Beta
Søket ga 333 treff.

Prisane på mat og dagligvarer stig og stig - Næringsministeren skyt om seg med ord i alle retningar som ein Rambo med vasspistol. Dette går ikkje lenger. No kallar Venstre inn Næringsminister Vestre "på teppet" i Stortinget - for å forlange at det Stortinget har vedtatt for å kutte matprisane blir gjennomført. \n\nDet er ingen tvil om at manglande konkurranse og makt-opphoping på få hender er ein vesentleg årsak til dei høge daglegvareprisane. Det er ikkje bøndene og andre produsentar av mat som stikk av med superprofitten – problema ligg lenger oppe i systemet. Her må det hardare lut til...

Meir venlege ord om norsk næringsliv endrar ikkje ein stadig like uvennlig næringsliv frå regjeringa Støre. Glimrande innlegg av Venstre-leiar Guri Melby i Stortinget i dag!

Næringslivets Hovedorganisasjon sin årskonferanse i Oslo Spektrum i dag: Knallsterkt program med krigen i Ukraina som dystert bakteppe for det meste.\n\nNATO sin generalsekretær Jens Stoltenberg var glitrande både retorisk og i sin alvorlege bodskap: Eit sterkare felles forsvar og meir samarbeid i Europa er vår viktigaste garanti for varig fred – og Ukraina må få våpenhjelpa dei treng for å hindre Putin i å vinne sin brutale angrepskrig.\n\nTysklands nærings- og klimaminister og Visekansler Robert Habeck var takksam for norsk gass som ei «nødløysing» akkurat no – men var samtidig heilt tydeleg på at olje og gass ikkje er framtida for...

Kva var årets lyspunkt i krigsåret 2022, og kva gruar vi oss mest til i 2023 av dei "mindre ting i verda"? Les mitt, Guri Melby og mange andre sine svar her

Nedteljing til jul 💫🤩🥰 #bjørlo #eidselva #nordfjord #verdasbesteveslestad

Sårbare gravide og nybakte nøste som blir råka av fødselsdepresjon må følgjast opp betre enn i dag - les meir i denne saka på NRK Vestland Venstre

Sårbare gravide og nybakte nøste som blir råka av fødselsdepresjon må følgjast opp betre enn i dag - les meir i denne saka på NRK Vestland Venstre

Heile 190 studieprogram ved norske universitet og høgskular kan bli hardt ramma når regjeringa og SV neste år innfører studieavgift for utanlandsstudentar i Noreg (og norske studentar i utlandet). Dette kan få store følgjer for mange av utdanningsinstitusjonane våre, særleg på dei mindre studiestadane. Venstre vil gjeninnføre gratisprinsippet for høgare utdanning - og gjere det vi kan for å bøte på skadene av det vedtaket regjeringa no har gjort.

"Vi har fått ei regjering der små og store private bedrifter ikkje lenger har kjensla av å vere med å bygge landet, men av å vere nokon regjeringa ønsker vekk. Venstre sitt budsjettforslag har ein radikalt annan kurs for å legge til rette for framtidas verdiskaparar. Vi trur på mangfaldet, skaparkrafta og dei gode ideane. Vi treng ein offensiv, grøn næringspolitikk som ser framover."\n\nDet er noko av det eg sa i mitt hovudinnlegg for Venstre i Stortingets debatt om Næringsbudsjettet 2023: Her kan du sjå (eller lese) heile innlegget: \n--- \n\nInnlegg i Stortings-debatten om Næringskomiteen sin del av statsbudsjettet, 19....

Over nyttår er det slutt på regjeringa si straumstøtteordning til bedrifter som slit med høge straumrekningar - og ingen gode alternativ er på plass, slik regjeringa lova med brask og bram. No må bedriftene få straumhjelp som treff og hjelper på ordentlig! Venstre legg fram to konkrete forslag i Stortinget på måndag.

Naturen som ein gong var. Eg har skrive innlegg i Nationen om naturkrisa verda står i, inspirert av Cappelens Dyreleksikon i seks bind frå 1981. Venstre

Modum Bad: Ei kjelde til liv, som ikkje må byggast ned!\n\nI dag besøkte Guri Melby og eg Modum Bad i Buskerud – eitt av Noregs største og mest respekterte fagmiljø på behandling av angst, depresjon, traumer og spiseforstyrringar med over 300 tilsette. Og eit fantastisk flott anlegg med over 100 bygningar og store friområde (inkludert skule/barnehage slik at dei kan ta imot familiar i familieterapi), og 65 års historie i ryggen.\n\nNo står Modum Bad i fare for å måtte bygge ned og kutte i tilbod neste år, fordi Ap/Sp-regjeringa «over natta» fjernar tilbodet om Fritt Behandlingsval, som har gjort det...

I statsbudsjett-forliket mellom Ap, Sp og SV blir løyvingane til ENØK-tiltak og energisparing for folk flest kutta med 280 millionar kroner! Det er HEILT feil medisin - vi må satse meir på ENØK, ikkje mindre! Måndag 12. desember har budsjettkameratane sjansen til å rette opp tabben i Stortinget. Venstre tar kampen for ENØK for folk flest saman med Rødt, MDG og Krf Altinget.no

Her – langt nede i fjellet ved Nordfjorden i bygda Lefdal midt mellom Eid og Måløy – vil du i framtida finne Noregs «kollektive minne» og våre nasjonale «super-datamaskiner». Det er til å klype seg i armen av for oss som har følgd prosjektet sidan Sindre Kvalheim i 2010 fekk den ville og relativt ambisiøse ideen om potensialet i den nedlagde olivin-gruva som han var «oppflaska» i fordi faren var gruvesjef då Sindre vaks opp – men no skjer det. Akkurat slik Sindre våga å seie høgt i 2010. \n\nI går markerte to statsrådar oppstarten av Sigma2 si innflytting i...

Ny kanonmåling for Venstre i kveld: 5,8%, mest fram - og større enn Senterpartiet for tredje gong av fem mulige dei siste to vekene! Guri Melby Sveinung Rotevatn Abid Raja

Look to Sweden! Sist veke var eg på studietur til Göteborg med Abelia/ FIN (Foreningen for innovasjonsselskap i Norge),\ninnovasjonsselskap og inkubatorar frå heile Noreg, Siva SF og Nærings- og fiskeridepartementet for å sjå korleis svenskane jobbar med å legge til rette for grøn omstilling og ny næringsvekst med tettare samarbeid enn nokon sinne mellom store bedrifter, nye startup-selskap, universitet/høgskular og offentleg sektor.\n\nSærleg imponerande var det å sjå den enorme satsinga i Gøteborg på å bygge opp ikkje berre nye bedrifter, men ein heilt ny bydel rundt helsenæring og livsvitenskap (life science), GoCo Health Innovation City – og korleis den svære...

Look to Sweden! Sist veke var eg på studietur til Göteborg med Abelia/ FIN (Foreningen for innovasjonsselskap i Norge),\ninnovasjonsselskap og inkubatorar frå heile Noreg, SIVA og Nærings- og fiskeridepartementet for å sjå korleis svenskane jobbar med å legge til rette for grøn omstilling og ny næringsvekst med tettare samarbeid enn nokon sinne mellom store bedrifter, nye startup-selskap, universitet/høgskular og offentleg sektor.\n\nSærleg imponerande var det å sjå den enorme satsinga i Gøteborg på å bygge opp ikkje berre nye bedrifter, men ein heilt ny bydel rundt helsenæring og livsvitenskap (life science) – og korleis den svære bil- og IKT-bransjen i Gøteborg...

Landbruket har alt å tene på å bli ein aktiv og sentral del av norsk klimapolitikk, ikkje "stå på utsida" som i dag. Ein viktig debatt blir sparka i gang i denne saka frå NRK Vestland!

Statsbudsjettet tar Noreg baklengs inn i framtida: Les ferskt innlegg eg har på trykk i Dagens Næringsliv i dag Venstre

Venstre veks! For nokre veker sidan sa eg (utan å tenkje meg godt nok om ja) til å gjere eit litt spesielt stunt dersom talet betalande medlemmer i Venstre passerte fjoråret. Sist veke skjedde det - på denne videoen kan du sjå kva som då skjedde..

Laster...
Laster...