Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2020-06-27 13:36:42

Syklinga flytta heim i Dalsfjorden i strålande sol. Fint på slike dagar. Ha ei strålande helg😎

Jon Georg Dale
2020-06-24 17:21:19

Ha ein fin sommarkveld. Dagens konklusjon: solkrem er truleg ikkje så dumt som eg hittil har trudd!

Jon Georg Dale
2020-06-22 18:00:13

Sola forsvann, så då brukte eg sykkelen til å inspisere heimtraktene til Bård Hoksrud! Flott natur, men dei kunne godt gjort det litt flatare. Fint å sykle no som ny veg er ferdig, og trafikken er vekk frå den gamle og trafikkfarlege E18. Dagens konklusjon: vegbygging er bra for alle! 🚲🚙

Jon Georg Dale
2020-06-18 10:02:19

I dag er iskanten til debatt i Stortinget. Fremskrittspartiet kjemper for norske industriarbeidsplassar og framtidig velferd. Då må vi fortsatt utvikle oljeindustrien! Enig?

Jon Georg Dale
2020-06-09 12:53:42

Arbeiderpartiet brukte makta si i Stortinget til å stoppe hastebehandlinga av vårt vindkraftforslag. Det betyr dessverre at Stortinget ikkje får behandla dette før nærare jul. I mellomtida frykter FrP at vi vil sjå ei irreversibel nedbygging av norsk natur. Rett og slett utrulig skuffande! Enig?

Jon Georg Dale
2020-05-30 18:52:15

Venstresida og miljøaktivistar var raskt på bana under koronakrisa og brukte den låge oljeprisen som argument for å avvikle oljenæringa. Som vanleg var dommedagsprofetiane om norsk oljedød sterkt overdrive! I ein ny rapport fryktar det internasjonale energibyrået IEA, "oljetørke" i 2025. Vi risikerer rett og slett at verda vil ha behov for langt meir olje og gass enn kva dei globale aktørane klarer å produsere. Dette kan gi Norge unike muligheit til å skape tusenvis av nye arbeidsplassar. Derfor må vi raskt i gong med investeringane på sokkelen. Det forhandler FrP om å legge grunnlaget for gjennom betring i oljeskatten....

Jon Georg Dale
2020-05-20 07:31:47

"Hvis Norge slutter å produsere olje vil andre land over natta ta over produksjonen, arbeidsplassane og inntektene våre". Hørt det før? FrP har lenge advart mot konsekvensane av å la symbolpolitikk trumfe fornufta i oljepolitikken. No har regjeringa foreslått å stenge deler av sokkelen i nord, medan Russland opnar opp. Det er dessverre grunn til å frykte at Russland vil pumpe opp olje som er tilgjengeleg frå både norsk og russisk side, medan Norge let dette ligge. Vi kan ikke ta sjansen på å gi vekk milliarder av kroner og tusenvis av arbeidsplassar. Vi må ta vare på norske interesser,...

Jon Georg Dale
2020-05-17 10:19:09

🇳🇴🇳🇴Det er eit år sidan eg feira 17. Mai med eit par tusen nordmenn i Soutwalk Park i London, der eg holdt hovudtalen. I år vert det ei ganske annaleis feiring. Eg ynskjer alle likevel ei fin 17. Mai feiring, og ser fram til dagen der vi møtast igjen! 🇳🇴🇳🇴 Hipp hipp hurra!

Jon Georg Dale
2020-05-15 19:21:03

Så lenge verda etterspør olje og gass, bør Norge produsere og selge det! Les kva eg meiner om oljepolitikk, energibransjen, flyskam og mykje meir spennande her!

Jon Georg Dale
2020-05-13 20:06:28

Det er så gale, at eg først trudde eg hørte feil. MDG vil kutte redningspakkar til flybransjen og oljeindustrien, og stenge ned samfunnet for å kutte klimagassutslepp. Konsekvensen er at tusenvis blir varig arbeidsledige, og hus og heim settast i spel. MDG har ingenting å tilby til folk dei vil ta jobben frå. Dei vil berre gjere oss til eit fattigare land. Det er rett og slett skremmande! Einig?

Jon Georg Dale
2020-05-13 08:22:28

MDG vil bruke koronakrisa til å snu Norge opp ned. I ei tid der 400.000 står utan jobb og konkursar truar bedrifter og velferdssamfunnet vårt, er det siste vi no treng svindyr symbolpolitikk frå MDG! Lik og del hvis du er einig! Sjå debatten her: https://www.tv2.no/v/1564113/

Jon Georg Dale
2020-05-12 18:53:01

I dag kom revidert nasjonalbudsjett. Der vises for alvor kor alvorleg situasjonen er for norske bedrifter og arbeidsplassar. Det er mange bransjar som no treng endå sterkare tiltak. Eksempelvis må vi få til ei kraftig forbetring av forslaget om oljeskatt. Regjeringa har brukt tida dårlig når dei ikkje har gjort heilt nødvendige forbedringar i oljeskatten. Resultatet er dessverre at arbeidsplassar vert sett unødig i fare. No skal Fremskrittspartiet gjer en jobb i Stortinget for å trygge jobbane til folk! Sjå heile innslaget her: https://sumo.tv2.no/nyheter/nyhetene/nyhetene-16-00-2020-episode-104-1558237.html?showPlayer=true

Jon Georg Dale
2020-05-11 19:06:42

Politikarar skal ikkje bestemme kva du skal ha på matbordet. No vil politikarar og byråkratar bak rapporten Klimakur 2030 redusere norsk kjøttproduksjon fordi kyra truar klimaet. Du kan seie mykje rart om dei norske kyra, men ho er verken menneskeskapt eller klimaproblem. Lik og del om du vil halde oppe norsk matproduksjon! Sjå heile debatten her: https://tv.nrk.no/serie/dagsnytt-atten-tv/202005/NNFA56051120/avspiller

Jon Georg Dale
2020-05-08 18:53:56

Mange har ofra mykje, andre måtte ofre alt! Fridom kjem ikkje av seg sjølv, den må kjempast for. Takk for innsatsen til alle menn og kvinner som den dag i dag er sendt ut i verda for å forsvare våre interesser, og takk til alle veteraner der ute. I dag flaggar vi for dykk, for konge og for fedreland.

Jon Georg Dale
2020-05-08 08:23:01

Den norske klimadebatten er for unyansert, og ber preg av dommedagsprofeti godt oppfyrt av MDG. Ungane treng framtidstru og optimisme, ikkje skam. Del gjerne om du er einig!

Jon Georg Dale
2020-04-30 13:49:44

Regjeringa bommar fullstendig når dei vil auke avgiftene for industrien, og svekkar lønnsomheita i investeringaner i nye oljefelt. Det må FrP rette opp i. Samtidig er det bra at dei no leverer store skatteforslag for oljeindustrien etter bestilling fra FrP. Dessverre er det likevel nødvendig med store forbetringar for å trygge arbeidsplassane i industrien i tida framover.

Jon Georg Dale
2020-04-29 12:47:58

Denne frå Bjørn-Kristian Svendsrud er vel verdt å lese! Godt at FpU står opp for privat næringsliv, i ei tid der det er viktigare enn på svært lenge.

Jon Georg Dale
2020-04-28 18:37:26

I motsetning til SV trur ikkje eg at ein reddar klimaet ved å øydelegga norsk natur eller norske byar med vindmøller folk ikkje vil ha. Treng vi meir straum i framtida må vi i staden effektivisere vasskraftverka. For FrP er det uaktuelt med statlig tvang for å plassere vindmøller som kommunene ikkje vil ha! Lik og del hvis du er enig!

Jon Georg Dale
2020-04-24 20:07:05

Eg er skuffa over at regjeringa ikkje har lagt større vekt på dei klare anbefalingane frå Oljedirektoratet og oljenæringa om å ikkje flytte iskantsona sørover. Samtidig er det bra at Venstre har fått så lite gjennomslag, det gjer at oljenæringa i stor grad kan fortsette som før. FrP er no innstilt på å forhandle løysingar med regjeringa for å trygge titusenvis av arbeidsplassar i oljenæringa fremover! Kva meiner du?

Jon Georg Dale
2020-04-23 18:42:25

For FrP er det uaktuelt at norske straumkundar skal ta rekninga for at andre land skal kutte CO2-utsleppa sine. Lik og del hvis du er einig!

Laster...
Laster...