Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2021-01-15 15:47:01

MDG vil stenge bilen ute av Oslo. Hinsides all fornuft seier vi i FrP, kva meiner du? Uformell måling her: Einig med FrP trykk 👍🏻 Einig med MDG trykk 😡

Jon Georg Dale
2021-01-14 12:36:36

Norge har ikkje ei eiga atmosfære. Vi redder ikkje klimaet ved å flytte vår oljeproduksjon til Midtøsten, eller vår industriproduksjon til Kina. Er du einig med FrP så kan du gjerne dele denne!

Jon Georg Dale
2021-01-11 15:30:43

Norges Lastebileier-Forbund treff spikaren på hovudet. Auka kostnader på transport vil svekke norske bedrifter si konkurransekraft, og sette norske jobbar i fare. Kvifor skal vi øydelegge for norsk transportbransje å gi arbeidet til bedrifter i aust-europa? Her er FrP og transportnæringa heilt einige. Kva meiner du?

Jon Georg Dale
2021-01-10 10:11:59

Ingen veit kva klimaplanen vil koste, men Arbeiderpartiet og SV krev fleire tiltak... Politikk må bygge på kunnskap, ikkje overbud av politiske symbol. Arbeidsplassar kan bli sett i fare, og AP,SV og regjeringspartia veit ikkje om tiltaka vil virke ein gong. Det blir ein krevjande vår...

Jon Georg Dale
2021-01-09 16:32:11

Denne frå Ketil Solvik-Olsen er verdt å lese. Del den gjerne du også!

Jon Georg Dale
2021-01-09 10:10:44

Auka avgifter for ein flybransje som er nede for telling etter Covid19? Einaste måten å sleppe avgifta på er å kjøpe ein teknologi som ikkje er tilgjengelig. No varslar Arbeiderpartiet støtte til regjeringas forslag... 🤦🏻‍♂️

Jon Georg Dale
2021-01-08 19:17:10

Dagens tredje debatt om den nye klimaplanen til regjeringa. I debatten skryt klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn av at dei no vil ha like høge klimaavgifter på norske arbeidsplassar som MDG. Tenk at ein statsråd i ei regjering med Høgre i førersetet er dei som innfører MDGs klimapolitikk for norske bedrifter... Det er rett og slett heilt absurd.. Einig?

Jon Georg Dale
2021-01-08 13:59:16

Kva meiner du?

Jon Georg Dale
2021-01-06 20:59:03

I fleire tiår har mange frykta at radikale krefter og terroristar skulle klare å destabilisere det politiske styret hos vår næraste allierte USA. Aldri hadde eg trudd at den som skulle kome nærast med å lykkast var USAs president. Bilda frå DC er urovekkande og skremmande. Demokrati kjem ikkje av seg sjølv, det ser vi dessverre akkurat no.

Jon Georg Dale
2021-01-04 16:20:01

Rett fartsgrense på vegane gir større respekt blant bilistane, og har ikkje auka ulykkene. Stikk i strid med anne påstandar og anklager på førehand. Fagfolk og forståsegpåarar tok med andre ord feil. Av og til er sunt bondevett minst like bra. Heldigvis turte vi å bruke det når FrP sat i regjering. 🚦

Jon Georg Dale
2021-01-03 16:47:55

Slike dagar 🤩 Nyter siste timane før arbeidsåret 2021 startar på.

Jon Georg Dale
2020-12-02 19:02:33

I eit spørsmål frå FrP tidlegare i haust avslørte klima- og miljøministeren noko heilt sjokkerande. Regjeringa veit ikkje kostnadene eller utsleppseffekten av klimapolitikken dei sjølv fører! I dagens spørretime spurde eg derfor Sveinung Rotevatn om vi no kan forventa vesentleg betre kostnadskontroll og analyser i klimapolitikken framover. Eg vart dessverre ikkje noko klokare av desse svara, vart du?

Jon Georg Dale
2020-12-01 20:13:23

Vi trygger arbeidsplassar i maritim sektor, får fart i anleggsbransjen og tryggar arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien og dagligvarehandelen. Vi reduserer eigenandeler, bygg 1000 nye sjukeheimsplassar og aukar minstepensjonane med tusenvis av kroner. Vi strammer inn innvandringspolitikken og bruker pengane på å bygge landet. Og rosinen i pølsa for oss sunnmøringar: etter 20 år med utredningar starter vi bygginga av Stad skipstunell. Vi skulle gjerne komt lenger, men i ei krevande tid for landet må vi sette norske arbeidsplassar og tryggheit for folk først. Derfor er det rett å støtte ein budsjettavtale.

Jon Georg Dale
2020-11-27 21:33:59

Dette argumentet sto seg godt i klimadebatten! Litt meir pinleg her.. Jaja, det gjeld å ikkje ta seg sjølv så høgtideleg, God helg! :D

Jon Georg Dale
2020-11-26 19:59:00

NHO er einig med oss i FrP! No er tida inne for å trygge norske arbeidsplassar. Vi kom langt når vi redda oljebransjen i vår. No står arbeidsplassar i maritim industri, dagligvarehandelen og entrepenørbransjen for tur. Regjeringa bør lytte til FrP, og slik sikre tusenvis av arbeidsplassar i heile landet. Del gjerne om du vil bidra til å auke presset så regjeringa kjem FrP og næringslivet i møte.

Jon Georg Dale
2020-11-25 19:17:05

Då er det stadfesta. Elektrifisering av sokkelen har udokumentert klimaeffekt. Regjeringa veit ikkje kva det kostar, og heller ikkje kor mange hundre om ikkje tusenvis av vindmøller som må byggast ut for å dekke kraftbehovet. Kor mykje aukar straumprisen med? Nei, det veit dei heller ikkje. Men elektrifisering skal dei ha, både regjeringa, Ap, Sp og Sv. Trur du meg ikkje? Sjå videoen og døm sjølv!

Jon Georg Dale
2020-11-24 12:38:43

Kvifor vil Ap, Sp og Sv elektrifisere norsk sokkel når det utvilsomt vil gje massiv utbygging av vindkraft, auka straumpris og ingen kutt av globale klimagassutslepp? Les meir om kvifor FrP vil skrote dyre symbol i klimapolitikken her!

Jon Georg Dale
2020-11-20 18:50:10

For andre gong i dag i NRK til ny klimadebatt i Dax18 om elektrifisering av sokkelen mot MDG og Norsk olje og gass. FrP er mot politisk styrt elektrifisering fordi det gir: - Ny storstilt utbygging av vindkraft - Høgare straumpris for industri og folk flest - Ingen dokumenterbar global klimaeffekt Dette er ikkje lause påstandar, men ei kort oppsummering frå kva regjeringa sjølv seier. Heile svaret kan du lese her: https://www.regjeringen.no/no/statsbudsjett/2021/statsbudsjettet-2021-svar-pa-budsjettsporsmal/id2765700/?expand=2771818&page=154

Jon Georg Dale
2020-11-20 08:03:42

Starta dagen med klimadebatt mot KrF. Etter å ha hausta fruktene av tiår med oljeproduksjon i tallause krisepakkar til bedrifter og folk flest siden pandemien kom til Norge, er takka frå KrF å drive klappjakt på oljenæringa som har gjort velferdssamfunnet vårt mogleg. På toppen av det heile kan dei ikkje eingong svare på kor mykje dette vil redusere dei globale utsleppa. Det er til å bli matt av! Eit flertal av dei borgarlege regjeringspartia vil no Norges viktigaste næring til livs. Eg fryktar at slike konstante angrep på oljenæringa frå fleire regjeringsparti dempar investeringsviljen på sokkelen. No må vi...

Jon Georg Dale
2020-11-19 12:03:55

Oljeskattepakken frå FrP begynner å virke og investeringane tek seg opp!

Laster...
Laster...