Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2020-11-16 08:52:03

Starta dagen med å møte olje- og energiministeren til debatt om elektrifisering av sokkelen. For FrP er det uforståeleg at Høgre vil bruke milliardar av skattekroner på eit tiltak som vil auke straumprisane for folk og industri, og som ikkje vil redusere globale utslepp! Kva meiner du?

Jon Georg Dale
2020-11-13 20:39:37

Lat oss håpe dette stoppar verstingane på grensa. Det må være trygt å ferdast på norske vintervegar. Når FrP kom i regjering i 2013 var det ikkje ein gong påbudt å ha vinterdekk. No har Norge det strengaste regelverket i Europa, og hyppigare kontroll enn noko andre. Gjennom godt samarbeid med seriøse transportørar i Norge er dette endelig på plass. Eit av mange tiltak vi fekk på plass når vi sat i regjering og som bidreg til betre trafikktryggleik. Takk for samarbeidet til Norges Lastebileier-Forbund og Geir Mo!

Jon Georg Dale
2020-11-12 18:50:30

Dei sosialistiske partia vil slå av lyset på norsk sokkel og legge ned oljenæringa. Då må dei også være ærlege nok til å innrømme kva velferdstenester dei vil ta ifrå oss! Einig?

Jon Georg Dale
2020-11-12 13:58:05

I ei verda i krise kjem det gladsaker frå annleislandet Norge. Ja til fleire tiår til med norsk olje og gass!

Jon Georg Dale
2020-11-11 19:50:11

FrP sikrar lokalt veto mot nye vindkraftprosjekt!

Jon Georg Dale
2020-11-10 18:53:17

Fleire vindmøller, dyrare straum, kostnader på fleire milliardar og på toppen av det heile ukjent global klimaeffekt. Når dette er konsekvensane kan vi ikkje bruke skattepengar på å elektrifisere sokkelen! Kva meiner du?

Jon Georg Dale
2020-11-09 18:57:37

Fremskrittspartiet vil trygge jobbane langs heile kysten. Medan dei fleste av dei andre partia heile tida prøver å stikke nye kjeppar i hjula for oljenæringa, vil FrP som einaste parti prioritere meir pengar til oljeleiting. Viss Norge i framtida skal tilby gode velferdstenester, ja då treng vi inntektene frå olje og gass! Einig?

Jon Georg Dale
2020-11-09 09:04:44

Dei som vil legge ned norsk landbruk og ta fredagsbiffen frå folk i klimaets teneste, dei vil møte motstand frå FrP! Her illustrert av Nationen med ein.....kalkun.

Jon Georg Dale
2020-11-06 16:55:52

Trine Skei Grande fortel i si bok om eit Venstre som brukte pelsdyrbønder i eit høgt politisk spel. Skildringa viser så lite respekt for ærlige næringsdrivande sitt arbeid, og livsverk at det er til å grine av. Venstre sin tidlegare leiar kunne brukt muligheita til å beklage, istaden vel ho å hovere. Det er nitrist.

Jon Georg Dale
2020-10-30 20:57:52

Når du trur du har sett det meste, så finn MDG, fylkesmannen og Viken fylkeskommune kraftmaster som ikkje lenger er i bruk verneverdige. Det er visst eit kulturminne! Nokon som trur vi kjem til å gå tom for kraftmaster med det første?

Jon Georg Dale
2020-10-29 18:56:35

Nok ein gong rammar terroren Frankrike. President Macron står opp for våre vestlege verdiar og vår ytringsfridom. No må vi alle stå saman med Frankrike og fordømme dette angrepet på vårt levesett og våre verdiar! 🇫🇷

Jon Georg Dale
2020-10-25 12:20:13

Mantraet til venstresida om at klimapolitikken må smerte for industrien og gjere nordmenn til eit fattigare folk heng ikkje på greip! Store utsleppskutt kan gjennomførast raskt og effektivt i utlandet, til ein kjend pris og effekt. Les meir her👇

Jon Georg Dale
2020-10-24 15:43:14

Venter på kolonnekjøring gjennom fjellet. Enn så lenge får vi konstatere at vinteren er på veg. God helg! 🚧🚙⛄️❄️

Jon Georg Dale
2020-10-22 19:00:35

Medan venstresida kappast om å legge ned Norges viktigaste næring, står FrP fjellstøtt på industriens, arbeidsfolk og velferdssamfunnets side. Kvar står du?

Jon Georg Dale
2020-10-21 19:21:57

Eventyret på norsk sokkel held fram! Norsk gass for opptil 40 mrd. Kroner skal no opp. Tenk at store deler av venstresida vil sei nei til alle disse verdiane! Lik og del om du heier på norsk næringsliv og norske arbeidsplassar 👍

Jon Georg Dale
2020-10-20 19:04:09

Dagens debatt mot klima- og miljøministeren. FrP vil vite kor mykje pengar regjeringa bruker på klimatiltak og kor sterk effekt dette har for å redusere dei globale CO2-utsleppa. Rotevatn seier at regjeringa ikkje veit, men at det har vorte satt ned eit utval som vil gi betre svar på dette i 2023(!) Det skal altså gå tre år til før vi veit om politikken som blir ført og som truleg kostar norske skattebetalarar milliardar i året faktisk fungerer. Dette er ein totalt uansvarleg måte å forvalta pengane til skattebetalarane på, og i FrP krev vi no ein full gjennomgang. Kva...

Jon Georg Dale
2020-10-20 07:53:11

Dette er heilt sprøtt! Ingen veit kva klimapolitikken koster, eller om den fungerer. Dette må du rett og slett lese og deretter dele!

Jon Georg Dale
2020-10-19 19:23:17

Fremskrittspartiet er det einaste partiet som ikkje har kjøpt premissa til MDG og venstresida om at klimapolitikken må smerte for industrien og koste innbyggjarane våre dyrt. Vi må ha slutt på at kostnader i milliardklassa blir kasta etter dyre og ineffektive symboltiltak. Vi må rett og slett ta fornufta tilbake og behandle skattebetalaranes pengar med respekt!

Jon Georg Dale
2020-10-19 10:44:57

For eit år sidan fekk eg enormt med kritikk fordi eg sette i gong eit prøveprosjekt med «rett fart på rett veg» Eit år seinare ser vi at når ein har fartsgrense som virkar rimelege for folk, ja så respekterer folk også fartsgrensa... Lita sak, som skapte stor oppstuss. Erfaringane etter eit år: Det lønner seg å tørre å utfordre det etablerte! Jobben framover no blir å få i gong vegbygginga som regjeringa har avlyst etter FrP gjekk ut av regjering. 🚙🚧

Jon Georg Dale
2020-10-17 20:26:26

Dagens tale til landsmøte! Eg tok opp viktigheita av norsk olje- og gassproduksjon, og ei klar oppmoding til LO om å no lausrive seg frå Ap si dulling i klimapolitikken som set norske arbeidsplassar i fare. I tillegg var eg innom viktigheita av tiltak for verftsindustrien og norske sjøfolk! Sjå heile tala her👇🏻

Laster...
Laster...