Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2020-04-23 11:02:47

FrP står opp for alle dei titusenvis som jobbar i industrien! Dette er ikkje tida for å sette arbeidsplassar i spel! Einig?

Jon Georg Dale
2020-04-22 10:32:03

I motsetning til Jonas Gahr Støre trur ikkje eg at det er tang og tare Norge vil leva av i framtida. Fleire i Arbeiderpartiet har varsla at de vil gjøre det umulig for oljenæringa å leite i nordområda. Dette blir syretesten på om Ap setter interessane til arbeidsfolk fyrst, eller om partiet har forlatt industriarbeiderane ein gong for alle. Lik og del hvis du meiner Arbeiderpartiets klappjakt på oljenæringa må slutte!

Jon Georg Dale
2020-04-20 18:48:59

Noreg har ikkje råd til at Venstre og miljøbevegelsen får nok eit symbolsk klimagjennomslag ved å flytte iskanten sørover. No må vi sørge for at det er aktivitet på sokkelen i åra som kjem, ikkje begrense olje- og gassnæringa sine muligheiter for å gjere nye investeringar i nord. Einig? Lik og del gjerne! Sjå heile debatten her: https://sumo.tv2.no/nyheter/nyhetene/1730-2020-episode-60-1552353.html?showPlayer=true

Jon Georg Dale
2020-04-16 20:43:41

Norske arbeidsplassar står på spel. Vi treng forutsigbarheit for olje- og gassindustrien. Venstre kan ikkje få gjennomslag for meiningslause symbol i klima- og miljøpolitikken som set tusenvis av arbeidsplassar i fare. Om Regjeringa set norske interesser først droppar dei alle forslag om å flytte iskanten sørover. Lik og del om du er einig!

Jon Georg Dale
2020-04-15 11:54:01

Dette er illevarslande både for norsk økonomi og arbeidsplassar langs heile kysten. Det må tas umiddelbare grep. FrP meiner vi må gjere fleire nødvendige endringar: - Vi må endre skatteregime, for å stimulere til at investeringar og vedlikehold på sokkelen kjem no, ikkje om fleire år. - Vi må sikre industrien tilgang på nye leiteområder. - Vi må få vedtatt en forvaltningsplan for Barentshavet (iskanten) som legg til rette for vidare vekst. - Vi må øke forskningsaktiviteten - Vi må få til et samarbeid med leverandørindustrien på land som bidreg til å trygge arbeidsplassar også i landbasert industri. Del gjerne...

Jon Georg Dale
2020-04-12 15:19:00

Dette bildet har eg valgt å kalle: «Ingen alvorleg skadde i forsøket» Sykkelsesongen er dermed i gang med eit brak. Undervegs føltes det som om eg låg i lange perioder langt over makspuls! God påske! 😎🚲🤪🐣

Jon Georg Dale
2020-04-07 06:30:59

No må vi sjå på behova, ikkje på kalenderen. FrP støttar regjeringa sin krisepakke, men dei må også kome norske oljearbeidarar i møte. Vi må rett å slett sikre at dei 150 milliardar kronene som er planlagt investert i olje- og gassindustrien blir gjennomført no, skal vi få til det har vi ikkje tid til å vente. Dette handler om å trygge jobbane til folk, og det handlar om å trygge bedriftene kysten rundt! Del gjerne!

Jon Georg Dale
2020-03-30 14:30:07

Klimakur på bærtur? Eg kjenner Leif Forsell som ein mann med sterk fagleg integritet. Ein mann som let politikarane styre departementa, men som alltid syt for at ein tek avgjerd på eit godt fagleg grunnlag. I dette innlegget sender han "ein torpedo midtskips" på deler av det faglege grunnlaget i klimakur, ein klimakur som kan sette tusenvis av arbeidsplassar i fare. Dette tek Framstegspartiet på stort alvor både når det gjeld arbeidsplassar i jordbruket og i olje- og gassindustrien. Vi kan ikkje legge stein til børa for norske bedrifter som er inne i ekstremt krevande tider, tvert om må vi...

Jon Georg Dale
2020-03-29 19:33:10

Er du interresert i kva vi arbeider med i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, eller er du kanskje frå Rogaland? I begge tilfeller bør du følge denne sida Terje Halleland Fremskrittspartiet. Naturligvis i tillegg til å legge igjen dine tips til forslag for å halde aktiviteten oppe på norsk sokkel i kommentarfeltet under her!

Jon Georg Dale
2020-03-28 18:21:29

Cowboystrekken unnagjort, så no kan kvelden kome! God helg! 🤠🙄

Jon Georg Dale
2020-03-24 11:36:00

No må vi trygge arbeidsplassane gjennom Koronakrisa, ikkje auke kostnadane for næringslivet og folk flest. Derfor bør regjeringa sleppe alt arbeid med klimakur og sette alle krefter inn på å sikre jobbane våre. Del gjerne om du er einig?

Jon Georg Dale
2020-03-21 11:30:22

Vi er inne i ein nasjonal dugnad, og Norges Bank sett ned styringsrenta for å sikre bedrifter og privatøkonomien til folk flest. No varslar likevel fleire bankar at dei ikkje vil la eksisterande kundar nyte god av rentekuttet for i slutten på April. Har du ein slik bank er mitt råd: Bytt bank så fort som råd!

Jon Georg Dale
2020-03-20 11:13:39

Dette konseptet med heimekontor kan jo være litt kjedelig i lengda, men med dette været på balkongen gjekk telefonmøte med Terje Halleland som ein drøm. 🌞 Einige om nye forslag for å sikre arbeidsplassar i industrien vart vi også.

Jon Georg Dale
2020-03-16 10:55:12

Ein alvorstung dag i Stortinget. Samstundes viser denne dagen folkestyret på sitt beste. Eit samla Storting er einige om tiltak som gir betre vilkår for bedrifter som slit, og ikkje minst til alle dei arbeidstakarane som driv dette landet i det daglege. I dag bidreg vi til å lette børa for dei som vert hardast råka av tiltaka for å begrense koronasmitta. På denne måten står vi i fellesskap saman for å berge industri og arbeidsplassar. Nokre av dei viktigaste tillegga til regjeringa sine forslag er(beklager bokmål i det vidare): -Permitterte skal få full lønn (inntil 6G) i 20 dager....

Jon Georg Dale
2020-03-15 20:09:22

Kongen er heilt konge! Følg råda frå helsemyndigheitene, og bidra på den måten til å redde liv. Eller som Kongen sa det: «Saman står vi i dette, og saman skal vi klare å kome gjennom det som ligg framfor oss»

Jon Georg Dale
2020-03-12 09:47:39

La folk ha kjøttkakene sine i fred. Heilt meiningslaust å skulle gi ungar dårlig samvittigheit for å ete vanlig norsk mat. At skulen skal bidra til dette er heilt vanvittig. Kva meiner du?

Jon Georg Dale
2020-03-10 10:15:55

Heilt einig med Bård Hoksrud, staten bør ikkje kunne plassere ein bomstasjon og GPS i din personbil! Kva synes du om at KrF spring etter Jonas Gahr Støre sitt forslag om å plassere eit taksameter i din bil?

Jon Georg Dale
2020-03-07 16:46:58

For ein fantastisk dag! God helg 😎

Jon Georg Dale
2020-03-02 18:29:26

Nettopp! Skal ein føre ein effektiv klimapolitikk må ein stille spørsmål ved etablerte sanningar, og ein må utfordre det politisk korrekte. Det er naturligvis ubehagelig for mange, men likevel er det heilt nødvendig.

Jon Georg Dale
2020-03-02 08:50:46

Feilslått klimanasjonalisme gjer at vi plagar folk med svindyr symbolpolitikk, det må vi slutte med. Skift ut europeisk kullkraft med norsk gass, og la folk ha fredagstacoen i fred! Einig? Del gjerne!

Laster...
Laster...