Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2020-10-16 18:07:10

Denne helga har FrP landsmøte. I år skjer det på videolink frå Ålesund! Talet på hurtigruteskip til kai fortel historia om kva Covid19 gjer med næringslivet langs kysten. Derfor er blandt dei sakene vi skal behandle nødvendige tiltak for norsk maritim industri, og norske sjøfolk. I dag skjer førebuingane, mellom anna med tur til fjellstua!

Jon Georg Dale
2020-10-01 08:07:05

Møtte i dag Høgre i Politisk kvarter om FrPs nei til regjeringsprosjektet "Langskip". Eg er skuffa over at Høgre meiner at skattebetalerane skal ta det meste av risikoen og 80% av regninga, medan selskapa skal sitte igjen med eventuell gevinst. FrP meiner ny teknologi og industri er kjempebra, men vi kan ikkje lat skattebetalerane få regninga på nesten 17 mrd. kroner og det meste av risikoen!

Jon Georg Dale
2020-09-30 18:40:42

FrP seier nei til det presenterte regjeringsprosjektet "Langskip". Forslaget frå regjeringa har for høg prislapp og gir for stor risiko for skattebetalerane. Vi treng ny teknologi, men i det prosjektet regjeringa har presentert er risikoen for ei ny månelanding for høg!

Jon Georg Dale
2020-09-30 08:28:16

Fin start på dagen!

Jon Georg Dale
2020-09-28 12:49:39

Gode nyheiter, og endå eit resultat av tiltakspakka som FrP kjempa for tidlegare i vår. Dette prosjektet sikrar 11.000 årsverk og nye investeringar på over 18 milliardar kroner på norsk sokkel. Det betyr nye arbeidsplassar og meir velferd for folk flest!

Jon Georg Dale
2020-09-25 18:25:17

Arbeiderpartiet er i ferd med å sette arbeidsplassar i fare gjennom ein radikal klimapolitikk. No må LO vise at dei ikkje er eit underbruk av Ap, men ein organisasjon som set arbeidstakarane fyrst!

Jon Georg Dale
2020-09-24 19:07:22

I ei tid der arbeidsløysa i Noreg er aukande bør vi prioritere å skape nye arbeidsplassar og gi industrien gode rammevilkår. Då er det synd at Arbeiderpartiet vil kopiere MDG sin klimapolitikk.... Kva meiner du?

Jon Georg Dale
2020-09-23 20:54:47

Støre har lenge sagt at han ikkje vil sitte i regjering med MDG. Istaden har Ap no adoptert heile MDG sin klimapolitikk! Avgiftene skal opp, oljeproduksjonen ned og norske industriarbeidsplassar skal vekk. No speler det ikkje lenger noko rolle om det er Une Bastholm eller Støre som styrer klimapolitikken. Det er like radikalt, like håplaust og like dyrt uavhengig av om sosialismen er raud eller grøn!

Jon Georg Dale
2020-09-22 18:22:14

Klimaaktivistane som i går saboterte delar av arbeidsdagen for folk hadde eit hovudbodskap til politikarane: «Fortell sannheten». Det fekk meg til å skrive nokre ord. Så her kjem sanninga, anten dei likar den eller ikkje. Del gjerne vidare!

Jon Georg Dale
2020-09-21 18:27:20

Dagens debatt mot ein professor fra Universitetet i Bergen som også er talsmann for demonstrantane som har holdt hendelse i heile dag. Dei gjennomførte ulovlege aksjonar, hindra folk som skal på arbeid og limte seg fast til næringsdepartementet. Alt dette angivelig i klimaets teneste... Men når dei blir utfordra på kva forslaget deira om å stenge norsk oljeproduksjon vil bety for verdas utslepp, ja då veit dei faktisk ikkje svaret. Det er til å bli heilt matt av! Mitt budskap: Når du ikkje har det minste peiling, kan du vertfall lat være å hindre skikkelige folk på veg til jobb!

Jon Georg Dale
2020-09-21 09:14:44

På banneret skriv disse folka «beklager bryderiet, men vi prøver å redde verden» Kan nokon være så grei at dei fortelle denne gjengen at verda aldri kjem til å bli redda av folk som set seg ned på ræva, og lenker seg fast midt i arbeidstida. Medan disse folka bruker politiets ressursar på å måtte rydde opp i dette tøvet, er norske industriarbeidarar på jobb og betaler skatt for å finansiere dette. Godt at politiet rydder opp!

Jon Georg Dale
2020-09-20 17:31:57

Det er ikkje vakkert, men det er viktig! Husk smittevern når du er ute å reiser. God Helg😷

Jon Georg Dale
2020-08-25 16:33:45

Når oljepumpene går for full hals gir det tusenvis av arbeidsplassar og bedre velferdstenester i Norge. Derfor treng vi fortsatt vekst i olje- og gassindustrien!

Jon Georg Dale
2020-08-19 09:29:55

Fram på meiningsmåling er ein fin måte å starte på etter ferien. Kva meiner du blir haustens viktigaste sak?

Jon Georg Dale
2020-08-14 19:08:18

Strålande dagar i Jotunheimen! Mandag startar arbeidet igjen! God helg så lenge! 🌞

Jon Georg Dale
2020-07-16 17:38:53

Kvar skal ein reise i ferien spør du? Sjå bildet seier eg! #sunnmøre

Jon Georg Dale
2020-07-13 20:56:31

Dalsfjorden sett både utover og innover. Bilda er tatt frå Sandhornet, og endåtil Volda klarte å snike seg med. Solbrillene funka fint, det gjorde dessverre ikkje sola! 😎🌞

Jon Georg Dale
2020-07-06 19:20:22

At Fremskrittspartiet fekk liberalisert lovverket slik at ein får selge Cider direkte frå garden er ei lukke! Det gir både verdiskaping i distrikta, og glede på ein kald kveld i ferien! 👍🥂🍎

Jon Georg Dale
2020-07-03 11:48:25

I 2021 feirer eg 20 år som medlem i FrP, og 18 år som folkevalgt. Det har vore morosamt, lærerike, krevande og interessante år. I 2010 fekk eg drømmejobben som politisk rådgjevar i Stortingsgruppa. Sidan den gong har eg fått stor tillit og mange oppgåver. Eg har fått vore med og planlagt valkampar, forhandla regjeringserklæringar, vore statssekretær og seinare statsråd i fleire departement. Eg har fått tillit frå velgarane til å sitte på Stortinget for å ivareta deira og Norges interesser. Det heile har vore eit enormt privilegium og eg er takksam for all tillit. Til tross for at eg...

Jon Georg Dale
2020-07-01 21:59:08

Få ting er betre enn å rive bomstasjonar, det einaste som kan konkurrere er å starte nye vegprosjekt uten bom!

Laster...
Laster...