endringar i valkretsar og krav til ID for å påverka valresultatet: https://www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/vm2MOw/Valtap-for-demokratiet

Terje Breivik
2018-11-05 13:16:27

I dag kan me alle framsnakka Venstres varaordførar i Ski, Camilla Hille, som systematisk og prisverdig framhevar politikarar frå andre parti.

Terje Breivik
2018-11-02 12:27:16

I dag heiar eg på dei gul - blåe Venstre er Norges einaste sosialliberale parti. Me tuftar all politikk på sentrale verdiar som toleranse, mangfald, internasjonal solidaritet, framtidsoptimisme, fellesskap og fridom. Skal fridomen vera reell for alle, må ein og vera fri frå fattigdom, nød og ulikskap. Den sosiale dimensjonen som forklarar kvifor Venstre alltid vil kjempa for tidleg innsats, ein sterk offentleg skule og kamp mot barnefattigdom. Komande generasjonar må og ha same fridom til å nyta og nytta ressursane slik me har glede av. Venstre vil difor alltid prioritera kamp mot klimaendringar og forringing av naturmangfald høgt. Sosialliberalismen...

Terje Breivik
2018-10-20 15:00:51

På Venstre sin Landskonferanse 2018 har Trine Skei Grande akkurat helde tale. Der la ho stor vekt på ideologien til partiet, sosialliberalismen, og dei viktigaste verdiane politikken vår er tufta på; toleranse, fellesskap, framtidsoptimisme, internasjonal solidaritet og fridom. Og skal fridomen vera reell for alle, må ein og vera fri frå fattigdom, nød og ulikskap. Meir om talen finn ein her: https://www.venstre.no/artikkel/2018/10/20/trines-tale-til-landskonferansen/

Laster...
Laster...