Beta
Søket ga 198 treff.
Liv Kari Eskeland
2023-02-27 15:44:36

Slik ser det ut når VG skal ta fotoshoot til ei sak om mangel av bussjåfører. Videregående opplæring har søknadsfrist desse dagar. Vel du å bli bussjåfør er du garantert jobb- har du vurdert dette yrket?\nNo er det stor mangel på sjåførar, det kan gå ut over kollektivtilbodet- kanskje spesielt i distrikta. Snittalderen er nær 52 år, 30% er over 60 år.\nOg kva Høgre vil gjera med denne mangelen på sjåførar?\n- Det manglar dyktige yrkessjåførlærarar, der har vi fremma ein tiltakspakke som fekk fleirtal\n- vi har lagt fram ein ungdomsskulereform som satsar enno meir på yrkesfaglege linjer og valfag\n- og...

Liv Kari Eskeland
2023-02-24 16:24:45

Lærdalstunell og utsleppsfrie verdsarvfjordar var tema då Olve Grotle og eg traff lokale ordførarkandidatar og fylkestingskandidat Noralv Distad til samtalar og politisk verkstad i går og i dag.\nFør utbetring av Lærdalstunellen må konsekvensar av stenging grundig konsekvensutgreiast- kva føljer får dei forskjellige alternativa for bu og arbeidsmarknad, næringsliv og varetransport?\nOg korleis skal vi oppretthalde Flåm som ei av verdas mest spektakulære cruisedestinasjonar etter 2026 når vi samstundes ønsker null- utslepp i verdsarvfjordane våre?\nOm regjeringa kjenner si besøkelsestid får vi det til💪

Liv Kari Eskeland
2023-02-21 13:22:17

Det hender ein må ta ein litt anna vri for å få merksemd kring sakene ein jobber med.\n\nSå no er det sendt inn spørsmål om kvar saka om planprogrammet ligg i løypa:\n\n"Eg tenkjer nok statsråden, til liks med meg\nEr ivrig på korleis det skal ryddast til veg\nEit planprogram må difor først på bordet\nOg det kjem på plass med ein statsråd ved roret\nSom ikkje vil venta til nyår blir vår,\nMen ha fortgang i sakene han foreslår\nSå difor vi trur, og tek han på ordet\nAt før våren er her, er programmet på bordet?"\n\nSå får vi sjå kva statsråden svarar🤩\n\n

Liv Kari Eskeland
2023-02-13 18:09:39

Saman med Høgre sin ordførarkandidat i Larvik, Birgitte Gulla Løken, fekk vi i dag eit djupdykk inn i UP sine oppgåver og arbeidsmetodar. Fjorårets ulukkesstatistikk vil vi ikkje ha tilbake, og UP sin kontrollerande rolle er viktig for at vi alle kan føle oss trygge på vegen. Fart, rus og uppmerksomheit tronar statistikken for kvifor det går galt. Stadig betre metodar avdekker fleire som er påverka av rus. Er det ein trend- eller er det berre metodane som er betre?

Liv Kari Eskeland
2023-02-11 09:42:08

Måling er måling, men det seier noko om at vi saknar Erna ved roret. God helg💙

Liv Kari Eskeland
2023-02-10 15:33:33

Framtidas hurtigbåt er utsleppsfri! det er faktisk mogleg, og viser at vår innovative maritime næring får det til om dei vert utfordra. Godt møte i dag, med presentasjon av nye grønne båtar som har potensiale også ute i andre delar av verda. Kumera Marine sto for invitasjonen, grunder og designer Ola Lilloe-Olsen for presentasjonen.

Liv Kari Eskeland
2023-02-07 06:22:04

Tenk å nyte ferien i el-båt🤩

Liv Kari Eskeland
2023-02-04 13:07:16

Singapore - eit land utan naturressurser, men med evne til å legge tilrette for næringslivet. Det har gitt utvikling. Her har vi mykje å lære. Mange spanande møter, men mest av alt vart eg imponert over norsk næringsliv som vi møtte. Norske teknologibedrifter som skal bidra til det grøne skifte. Som vert ønska varmt velkomen der ute i verda. Norge ligg langt framme- vi kan verkeleg vera stolte 🤩

Liv Kari Eskeland
2023-01-28 22:41:37

Korea. På grensa. Mellom nord og sør. Stillingskrig og år med våpenkvile. Men mest av alt- eit grelt eksempel på at politikk virker, at det ikkje er likegyldig kven som styrer, kva retning eit land tek, innbyggere sine muligheiter til gode liv, eller liv under åk. Tankevekkende.

Liv Kari Eskeland
2023-01-27 15:13:46

Transportkomiteen er ute i den store verda, denne gongen i Sør-Korea. I dag har vi vore på besøk på Hyundai verftet og sett hamna i Busan, der togturen frå Seoul var del av opplegget. Sjølvsagt litt blanda følelser ved å sjå Goliat modellen, ein plattform vi svært gjerne skulle ha bygd på våre lokale verft. \nMen med sine 46 byggeprosjekt pr år ( nesten eitt i veka) tre store tørrdokker, og 14 Goliat- kraner der vi har ei, er det å forstå at er tøff konkurranse. Dei har bygd infrastruktur og eit gedigent verft på nokre få ti-år. Det fortel...

Liv Kari Eskeland
2023-01-24 12:37:32

To dager i Stockholm i Nordisk råd. Nordisk nytte for alle prosjekt og oppgåver er førende for arbeidet. \nAlltid flott å oppleve andre parlament- kulturutveksling parlamentarikere i mellom er ein del av sideeffektane. Spanande å høyre korleis andre jobbar, alltid noko å lære.

Liv Kari Eskeland
2023-01-22 21:53:20

Supert lag, dream team! Skal stå tidleg opp dei som skal matche denne gjengen💙

Liv Kari Eskeland
2023-01-20 08:06:04

Saman med Christine Meyer (H) (byrådskandidat i Bergen) tek vi tak i dei store utfordringane som ligg føre oss med tanke på at vi stadig blir eldre, og med det treng bustader som gjer at eldre friske kan vera aktive langt inn i alderdomen. Fleire har nok sett Brennpunkt-dokumentaren om det å bli gamal i Noreg denne veka, og gjort seg nokre tankar. Kommunane må legge tilrette, men også vi som om nokre år vil bli pensjonistar bør allereie no tenke på korleis vi vil bu når vi blir eldre. Har du gjort deg tankar om dette?

Liv Kari Eskeland
2023-01-16 16:53:15

Korleis vil du ha framtidas bryggeri, og korleis vil du bu når du blir eldre?\nTo gode møter i Bergen i dag, første møte med Bergen Ombrukssentral, og neste med arkitektkontoret LOCAL. \nVi har diskutert sirkulærøkonomi i byggeprosjekt og eldrebustadet integrert i bymiljø.\nSaman med Joakim Eikeland Hordvik, Bergen Ombrukssentral as, Charlotte Spurkeland, Bergen Høyre, Ragnhild Friis-Ottessen og Astrid Hårstad ( begge Bergen Næringsråd)\nog\nJérome Picard, LOCAL og Christine Meyer, brådslederkand Høyre ( og ein ivrig journalist frå Dagbladet)

Liv Kari Eskeland
2023-01-04 17:40:01

I gang med første debatt - korleis blir bilåret 2023? ( i regi av OLV)\nTja- kva trur du? Blir det solgt fleire eller færre biler enn i 2022? Og korleis går det med el- bil slaget? Korleis påvirker skatte og avgiftsnivået vår evne til å skifte ut den fossile bilparken?

Liv Kari Eskeland
2023-01-04 10:02:46

Då er bi i gang!

Liv Kari Eskeland
2022-12-21 17:33:28

Då var klubba til stortingspresidenten svinga for siste gong dette året, og vi ønsker kvarandre ei riktig god jul🎄

Liv Kari Eskeland
2022-12-21 12:33:51

Det hjelper lite å skilte med gratis ferjer når ferjene ikkje går. Det viktigaste er at det er økonomi til å drifte ferjene.

Liv Kari Eskeland
2022-12-21 12:30:39

Fin julepresang - regjeringa vart tvinga på plass, og det skulle berre mangle!

Liv Kari Eskeland
2022-12-15 13:50:26

Statnett må etterkvart få eit mandat for å legge tilrette for havvind. Det ver jobba med dette men skal vi kome i mål med havvind før 2030 må tempo opp.

Laster...
Laster...