Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2018-02-21 13:03:38

I tre dagar er eg på rundreise i fjellregionen. Eg møter fantastiske føretak, menneske og dyr og får smake meg gjennom Matnasjonen Norge. I dag er eg på tur i Østerdalen og Gudbrandsdalen, og her kan du sjå inntrykk frå møtet med Røros og reindrifta i går.

Jon Georg Dale
2018-02-19 21:14:41

I dag vart norske restauranter heidra med stjerner i den prestisjetunge Michelin-guiden. Nystarta GaltOslo vart heidra med ei stjerne etter kun 5 månader drift! Rett og slett imponerande. Totalt fekk fem norske restauranter ei stjerne kvar, medan Maaemo fekk 3 stjerner. Gratulerer til alle som vart heidra!! ✨✨✨

Jon Georg Dale
2018-02-16 15:20:28

Neste veke reiser eg på tur til Østerdalen, Gudbrandsdalen og Oppdal. Etter mange gode tips til stader å besøke, har me no fått til eit skikkeleg bra program. Takk for innspela! Håpar me sjåast på tur 😁🚙🚜👍🏻 Her er programmet for turen:

Jon Georg Dale
2018-02-16 12:03:13

No har vi plukka ut 3 av innspela til turen neste veke. Sjå filmen om eit av dei er dine tips. 😁 Eg gleder eg meg til tur! 👍🏻 Takk for gode innspel.

Jon Georg Dale
2018-02-15 19:05:03

Tusen takk for mange gode forslag! Utruleg artig med så god respons. 👏🏻👏🏻👏🏻 Å bestemme reiseruta vert eit vanskeleg val. Følg med på sida mi i morgon kl 12, så tek vi ei direktesending og lanserer reiseruta. Vi sjåast!

Jon Georg Dale
2018-02-14 22:11:00

Statens naturoppsyn gjer ein viktig og god jobb med å handtere situasjonen i Nordfjella. Nok ein gong har dei bidratt til å halde kontroll på ei krevande hending.

Jon Georg Dale
2018-02-14 16:16:50

I Noreg skal vi ha god dyrevelferd og trygg matproduksjon! No skal svinenæringa rydde opp. Det blir fleire besøk og tilsyn hjå svineprodusentar i heile landet og næringa vil stille større krav til bøndene for å forbetre dyrevelferda i grisehaldet. Dei som ikkje kan ta vare på dyra sine, har vi ikkje plass til i norsk husdyrproduksjon.

Jon Georg Dale
2018-02-12 15:28:34

No treng eg di hjelp til neste tur 🐖🐓🐑🐂🌲🍅🧀🍓🥔 Den 19.-22. februar skal eg på tur! Reiseruta vert Røros-Tynset-Alvdal-Folldal-Lesja-Vinstra-Oppdal, har du forslag til besøk skriv i kommentarfeltet! 🚙🚜 Sjå filmen for meir info. Lik og del slik at eg får inn flest og best mulig tips! 👍🏻😁

Jon Georg Dale
2018-02-07 16:30:00

I Noreg gjer vi ein omfattande og viktig jobb for å forsøke å utrydde dyresjukdommen CWD. Dette gjer vi for å hindre at den spreier seg i Noreg og vidare til Europa. EU peikar no på Noreg i den vidare oppfølginga av CWD, fordi vi sit på mykje kunnskap og verdifull røynsle.

Jon Georg Dale
2018-02-06 15:35:17

Lihkku beivviin. Gratulerer med samefolkets dag! :D

Jon Georg Dale
2018-02-05 19:10:10

På Varhaugmøtet sist veke møtte eg fleire hundre bønder og landbruksinteresserte. Eg setter pris på direkte tale og tilbakemeldingar, det fekk eg på Jæren. Protester når dykk må, men samarbeid når det er grunnlag for det. Sjå talen min frå møtet her: Foto: Fredrik Refvem/Aftenbladet

Laster...
Laster...