Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2023-02-23 16:20:08

Las du om at Equinor har hyra et advokatselskap i USA som reklamerer med å vere gode på fagforeningsknusing, og vart du opprørt? 🤯 Eg òg. \n\nLes meir i lenka i kommentarfeltet.

Hadia Tajik
2023-02-23 07:59:48

Eg skriv i Dagsavisen i dag om måten me i arbeiderrørsla bruker uttrykket ‘de med de sterkeste skuldrene må bære den tyngste børa’, og at samanhengen dette vert sagt i fortel oss mykje om kven sin styrke me anerkjenner - og kva me meiner at denne styrken går ut på.\n\nLenke til artikkelen i kommentarfeltet. Del gjerne kva du sjølv tenker 🌹

Hadia Tajik
2023-02-21 20:23:50

To fine dagar i Vadsø 🥰 Årsmøte i Vadsø Ap, men òg nyttige treff med mellom anna Varanger kraft, aktører frå kulturnæringa, dei lokale gründerane bak verdas nordlegaste lokalbryggeri, Qvænbrygg, og forskarar frå Universitetet i Tromsø (COAT) som samler inn data på kva klimaendringane gjer med arktiske områder.\n\nDet var møter til inspirasjon og nytte. Masse lukke til i valkampen, ordførar Wenche Pedersen 🌹✊🏻

Hadia Tajik
2023-02-18 13:52:46

Årsmøte hos AUF i Rogaland 🥰 Flott start på laurdagen. Dei har arbeidd særskilt med politikk på energi/ klima og justis/beredskap, som har vore spanande å lese om. Eg snakka om korleis AUF har endra politikken til Arbeiderpartiet på konkrete områder, og slik forma regjeringsplattformen, som no former Norge. \n\nTakk òg til Sola Ap for god kick-off på valkampen i går, og politisk debatt om alt frå straum til helse ☺️🌹

Hadia Tajik
2023-02-17 14:23:39

Solkraft bør vere ein større del av energimiksen i Norge, seier eg til Dagbladet. ☀️ Les meir i lenka i kommentarfeltet.

Hadia Tajik
2023-02-14 18:20:22

Landsstyremøte i Arbeiderpartiet 🥰 Eg snakka om kva Russland sin angrepskrig kan gjere med resten av Europa: Om energi, demokrati - og posisjonen til autoritære krefter. \n\nDer la òg ordfører i Stavanger, Kari Nessa Nordtun fram det gode arbeidet til Energiutvalget 🌹 Du kan du lese meir om rapporten deira i lenka i kommentarfeltet.

Hadia Tajik
2023-02-13 19:15:14

Kjekt å få stikke innom årsmøtet til Voss Ap 🤩 Sjølv om det «berre» var digitalt. Det er ein kommune som har fått til mykje, mellom anna har dei:\n🌹 Fått på plass ein klimaplan, som ser klimakutt og arbeidsplasser i samanheng\n🌹 Satsa på offentleg velferd som sjukeheim med kjøkken, barnehage og skule\n🌹 Styrka det lokale reiselivet, som er eit viktig fundament for den økonomiske verdiskapinga i kommunen\n\nTakk til Hans-Erik Ringkjøb som har vore ordførar dei siste åra, og masse lukke til med året som kjem, Benedicte Kragh, som er ny ordførarkandidat 🥰

Hadia Tajik
2023-02-12 11:57:14

Kandidatskulering hos Østfold Ap i går 🥰 Snart klare for valkamp.

Hadia Tajik
2023-02-11 17:18:41

Fekk vere i panel med tre damer eg ser opp til på samlinga til kvinnenettverket i Oslo Ap 🤩 Rina Mariann Hansen er byråd for næring i hovudstaden, Katinka Riksfjord Sporsem leiar kvinnenettverket lokalt, og Gro Harlem Brundtland. Ho treng ingen ytterlegare introduksjon ✊🏻🌹 Me diskuterte likestillingspolitikk og kva utfordringar som ligg framfor oss på fordeling av pengemakt, seksuelle rettar og representasjon. God laurdag 🥰

Hadia Tajik
2023-02-10 14:04:42

Oppsummerer nyheiter frå veka som har gått i Nytt på Nytt i kveld kl 21.20 på NRK1. Håper du har lyst til å sjå på 😃 Den andre gjesten var kunstnar Vebjørn Sand - som viste seg å vere både ein varm person og morsam 🥰\n\nFoto 📸: Ole Kaland, NRK

Hadia Tajik
2023-02-09 12:10:53

Beste avistittelen eg har sett 😂 Dersom det er fleire der ute som vil ha slutt på dommedagsstemning hos seg, må dei gjerne invitere meg. Send ein epost til hadia.tajik@stortinget.no, så skal eg gjere så godt eg kan 🤓🌹

Hadia Tajik
2023-02-07 21:54:36

Var i Bømlo - fann ein skikkelig fin møtebaby 🥰 Siv Linda Vespestad, ved sida av meg, er bestemor og kandidat ved lokalvalet i haust. Flott kveld på årsmøtet til Bømlo Ap, det er eit sterkt lag Thomas Kråkevik-Liaøy har med seg. Han er ordførarkandidaten vår 🌹 Spesielt fint å få vitje heimkommunen til stortingsrepresentant, Odd Harald Hovland ✊🏻

Hadia Tajik
2023-02-06 22:09:28

«EØS-avtalen innebærer både muligheter og begrensninger for Norge. Hva er det med denne avtalen som gjør at gjør at vi er så redde for å diskutere hvor grensene for den faktisk går?»\n\nEg har ein kronikk i VG i dag, om EØS, kraft og det såkalla «handlingsrommet».\n\nLenke i kommentarfeltet. Håper du vil lese. 🌹

Hadia Tajik
2023-02-04 13:04:09

Ingenting er som å vere ute, grille pølser og leike i snøen. God laurdag 🥰 \n\nFoto: Kristian 📸😍

Hadia Tajik
2023-01-31 21:01:40

Trine Lindborg, Ordførar - Bjørnafjorden kommune, er jammen ei grepa dame! Etter valet i 2019 overtok ho etter 20 år med Fremskrittparti-styre lokalt. Gjennom dei siste åra har ho både klart å prioritere næringssatsing lokalt - og å sørge for kjøkken på Luranetunet sjukeheim, og utlån av sportsutstyr gjennom BUA. I neste veke opnar ein lokal sykkelverkstad, der folk som får oppfølging på grunn av rus- og psykisk helse kan arbeide. Det var kjekt å vere på årsmøtet til Bjørnafjorden Arbeiderparti i dag 🤩🌹\n\nTakk òg til Arbeidsmandsforbundet avdeling 6 Vest, for at eg fekk koma innom styremøtet dykkar og drøfte...

Hadia Tajik
2023-01-30 20:38:57

Årsmøte hos partilaget vårt i industrikommunen Porsgrunn 🥰 Faktisk kåra til «Landets mest attraktive by», saman med Skien. Det trur eg er fordi dei ser koblinga mellom det å satse på offentleg velferd og det å vere ein populær stad for privat kapital og næringsliv. \n\nMe må skape for å kunne dele, ja, men jammen må me óg dele for å kunne skape. Når lokalsamfunn gjer det lett å delta, når arbeidsfolk er trygge, når barn og unge er inkludert og har ei lys framtid, då er det lettare å lykkast med den økonomiske verdiskapinga óg.\n\nMasse lukke til i valkampen,...

Hadia Tajik
2023-01-26 20:14:12

God kveld i stova. Skru på lyden 🥰 Sofia og eg syng duett 😅 🛌 Ai ai ai ai ai boff…

Hadia Tajik
2023-01-21 13:40:07

God laurdag frå Drammen 😍 Diskuterte likestillingspolitikk med kvinnenettverket vårt i Buskerud. Me snakka om:\n🌹 Pengar\n🌹 Seksuelle rettar\n🌹 Makt & representasjon\nMann og barn dro til Drammensbadet… 😅 Dei kosa seg óg 🥰

Hadia Tajik
2023-01-12 12:00:35

Me treng ei nasjonal plan for utbygging av meir kraft og nett. Formålet må vere å:\n🌹 Kutte klimautslepp\n🌹 Styrke industrien\n🌹 Halde straumprisane låge\n\nDette skriv eg om i Dagsavisen i dag. Lenke i kommentarfeltet - håper du vil lese.

Hadia Tajik
2023-01-10 20:57:28

To sneller foran og mange sneller bak 😅🧵Her er varaordførar Siri Sandvik (Ap) i Stad og eg, hjå Fiskvegn. Dei hadde 50-års jubileum for sin produksjon av fiskereiskap i dag.\n\nTidlegare på dagen møtte me også dei dyktige folka bak Fjordvarme AS, som har gode framlegg til dei som vil kutte klimautslepp og strømrekninga si. Teknisk sjef på Nordfjord sjukehus viste oss ENØK-arbeid i praksis, med imponerande resultat: Frå dei implementerte dei fyrste tiltaka sine i 1997 og til i dag har dei kutta energibruken med ca 2/3 🤩\n\nMe møtte og ukrainske flyktningar som no er busett i Stad. Det gjorde...

Laster...
Laster...