Beta
Søket ga 1100 treff.

Har i dag vore i Bergen og besøkt årsmøte i Norsk Sjømannsforbund Kampen for norske sjøfolk er viktig for Senterpartiet. Glad for at budskapet ble tatt god i mot.

«Tidenes distriktsløft» kaller KrF tvangsammenslåing av fylker og ei tilnærma uforståelig liste med «nye oppgaver». «Et steg på veien mot å fjerne fylkene» sier FrP. Eg trur det er FrP som har rett. Frykteleg svakt av Kristeleg Folkeparti. Dette er knallhard sentralisering.

Seriøs gjeng i den norske ambassaden i Tokyo. Mannen lengst til høyre er OL-minister for Tokyo 2020. Tøff jobb! Eg lova han fire norske gull - og han var litt skeptisk til at Norge skulle ta dei tri fyrste plassene på 5000 m. Mannen i midten er leder for venneforeningen Japan-Norge i parlamentet. Han taler. Ambassadøren vår i Japan passer på at alt går rett for seg. Og ytterst til venstre tolken som får Podlest-engelsk til å bli topp kvalitet japansk.

Aeon supermarket i Kyoto. Norsk laks: ja. Norsk makrell: ja. Men Tine melk fant eg ikkje.

Høgre og Frp held fram den massive sentraliseringa av tenester. Høgre viser til digitalisering som grunngjeving. Trur Høgre at ungdom kan køyre opp til lappen via ein app? Eg vil i alle fall ikkje ha sjåførar som har teke lappen via Altinn! Her må det framlegg i Stortinget til for å stoppa regjeringa.

Eg er ikkje mot alt som kommer fra EU. Å slutte med å stilla klokka to gonger i året er eg veldig for. Sjølv har eg bestemt meg for at normaltid er best. Det er fordi «arbeidsfolk» trenger lyset meir på formiddagen enn «kontorister» treng «lyse» ettermiddager. Eg vil og på det sterkaste advare mot at dette vert eit tema i budsjettforhandlingane mellom KrF og regjeringa. Då frykter eg me vil ende opp med: Vestland 13.00, Trøndelag 13.15, Nordland 13.22, Viken vest 13.28 og Viken øst 13.30. Finnmark/Troms 19.00 (Ulan Bator/Mongolia tid)

Har du sett Trygve Hegnar er uenig med meg. Men jeg skal gi han rett i en ting: Det er uforskammet av meg å kalle regjeringen og KrF for «denne gjengen.» Når kritikken kjem frå en som lever av sleivspark tar jeg til meg den. Men jeg er bare så redd for at også denne høsten vil hundrevis/tusenvis av norske arbeidsplasser ofres for å få budsjettet til å gå i hop. Det er blitt en vane for «den gjengen».

Kommunene langs kysten med lakseoppdrett får i 2018 utbetalt 2,7 milliardar kroner frå Havbruksfondet. Det er kjekt å sjå korleis det me vart einige om i næringskomiteen no gjer at kommunane får pengar dei kan bruke til beste for innbyggjarane. Så får ein heller leva med at regjeringa får oppgåva med å vera «julenisse» for ei ordning som blei snekra saman på stortinget. (Ikkje ein sein nattetime - men gjennom god dialog mellom partia på dagtid) Her finn du tala: https://www.regjeringen.no/contentassets/d340461180b449ceb8d63c7b1e9a2f07/utbetaling-havbruksfondet-2018.pdf

Kjekk kveld med Trygve Slagsvold Vedum på Kvitsøy. Meir enn 1 % av innbyggjarane vart med i Senterpartiet.

Alle har vunnet i Sverige. Snedig. Enklere med Norge. Vi tapte 1-0 mot Bulgaria.

I morgon tidleg er det eit skjebnemøte om bompenger Nord-Jæren hos samferdselsministeren. Som eg venta er ikkje den nye statsråden så fastlåst på å kjøre hardt på vedtatt opplegg som den avgåtte statsråden var. Eg meiner det kan vera lurt å utsetja den varsla bomringen til 1. januar 2019 slik at ein kan få avklart situasjonen politisk før bomringen vert sett i verk. Det er truleg ingenting som hindrer samferdselsministeren å utsetja bomringen om ein lokalt ynskjer det. I morgen kjem også Sp-leiaren til Rogaland. Bomringen vert også eit tema på hans besøk.

Ønsker Centerpartiet lykke til med valget i dag! 🇸🇪

Senterpartiet står på for at me også i framtida skal ha norske sjøfolk. Norske sjøfolk er skroget for heile den maritime næringa i Noreg. Denne veka har eg vore i København saman med Sjømannsforbundet for å møte ulike aktørar og snakka for at me og i framtida skal ha nordiske sjøfolk på ferjene i Norden. Regjeringa vil lempe på desse reglane og åpne for at Color Line kan bytta ut hundrevis av nordmenn på sine skip med billeg utanlandsk arbeidskraft. Om KrF gjer regjeringa støtte til dette - fryktar eg og Sp at dei andre nordiske landa vil/må svekke sine...

Eg har hatt ei innhalds arbeidsveke. Vanlegvis er eg flink til å sikra fotodokumentasjon av ting eg gjer. Denne veka har det vore elendig på det. Dette er beste bilete. Men stikkord frå ting eg har gjort denne veka: Agenda, Dagfinn Høybråten, Nye Veier, Jærradioen, sjøpølse, NRK, Bavaria, kontrollutvalg, Stortinget, DFDS, Folketinget.

Ein bonde frå Voss leverte søknad om produksjonstilskot nokre timer etter at søknadsfristen hadde gått ut. Det fekk enorme økonomiske konsekvenser for bonden. 200 000 kroner kosta det han. Landbruksministeren vil ikkje gripe inn og endra dette. Her er konsekvensane om du gløymer på andre områder: -Leverer du årsregnskap til Brønnøysundsregisteret for seint må du betale 1130 kroner per uke. -Har du glemt å betale faktura til ei private bedrift kan dei kreve 70 kroner i gebyr - men ikke før det er gått 14 dager over forfall. -Har du gløymd å levera ei bok hos Deichman må du betale...

Finansdepartementet og ESA diskuterer om auken i sukkeravgifta som Frp, H, V og KrF gjorde er lovleg eller ikkje. Her eit utdrag frå eit brev frå Finansdepartementet som handler om kjeks. Det er sukkersøtt byråkrati på sitt beste: «It is however clarified, in the Norwegian Regulation, that biscuits are included only if they are i) completely coated with chocolate and/or sugary pulp or ii) partially coated with chocolate and/or has an intermediate layer of chocolate and/or sugary pulp, when the pulp constitutes more than 50 percent of the total weight of the biscuit. Biscuits not fulfilling these criteria are not...

Utsetter kraftig avgiftsøkning til neste år - selges ut av samferdselsministeren som «lik og del sak». No er det viktig at regjeringa raskt avklarer korleis dei vil handtera saka vidare. Utan den utsetjinga så ville salet av bilar stoppa heilt opp. Våre naboland har avklara dette for lenge sidan.

Er det ikkje snart nok byråkrati?

Kan den som er for tvangsbruk og regionreform strekke opp en arm? Og så typisk at Frp vil ha Oslo-modell i heile landet. Det er er faktisk forskjell på Oslo og Gjesdal. Nok er nok. Stopp tvangsbruken og høyr på kva ein ynskjer lokalt. Regionreformen er meir ein «deform» enn ein «reform».

Kan den som er for tvangsbruk og regionreform strekke opp en arm? Og så typisk at Frp vil ha Oslo-modell i heile landet. Det er er faktisk forskjell på Oslo og Gjesdal. Nok er nok. Stopp tvangsbruken og høyr på kva ein ynskjer lokalt. Regionreformen er meir ein «deform» enn ein «reform».

Laster...
Laster...